fredag 10. juni 2011

Helg

No er det fredag og endelig helg ;) Langhelg til og med... På søndag reiser Odd heim for å vere heime ei veke ilag med storebrorane - før alle sammen kjeme hit til Hamar - gleda meg masse til å sjå dei igjen! I går var Oskar kjempeflink til å trene, i dag har han vore litt meir stressa... Han har hatt antydning til litt feber, so det spørs om det er det som gjere det. Vi har vore ein liten tur bortom sjukehuset på Hamar og fått tatt blodprøver i dag - og dei var heilt fine - so då har vi litt is i magen og håper at det gir seg snart :)

Her er nokre bilde frå treninga dei siste to dagane :

Sjå kor flink eg er til å ligge heilt rett og holde meg i ringane!!!


Mamma tøyer beinet mitt, desse passive tøyingane skal hjelpe mot spasmene mine :)

Eg kan faktisk sitte på potte når eg får litt hjelp - i dag har eg til og med tissa!!! Då sang Elisabeth til meg etterpå fordi eg var so flink :)


Vi avslutta treninga i dag med å male på sjablongar og trykke sommarfuglar - då var eg so sliten av treninga at eg fekk lov til å sitte ilag med mamma. Sjå det fine bildet som vi skal henge opp når vi kjem heim!!!!

Det skal bli godt med ei lita trenigspause no i helga, men vi er spenn klar for å starte igjen på tirsdag! Eit eller anna kjekt må no vi finne på i helga også...kanskje det kjem nokre bilder her etterkvart????

1 kommentar:

  1. Kjempekjekt å sjå bilder frå dåkke,og du har ein interessant blogg Sissel. Flott! God lykke vidare i oppholdet på Hamar!!

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)