søndag 31. juli 2011

Tumbleform-stol

Ein av dei utfordringane vi har hatt i forhold til Oskar er å klare å få han til å sitte i noko....Han har som oftast vore kjempesint når vi har plassert han i sitzi-stolen som han har ved bordet, men det ser no ut som han aksepterar det mykje betre enn tidligare. Dette er noko som har forandra seg etter at vi har vore på PTØ-trening! Heldigvis. No kan Oskar sitte ilag med oss under mesteparten av måltidet og smake på litt mat eller drikke saft - ein av dei tinga som gjer at vi føler at vi kan fungere som ei familie.

Han har no fått seg tumbleform-stol også. Vi såg fleire som hadde denne stolen når vi var på PTØ-senteret og tenkte fort at det var noko vi hadde lyst til å prøve med Oskar også. No har vi berre hatt stolen eit par dagar, men ser allereie at det fungerar bra. Denne kan han bruke på golvet når han skal leike, sitte i når han ser på tv (den kan til og med settast i sofaen, so han kan sitte ilag med oss) - vi kan ta den med oss ut og bruke den i sandkassa eller på stranda. Ein stor fordel er at den ikkje veg så mykje slik at vi kan bære den med oss eller ta den i bilen - og den kan lett tørkast av.

Kikka litt på fotografen innimellom tv-kikkinga, litt småstressa etter å ha tilbrakt litt tid i stolen - men ikkje so stressa som mamma hadde rekna med at eg skulle bli ;) Gleda meg til papsen får ordna sandkassa slik at vi kan ta den med ut når eg skal leike i den! (hint-hint)

Første "frikveld" ilag på 2 år

Dei fleste småbarnsforeldre har vel sjeldan tid til å vere ilag åleine utan barna, for vår del er det over 2 år sidan sist vi var åleine meir enn eit par timar. Det har vore vanskelig å vere vekke frå gutane lenger enn det, og då spesiellt med tanke på Oskar. I og med at han blir så stressa av andre enn oss nærmaste og må sondast og ha medisin - må den eller dei som skal ha Oskar må kunne gjere dette i tillegg til å takle at han blir både sint og lei.

Men no er eg så heldig å ha verdens beste foreldre som virkelig har stillt opp for oss opp gjennom åra, og då spesiellt det siste året! Dei har no lært seg med sondinga og hatt testsondekveld og leggekveld med Oskar før vi skulle vere vekke frå han nesten eit døgn. Og eg viste på forhånd at han ikkje kunne vere i bedre hender :)

Så vi har vore i bryllup <3 Eit fantastisk kjekt bryllup med eit vakkert og kjekt brudepar. Sjølv om det var rart å vere vekke frå gutane og eg sjekka mobilen veldig ofte - hadde vi ein utrulig kjekk dag. Vi har slappa av, dansa og kosa oss ilag med gode vennar. Vi var faktisk av dei siste som reiste heim, klokka halv fire på natta - så det var godt å kunne sove til nesten tolv på søndagen ;)

Tusen - tusen takk til mamma og pappa som passa alle gutane våre denne dagen! (det kan nok hende at vi tek ei reprise om ei stund......)

onsdag 27. juli 2011

Sommarferien 2011

16.juli, på bursdagen til Oskar reiste vi på ferie - vi har hatt nesten heilt datafri medan vi har vore vekke - og det har i grunnen vore ganske deilig... Men eg må selvfølgelig fortelle litt frå turen vår ;) Etter å ha pakka i campingvogna i fleire dagar og med forskjellige hinder på vegen, kom vi oss omsider avgårde på tur.

Det er ein del som må vere med når vi skal ha med Oskar på tur av både utstyr, mat, medisinar mm - men vi opplevde det som mykje enklare å vere på med campingvogn enn når vi nokre få gangar har overnatta på hotell når vi har vore på behandling med Oskar. No hadde vi alt lett tilgjengelig og kunne stoppe når det passa oss med ein plass der vi kunne lage til mat, gi mat i sonde og skifte bleier. Eg er i grunnen heilt imponert over framgangen Oskar har i forhold til å kunne sitte i bilsetet - frå å skrike konstant når han vi har køyrt på tur - klarer han no å vere rolig i lengre perioder medan vi køyrer....og eg trur det har noko med PTØ-treninga å gjere. Før har eg måtta halde haudet hans på plass store delar av turen (det vil seie så lenge han ikkje sov) medan han no klarer å ta opp att haudet sitt sjølv når det fell framover. Han kan ikkje holde haudet sitt så godt ellers, men med den støtta bilstolen gir klarer han seg mykje betre! Det kan nok virke som ein liten ting for andre, men for oss er dette stort! Og det gjer reising mykje lettare... Vi reiser så pass mykje med Oskar at det er mykje enklare når han ikkje blir superstressa så fort han kjem inn i bilen.

