onsdag 8. juni 2011

Hamar og petø-senteret

No har vi begynnt å finne oss godt tilrette her på Hamar og har blitt litt kjent med dei andre som bur her - må berre seie at det er mange sterke, flotte og flinke foreldre til barn med spesielle behov som eg "tar av meg hatten for" <3 Eg trur dei fleste finn ei styrke i seg sjølv som ein ikkje var klar over at ein hadde og som andre kanskje trur at dei ikkje har - men som kjem når du treng den!

Habiliteringspedagogane her er kjempeflinke med barna og gjer ein fantastisk jobb - eg vil tru at dei søve godt om natta - for dette må vere ein krevande jobb... Oskar har sakte - men sikkert - blitt litt roligare på treningane iløpet av desse tre dagane, frå å skrike seg nesten gjennom den heile første dagen har han no perioder der det er ganske greit å trene - og han kan til og med smile og flørte med dei som har treninga ;) Han har både i dag og i går trena på å sitte og stå sjølv - og har til og med satt på potte! Han brukar hand- og fotskinner som gjer at hendene og føtene blir avstiva slik at klarer å stå sjølv. Treninga er så pass intensiv for oss voksne også - at det er ikkje så mange bilder eg har fått tatt enno.


Eg ligge på golvet å gjere meg klar til å sitte på potte - på hendene har eg skinner som gjer at eg klarer å strekke fram hendene og holde meg fast :)

Eg står ilag med pappa og held meg i ribbeveggen, bamsen følger med ;) På føttene har eg også skinner som gjer at eg klarer å strekke føtene skikkelig ut og kan stå på føttene med sko på.

Vi har hatt besøk av ein hjelpemiddel-leverandør i dag - so no har vi fått bestillt ortoser til både hender og føter. Vi har også bestillt skinner til å ha framme på hendene slik at Oskar kan klare å få tommelen ut frå handa og lettare kan klare å holde seg fast. Desse ser det ut som han skal få levert her før vi skal resie heim. So no skal vi slappe av og nyte resten av dagen før det er knall hard trening igjen i mårgå - og vi skal til Kathrin og familien og ete middag i mårgå også (noko vi gleda oss veldig til).

6 kommentarer:

  1. Tek av meg hatten for både små og store heltar:)

    SvarSlett
  2. <3 knuseren er han!! Godt å sjå han smiler oppi alt:) Tøffe liten kropp og ikkje minst foreldre <3 Klem Anett

    SvarSlett
  3. Kjempekjekt å sjå at det går bedre med treningsøktene. Vi gler oss masse til dokke kjem på besøk i morga :) Klem fra Kathrin

    SvarSlett
  4. Blir glad langt inni sjela av dette <3 ..og dette er berre starten! Sender mange gode tankar fleire gonger om dagen til dåkke. Stå på! Klem Maiken

    SvarSlett
  5. Kor spennande altså! Blir mange "første ganger" i desse vekene. :) Klem!

    SvarSlett
  6. Kor spennande! Blir mange "første ganger" i desse vekene. :) Klem!

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)