Her er nokre bilde frå treninga dei siste to dagane :
Sjå kor flink eg er til å ligge heilt rett og holde meg i ringane!!!
Mamma tøyer beinet mitt, desse passive tøyingane skal hjelpe mot spasmene mine :)
Eg kan faktisk sitte på potte når eg får litt hjelp - i dag har eg til og med tissa!!! Då sang Elisabeth til meg etterpå fordi eg var so flink :)
Vi avslutta treninga i dag med å male på sjablongar og trykke sommarfuglar - då var eg so sliten av treninga at eg fekk lov til å sitte ilag med mamma. Sjå det fine bildet som vi skal henge opp når vi kjem heim!!!!
Det skal bli godt med ei lita trenigspause no i helga, men vi er spenn klar for å starte igjen på tirsdag! Eit eller anna kjekt må no vi finne på i helga også...kanskje det kjem nokre bilder her etterkvart????
Kjempekjekt å sjå bilder frå dåkke,og du har ein interessant blogg Sissel. Flott! God lykke vidare i oppholdet på Hamar!!
SvarSlett