Vi har køyrt langt - heilt til Lidkjøping i Sverige - og det har faktisk gått bra :) Sjølv om campinglivet er hektisk, vil det nok vere den måten vi kjem oss på ferie dei nærmaste åra - i alle fall så lenge vi klarer å løfte Oskar inn og ut av campingvogna.


Leik i senga til storebror Emil - eg er veldig glad i hunden som eg fekk med Ann-Iren og Stig til bursdagen, den er kjempefin!

Eg ser på medan brorane, pappa og Johan spelar minigolf - kjempekjekt (eg trur dei brukar vel mange slag før dei klarer å treffe ;))

Eg og fadder/søskenbarn Johan som var med oss ei veke av ferien i Sverige.

Sonding fungerar fint i campingvogn også

Vi var ein tur på Skara sommarland og Oskar holdt ut i heile 8! timar ilag med oss. Han var stort sett fornøgd og syns det var spennande å følge med på alle rundt seg. Skara sommarland er veldig fint for småbarnsforeldre fordi der er så pass god plass at ein ikkje føler at ein står i "stampe" heile tida. Eg var heilt imponert over Oskar og brorane denne dagen - hadde aldri trudd at det skulle gå så pass bra.... Å reise på ferie er ein normal ting som vi alltid har gjort ilag med gutane våre og som dei gledar seg til kvart år, det er no tre år sidan sist på grunn av at Oskar vart fødd og fordi han var så dårlig i fjor sommar. Det var derfor deilig å kjenne at det var noko som vi klarte å gjennomføre sjølv om det var hektisk til tider....

Is smakar i grunnen ganske rart og er forferdelig kaldt....melkeprodukt er eigentlig noke eg ikkje kan ete utan av mamma veg det opp, men ein liten smak er lov ;)

Storekarane passar godt på!


Storebror Ulrik er ein racer på gokartbana!

Avslapning på armen til mamma etter ein laaaang dag

Krabbefiske i Uddevalla

Nyklippt motorsyklist ;)


Norsk veimuseum på Lillehammer - Ulrik og tante Linda testar ut med spesialbriller kva som skjer dersom ein skal gå på strek med 1,2 i promille....det vart ganske skeiv gange....


Presening og gaffateip kan vere ei grei ordning til eit alternativt fortelt for ei natt ;)


Tantefante Linda er grillsjef den siste kvelden på camping

Etter dei grusomme terrorhandlingane i Oslo og på Utøya valgte vi å ta med oss Linda (minstesystå) og sette kursen heimover - både store og små syns det var godt å komme heim til vesle Almenningen etter at dette skjedde - det føltest ikkje rett å vere på ferie lenger. Vi satsar på ein liten tur med campingvogna i august ilag med alle gutane før vi skal på nytt treningsopphold på Hamar.

I dag har vi sagt hadet til Linda som reiser til New Zealand igjen på fredag, det er like vondt kvar gang ho reise - men plutselig er du heime igjen minstesystå og tante - Oskar og tantefante vart gode vennar på campingturen! Vi kjem til å savne deg ufattelig mykje og er kjempegla i deg, men gledar oss til våren når du kjem heim på besøk igjen!



fredag 15. juli 2011

EIN HELT FYLLER 2 ÅR

16.juli 2009 vart ein liten helt født, klokka 22.23 på kvelden såg verdens vakraste Oskar dagens lys - og vi ante ingenting om kva utfordringar han skulle møte berre 8 månader seinare... Kven skulle tru at denne vesle vakre og snille guten hadde noke som ikkje var som det skulle? Dei første månadane gjekk som ein draum, han var rett nok ganske viljesterk og kunne vere irritabel til tider - men det var ingenting som vi kunne sjå som skulle tilseie at noko var alvorleg gale.

Dei siste 16 månadane har vore ein del av vårt værste mareritt, men på ein underleg måte lagar det seg ein kvardag som ein kan leve med. Det er tøft dei dagane Oskar ikkje har det bra og himmelrik dei dagane han har det bra. Eg har ikkje skreve so mykje om dei dårlige dagane fordi vi velg å sjå forbi dei og alltid tenke at det blir ein betre dag i morgon, men dei er der allikavel. I dag skal vi feire at Oskar har vore her ilag med oss i 2 heile år! Vi er glad for kvar einaste dag av dei to åra og håpar at vi skal få feire mange fleire slike merkedagar! Livet blir så utruleg verdifullt når ein veit kor skjørt det er...og ein set so mykje meir pris øyeblikka det gir oss.





