torsdag 31. mai 2012

Nyklipt store gut :)

Oskarguten vår har begynt å bli stor gut,
til sommaren blir han heile 3 år -
og jammen vart han tøff med ny sommarsveis ;)


Klar for klippings ;)
Mamsen må ha på frisørkappe også :)


Denne maskina var litt skummel...
men Ingvild gjorde ein super jobb,
og klipte veldig kjapt :)


Tøffing med hanekam og blått hår!


Veldig fornøgd Oskar :))))
Han kom med surelippa når eg spurte om eg skulle
klippe han - og smilte godt når eg spurte om han
skulle til frisør, så ingen tvil om kva guten ville!

Så no kan sommaren berre komme tilbake -
og nordavinden forsvinne -
for vi er klar!

Ha ein strålande ettermiddag alle sammen :)

Klem frå Sissel


søndag 27. mai 2012

Pinsehelg & sommarkos

Herlig her på vestlandet no med utrulig
flott veir :) Nesten litt for varmt for prinsen -
men vi har kosa oss mykje ute -
og tatt pauser inne når det har blitt for varmt :)


Herlig med nakne føter i tørr sand :)



På trilletur med assistent -
mange søte sauer og lam ute



Is-servering i bilen ;)
nam - nam!



Storebror Ulrik har fått ny trampoline til bursdagen -
og Oskar og bestisen får låne den :)
Sondre hoppar ivrig og då hoppar Oskar også ;)
Ein favoritt for tida dette!



Og i dag fekk vi båten på sjøen -
Oskar storkosar seg i båten :)
Her - litt mammakos ;)


Blå himmel og sol!



Er imponert over kor flink Oskar har blitt til
å trene - fysioterapeut, assistentane og pedagogen
har virkelig evna til å få fram det beste i han -
her slår han på tamburin :)))


Full konsentrasjon!


Og artig er det også.
På t-skjorta står det : "Jeg trener petø!"
PTØ sine heimesider finn du HER

I mårgå er vi klar for grillings på Eidså :)

Klem frå Sissel

fredag 25. mai 2012

Samtalebok

Fekk ein god ide av ei bok som vi såg på
PTØ-senteret som ei jente hadde med seg :)

Så no har vi laga samtalebok til Oskar -
kombinasjon av bilde, tekst og ask-symbol!


Her er bilder frå forskjellige ting Oskar har vore med på -
vi lagar til frå heime, feriar, besøk mm.....


....og barnehagen lagar til frå kva han gjer på der -


- dette gjer det enkelt for både oss og barnehagen å
finne ting å snakke med Oskar om -
eit bilde seier ofte meir enn 1000 ord og Oskar får også
lære seg nye ask-symbol :))))

Vi driv med ordbading no - og dette er til god hjelp -
i tillegg syns Oskar det er kjempekjekt å kikke i bøkene
ilag med både oss og personalet sitt.

I tillegg må eg legge til litt skryt :
For eg kan ikkje få takka personalet til Oskar nok
for det fantastiske engasjementet dei har i jobben sin!
Dei er så utrulig engasjerte, villige til å lære og
flinke med Oskaren vår!
Og eg veit at Oskar er kjempegla i dåkke alle :)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Sissel



onsdag 23. mai 2012

Nyebilen :)

Då har Oskar blitt bileigar i ein alder av
2 år og 10 mnd...skulle egentlig ønske at han
heller eigde ein trehjulssykkel som han kunne
"ræse" rundt på - men når ting er som dei er -
er denne til stor hjelp :)


Kjempefin - og selvfølgelig BLÅ :)
Oskar er veldig bevisst på at dette er HANS BLÅ BIL ;)


Turney-sete som kan snuast ut av bilen og heisast
ned dersom det er behov for det -
gjer det mykje enklare å sette Oskar inn i bilen!
Han har eit framovervendt Besafe-sete som
er handikapptilpassa - men ser ut som eit ganske
vanlig bilsete.


Rampe bak som gjer det lettare å få med hjelpemidla til Oskar -
vi har søkt om vogn som er krasjtesta og kan brukast i bilen
fram til han får rullestol.


Rampa er selvfølgelig godt sikra under køyring -
men skranglar litt når det humpar i bilen ;)

Alt i alt er vi veldig fornøgde med bilen - og
reknar med at den vil gjere kvardagen litt meir praktisk
tilrettelagt for oss - men ser allereie at vi treng større
bil neste gang...

Håper dåkke har hatt ein strålande dag i sola -
det har i alle fall vi ;)

Klem frå Sissel


lørdag 19. mai 2012

Herlig ferie - del 3 (safari zoo)

Vi fant ut at vi måtte gjere noke anna enn
å bade og shoppe på ferie, så på søndagen hadde
vi oss ein tur på Safari Zoo :)



Kjempekjekt for alle tre gutane -
men nesten kaos når vi kom fram og oppdaga
at eg hadde gløymt igjen sondesettet til Oskar
i leiligheta då eg pakka stelleveska før vi reiste....
kjente at eg nesten fekk litt panikk...



