søndag 12. juni 2011

Oskar forstår

Vi  får stadig tegn på at Oskar skjønna veldig godt kva vi seier til han <3

I dag har eg fått bekrefta tre gongar at han skjønnar kva hadet betyr - først skulle vi seie hadet til pappa-en, Oskar begynnte å gråte og tårene rant so eg måtte trøste....den andre gangen sa vi hadet til ein gut på den andre fløyen her og igjen begynte lippa å bevre og tårene å renne....den tredje gangen sa eg det når han berre tulla og ikkje ville legge seg - og igjen kom surelippa og tårene... Misforstå meg rett : det er ikkje kjekt å sjå at han grete - men gud kor deilig at han skjønnar kva vi meinar!!! Kjenne at hjertet mitt omtrent svulma når eg kan få ein bekreftelse på at han forstår oss :)

Han har også skjønt korleis han skal gi uttrykk for at mora ikkje skal konsentrere seg om noken andre enn han...hehe.... Eg egentlig aldri tenkt so masse over det før ei anna mamma sa til meg i dag at det er heilt tydelig at han ikkje vil at eg skal snakke med andre... Kvar gang eg pratar med andre skal han overdøyve meg... Eg pratar med noken og då begynner Oskar å "prate" eller rope...luringen....Vist eg då konsentrerar meg om han - er han såre fornøgd :) Men gud hjelpe meg om eg snakkar med noken igjen - då tar han laust... For meg som har ein liten gut som ikkje kan å snakke slik som andre barn er dette musikk i øyrene! Men også eit lite tegn på at minsteprinsen er godt bortskjemt ;)

I kveld har han "prata" i vei nesten heilt til han sovna....so godt å høyre lyd av han som ikkje er gråt! Fleire gangar klarte han å forme ma - ma som eit ord, eg veit ikkje om det er tilfeldig eller ikkje - men godt å høyre er det uansett!!!

Natti-natt frå Hamar :)

1 kommentar:

  1. Godingen vår<3Sjå ikkje vekk i frå at han seie ma-ma:)Kjekt det går fint med dokke.Ei god natt og håpe på mange små framskritt i dagane som kjem<3

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)