Men det er det ikkje rom for å tenke meir på det i dag - i dag gledar vi oss over at han er her ilag med oss og at han med ein viljestyrke uten sidestykke kjempar seg gjennom dagane. Eg hadde forstått om du ga opp Oskar, men eg er så uendelig takknemmeleg for at du ikkje gjer det! Du er ilag med brorane dine det vakraste trekløveret eg som mamma kan tenke meg. Eg trur at vi ilag kan klare alt vi vil - og den trua har eg tenkt å leve etter!

I dag skal vi reise på ferie - så det blir ikkje så mykje bursdagsfeiring på dagen din - men vi skal kose oss ilag i to veker på tur og gledar oss til det. Det blir spennande å sjå om du likar å vere på tur i campingvogn og korleis det vil fungere - vi satsar på at det blir kjekt. Om det er opp til meg skal det ikkje bli ei einaste blodrpøve eller intravenøs på deg desse to vekene Oskar - det kryssar vi fingrane for <3



GRATULERER MED DAGEN HELTEN VÅR VI ER SÅ UENDELEG GLA I DEG!


torsdag 14. juli 2011

Blir vi klar til ferie?

Dei siste vekene har vore litt kaotiske her i heimen med oss....Vi har plagast ganske mykje med ei lekkasje i campingvogna som vi kjøpte for å kunne ta med Oskar på ferie. Og i går streika bilen, sjølv om vi nettopp har hatt den på reperasjon.

Vi begynte ganske fort å spekulere på korleis vi skulle klare å ta med Oskar på ferie og før jul kjøpte vi oss ei gammal campingvogn som vi har tenkt å bruke til det - då vil alt ha sin faste plass og vi kan klare å få med oss alt vi treng på tur. Dei gangane vi har vore f.eks til Oslo på ferie og har overnatta på hotell har det vore eit skikkelig plukkverk å få det til å fungere. Vi har gjerne vore 8 gangar ut i bilen før vi har klart å få med oss alt inn, så har ein problematikken med at Oskar skal sove og er vàr for lydar eller uro i rommet. Det har som regel enda opp med at vi har måtta lagt oss samtidig alle mann - og det er litt kjedelig både for foreldra og dei andre to gutane våre. Når vi har ei campingvogn håpar vi at vi kan legge Oskar, sette på babymonitoren og tilbringe litt "åleinetid" ilag med dei andre to.


Det har til tider sett veldig lite lovande ut med takluka i campingvogna - Odd har prøvd å fikse det 2 gangar, men vatnet har allikavel rennt inn....no har vi bestillt ei ny takluke som forhåpentligvis kjeme i dag og satsar på at det blir bra når vi får den på plass :)

No ser det ut som om vi skal klare å få ordna vogna før vi skal på tur og bilen er fiksa - og vi er veldig spent på korleis det går. Dette blir eit prøveprosjekt for å sjå om vi klarer å reise på ferie - men eg er av den formeining at ein klarer det ein vil. Så på bursdagen til Oskar set vi oss i bilen og kryssar fingrane for at alt går bra. Vi velg å le litt av heile greiene og tenker at det ordnar seg heilt sikkert :) Ein kjem ganske langt med galgenhumor i den situasjonen vi sit i ellers - så det hjelp ikkje å grave seg ned - men gå på med godt mot og satse på det beste! Det skal i alle fall bli inderlig godt å komme seg litt vekk heimafrå uten noken planlagde sjukehusbesøk, behandlingar eller trening!

I går kveld hadde mamma og pappa testkveld på å sonde og legge Oskar - og det gjekk egentlig over all forventning - han hadde vist vore blid som ei sol, det hadde ikkje vore problem å sonde han og han sovna fort....i motsetning til korleis kveldane brukar å vere ;) Så no er eg og Odd spenn klar for bryllupsfeiring til eit vennepar i slutten av månaden i trygg forvissing om at mamma og pappa klarer å passe alle 3 gutane! Vi har til og med fått lovnad om å få sove fram på dagen etterpå begge to og det er leeeeeenge sidan sist!



tirsdag 12. juli 2011

Leiker

Det er ikkje alltid så enkelt å finne leiker til Oskar som han har glede av og kan bruke, men i år må eg berømme dei som har kjøpt leiker til bursdagen hans for at dei har truffe blinkskudd alle sammen :) I dag har Oskar også fått nye leiker frå hjelpemiddelsentralen til møneknappen sin. Denne fungerar kjempefint for Oskar, han ligg på sida og då klarer han å trykke på knappen sjølv.