Oskar skal ha mat til faste måltid gjennom heile
døgnet - og det var klart for nytt måltid då vi kom fram...
...men tok ein sjanse og beit eit større hol i saftflaska hans -
og prøvde å få i han maten - til slutt fant vi ein teknikk som
fungerte og vi kunne tillate oss og kose oss nokre
timar før vi reiste tilbake :)))



Vi køyrde i eit ope tog som gjorde at vi kom tett
på alle dyra - Oskar var stor i augene og fekk sett mange
forskjellige dyr :)



Togføraren stoppa opp og mata mange av dyra
slik at dei kom heilt inntil toget



Etter togturen rusla vi litt rundt i ein liten dyrepark og
Oskar fekk til og med kose med ein liten reveunge :)

Deilig dag for store og små :)
og det siste Mallorcainnlegget...
....til neste gang vi tar oss en tur,
for eg trur ikkje dette var den siste gangen ;)

Klem frå Sissel



fredag 18. mai 2012

Herlig ferie - del 2 (bilderas)

Rett og slett litt bilder frå ferien,
lar dei "snakke" for seg sjølv ;)














Ha ei strålande helg!

Klem frå Sissel


onsdag 16. mai 2012

Herlig ferie - del 1 :)

No har vi komt heim etter ei deilig veke på Mallorca
med 25 grader og sol kvar dag :)
Jammen har vi kosa oss -
vekk frå kvardages mas og kjas - alle mailar,
telefonar, ting som skal ordnast opp i :)



Vi har berre vore oss (+ ei kjekke syste) ei
heile veke :)))
Bedre enn det trur eg ikkje at det blir!


Oskar har vore gla og lykkelig no når han
har fått brukt caps og solbriller ei heil veke :)
Litt snufs og hostete (fullt av basseluskar på flyet) -
så det vart ikkje så mykje bading -
men han har kosa seg allikavel :)



Turen nedover til Mallorca gjekk veldig fint,
Oskar var stort sett i godt humør og sjarmerte dei
fleste han traff ;) Litt skummelt å sitte i tumbleformsetet under
letting og landing - men det gjekk bra til slutt.

Leiligheta var kjempefin, servicen bra - og
heile området godt tilrettelagt for vogn (og rullestol om ein skal ha det)
Alle tre gutane kosa seg masse - og dette
blir nok ikkje siste gangen ;)

skal vise fleire bilder ein annen dag - men her vart vi
klar over at det er 17.mai i mårgå og held på å vaske
klede for harde livet :) Så eg får ta det igjen ein annen dag :)


Må berre seie TUSEN TAKK til kjekke tante Jeanette
som var med på å gjere turen mulig for oss :)

Klem frå Sissel

mandag 7. mai 2012

Verdens beste Ulrik er 8 år :)

I dag er storebror Ulrik heile 8 år!
Tenkt av spilloppmakaren vår har blitt så stor :)



Bursdagen vart feira med full rulle og 18 kompisar
på bursdagsfest på fredag :)
Kjempekjekt!
Familieselskapet tar vi igjen litt seinare -
for her har vi bursdagsgutar i både
mai - juni og juli -
så vi samlar opp litt :)))

Bursdagskake med "isfres" på (ana ikkje kva det
heite egentlig) - men vi klarte i alle fall å starte
brannalarmen og måtte bruke bursdagskorta til
å vifte med for å få stoppa den ;)



Om eg skal beskrive Ulrik med 3 ord må det vere :

* glimt i auge
* omsorgsfull
&
* kreativ

Rett og slett verdens beste Ulrik og ein
super storebror for Oskar og ein litt irriterande (men
super) lisjebror til Emil ;)

Gratulerer med dagen!

No er det snart på tide å finne senga -
for her skal vi stå opp midt på natta og
sette kursen mot Gardermoen :)

Klem frå Sissel



søndag 6. mai 2012

Hyttetur :)

I mangel på veir til å vere ute i -
har Oskar og største storebror laga hytte inne
i dag - stor stas for lisjebroren når storeguten
finne på noke ilag med han -
og han hadde ikkje lyst til å avslutte hytteturen for
å sitte ilag med mamma heller ;)


Kjekke kara ;)



Ballong kan ein også leike med i hytta ;)


Utrulig kor kjekt ein kan ha det med nokre stolar
og tepper ;) Dei hadde bok og musikk i hytta også.



Og peiskos på e-paden!!!

No er det full pakking til sydenturen :)
Det er ikkje lite som skal vere med -
men vi pakkar ein "nødkoffert" til å ha med
på flyet - så om koffertane skal forsvinne,
så har vi det vi treng utenom klede i alle fall,
men det kan ein no kjøpe ;)

Skal bli deilig med litt sol og varme -
og fri ilag som familie uten sjukehus,
behandling eller trening.
Så no satsar vi på ein frisk og solrik ferie -
og tippar at det kjem bilder her når vi kjem heim ;)

Ønsker alle som les bloggen ein strålande veke -
det skal forhåpentligvis vi har :))))

Klem frå Sissel


torsdag 3. mai 2012

Hopp!

Må berre vise eit par bilder til frå PTØ-treninga
på Hamar - dette var noke som Oskar syns var
kjekt :)

Oskar syns det var litt kjedelig å sitte på kne
dersom det ikkje skjedde noke - så
då fekk han hoppe nedi puta :)

KLAR -

FERDIG -

GÅ!!!!!

Det kan også brukast puter rundt han når
han sit på kne, og dersom (når) han mister balansen -
så dett han berre nedi putene -
og det er berre gøy - ikkje vondt ;)

Skulle ha laga eit innlegg om både den flotte bilen
Oskar har fått og den nye samtalepermen eg har laga -
men har ikkje fått tatt bilder enno -
så det får eg ta ein annen dag :)

Klem frå Sissel