Litt vanskelig å sjå, men den mørkeblå brytaren bak handa til Oskar er ein mønebrytar. Denne fungerar mykje betre enn vanlige brytarar for Oskar.

Masse nye og kjekke leiker ;)

Denne bana som vi fekk frå hjelpemiddelsentralen i dag var kjempekjekk. Dalmantinerhundar renne ned silebana og so styrer Oskar trappa med knappen slik at dei kjem opp på toppen igjen. No ligg faktisk Oskar heilt avslappa bort på golvet å leikar seg heilt åleine - og det er ikkje ofte det skjer! Trur det at han kan gjere det sjølv gir ein fantastisk meistringsfølelse for vesle prinsen vår <3

Papegøya har Oskar fått med pappa-en, den hermar etter dei lydane som Oskar lagar og kan synge "Happy birthday". Kyllingen er også ei leike som kan styrast med mønebrytar.

søndag 10. juli 2011

Vanylvsråkk og bursdagsfest

Vi har hatt ei kjekk og hektisk helg, først var vi på Vanylvsråkk på fredag - eg og storegutane, det var ein kjempeopplevelse, spesiellt for Ulrik! Eg har ikkje sett på maken til konsertdiggar i heile mitt liv....Når Madcon gjekk på scena var det som om heile guten berre vart sett i fyr og flamme! Han sat på skuldrane mine mykje av konserten, og når mora vart for sliten lånte han skuldrane til onkel Ronny...og når han ikkje klarte meir fant han seg ein ungdom som løfta han opp - Ulrik rocka skikkelig ;) Det største høgdepunktet var når han fekk komme opp på scena - og jammen begynte han å danse! Yosef fekk låne hatten hans, og Ulrik trur eg ikkje har vore så nær "himmelriket" før.... Du kan no berre sjå bilda :

Ulrik er heilt i 100!!!

Madcon

Ulrik på scena ilag med Yosef

Ulrik diggar!!!!

Ulrik får autograf på hatten sin

Emil hadde fått seg plass heilt framme med scena, så han såg eg ikkje så mykje til før konserten var over - men han hadde hatt det kjempekjekt og dansa i tog med Yosef nedom scena! Ein kjempeopplevelse og eit flott arrangement - dersom du har sjansen vil eg så absolutt anbefale Vanylvsråkk for både store og små neste sommar!

I dag har vi hatt familieselskap her heime, eg har ikkje heilt oversikta over kor mange vi var - men det var nok i alle fall 35 stykke med stort og smått - kjempekjekt! Vi brukar å feire alle gutane samtidig fordi dei har bursdag 3 månader på rad - og når vi har så stor familie er det greit å slå det sammen syns vi. Ulrik vart 7 år i mai, Emil vart 12 år i juni og Oskar blir 2 år på lørdag neste helg. Oskar nekta å sove middag i dag, men det gjekk no greit allikavel. Vi har hatt god hjelp med kakebaksten - tusen takk til mamma, Linda og Sølvi som ordna kakene! Og hipp, hipp hurra for bursdagsgutane våre - vi er kjempegla i kvar og ein av dei!

Bursdagskake frå bakeriet (Turid er kjempeflink til å lage kaker) Og det måtte selvfølgelig vere Manchester Unitedkake!

Klar for fest - trøtt og svett

Vi må selvfølgelig blåse ut bursdagslysa

Masse folk = masse sko i gangen

Oskar kosa med baby :)



fredag 8. juli 2011

Ståstativet

Oskar har vore utrulig flink i ståstativet i dag - snudd haudet frå side til side og klart å rive ned treklossetårn, eg og Therese var enige om at so flink har han aldri vore før ;)

Først den eine vegen.....

.....så den andre vegen.....

Så klarte eg jammen det å rive ned tårnet :)

Oskar har ein ståpåvilje uten sidestykke og vi er uendeleg stolt av at du aldri gir opp!!!! I kveld skal pappa-en og Oskar kose seg heime medan eg og storegutane skal på Madconkonsert på Vanylvsråkk - det gledar vi oss til ;)

onsdag 6. juli 2011

Sol og sommar

Ein deilig dag går mot slutten - rart kor fort ting skiftar her i heimen med oss.... I dag har Oskar vore i ganske godt humør (ting går litt på halv åtte innimellom, men det er berre sånn det er) og vi har prøvd å nyte denne flotte sommardagen til det fulle! Både eg og Ulrik er ganske solbrente, men sånn er det når kroppen knapt nok har sett sol tidligare i år ;)

Verdens beste pedagog Therese er heime med oss no når det er vannkoppsmitte i barnehagen og i dag har ho og Oskar kosa seg ute - her er Oskar djupt konsentrert om boklesinga :) (eg har fått lov av Therese til å legge ut bilde av henne på bloggen)


Oskar kosa seg i bassenget - var ganske sur når han ikkje fekk bade lenger, men vatnet var iskaldt...

Tantefante (Linda) og storebror Emil leika ilag med meg

To gode venna kosa seg på terrassen med chips innimellom badinga

Mammakos <3

Tur i fjæra - og jammen kom det ikkje ein diger turistbåt også ;)

Kveldsmat i det fri - litt stressa

Det er ingen fisk - det er tøffaste storebroren - han og papsen var dei einaste som orka å bade i den iskalde sjøen. Vi måtte jage han opp av vatnet når det begynte å tordne ;) Full fart heim, vi rakk å komme oss i bilane før det begynte å pøsregne....

Etter ein lang og innholdsrik dag rekna eg med at vi kjem til å sove godt heile gjengen...Håpe alle andre har hatt ein flott sommardag også :)

tirsdag 5. juli 2011

Avkobling

For å klare å koble litt av i ein travel kvardag likar eg å styre i hagen og lage litt forskjellig rart ;) Eg har fått mange gode tips på facebook-sida "Tips & Inspirasjon til Hjemmet" der det er mange kreative sjeler, og ikkje minst Beate som er veldig flink til både å ha konkurransar og gi positive tilbakemeldingar. I ein travel kvardag er det viktig å finne noko som kan sette tankane over på noko anna enn sjukdom, trening, sonding mm... Og mi avkobling er dette :


Ramme med netting og ein liten hyllest til prinsen vår - på hjerta står det : til deg, fra hjertet, håp og lykke. Desse fekk Oskar med eit vennepar av oss til jul.

Spraylakka nokre gamle lykter og satt i netting og pynt, jammen vart dei nesten heilt nye ;)

Slike hjerter har vel funne vegen til andre enn meg sjølv også - eg er ikkje så flink til å bake, men likar å vise at eg set pris på dei vi har rundt oss som betyr så uendeleg mykje for oss... No held eg på med nokre prosjekt som innebær gamle vindu og netting - som forhåpentligvis skal bli ferdige ein gong og finne ein annan heim... ;)

Det blir dessverre ikkje tid til so mykje sånt, men eg kosar meg med det når eg har anledning, viktig å klare å stresse ned litt innimellom og gjere noke berre for seg sjølv (og kanskje litt til andre også ;)). Då har eg også meir å gi til Oskar og dei andre to gutane våre!

mandag 4. juli 2011

blodprøver, hagearbeid og "frisør"

Etter ein litt heftig start på dagen med at Oskar kasta opp igjen frukosten sin og vi tok ein tur til Eid for å ta blodprøver (som heldigvis var fine) ordna dagen seg til det litt betre etterkvart. Eg trur Oskar er drittlei av å vere heime også i tillegg til at han ikkje har vore heilt i form pga vaksina... På ettermiddagen tok vi oss ein tur ut i vogna og trilla - og etterpå såg Oskar på mens mora klipte villbringebærbusker (om det er noken som har lyst til å komme på dugnad - er dei hjertelig velkomne, skråninga er full!!!) - han var egentlig ganske fornøgd, berre litt småsutring... Det vart ikkje tatt noken bilde, for det blir det ikkje tid til om ein skal klare å få gjort noko ;)

På kvelden fekk Oskar seg eit bad - og eg fekk den geniale ideen om at eg skulle klippe han sjølv! Det var ikkje so enkelt å klippe medan han bevegde seg heile tida, men resultatet vart ikkje så aller værst - litt finstuss får vi ta i mårgå :)

Det var ein del krøllar som forsvant ;)

Nesten ikkje til å kjenne igjen ;)

Eg trur guten var fornøgd!

Nybada og nyklipte

Han virka til å vere veldig fornøgd med å vise fram nyesveisen til papsen når han kom heim i kveld <3 No er prinsen komt i seng og vi andre kosar oss med ostesmørbrød og norske jordbær til kvelds. Satsa på ein roligare morgen i mårgå :)