mandag 20. mai 2013

Alt for lenge sida sist

Hei og hopp alle sammen - plutselig har tida berre storma i
 veg uten at eg heilt har fått det med meg.
 Det har vore nydelig veir her på Vestlandet dei siste dagane,
og vi har prøvd å ta til oss dei solstrålane vi har klart å lure til oss
 - ikkje godt å vite kor tid vi ser den igjen :)
 
Det har virka som om Oskar blir litt sliten av varmen,
men i dag har han hatt ein fin dag og vi har kosa oss
på fiske-/grilltur.
 
 
Oskar var blid som ei sol når vi satt oss i bilen -
han skulle på fisketur!

 
Kjempefint her på Vestlandet når det er bada i sol,
og her kikka vi litt på ein gammal bunkers frå krigen.

 
Det vart dårlig med fisk....

 
....men guten var godt fornøgd når har fekk
marshmellows i staden ;)

 
I går fekk vi opp bassenget her heime, og Oskar har
fått plaska litt i det også - men han syns nok det var
i kaldaste laget... kjekkare med vannkrig ilag med brorane,
bestekompisen og nokre voksne som også fekk bløyta ;)

 
Laga til med eit lite partytelt frå Europris slik at Oskar
kan ligge ute og leike seg uten å bli alt for varm i sola -
det kan vere greit med litt pause også iblant!

 
Fredag hadde vi den varmaste og finaste 17.mai feiringa
eg kan huske. Oskar var i overkant ivrig før vi kom oss avgårde,
men kosa seg stort i toget når han klarte å slappe av til slutt.
Og han er veldig stolt av bunaden han har fått seg -
vi måtte ta den av ut på ettermiddagen for det vart rett og
slett litt for varmt - og det var ikkje guten heilt fornøgd med ;)

 
Ekstra kjekt var det at Bestefar og Bestemor feira 17.mai ilag
med oss - her prøver Oskar å stjele brillene til Besten ;)

 
"Hipp, hipp, hurra" Besta!!!
Oskar holdt godt fast i flagget stort sett heile dagen -
han har blitt veldig flink til å holde fast i ting med den
venstre handa si - og det syns han er veldig kjekt!

 
Etter det siste oppholdet på PTØ har det skjedd ein del
"små" ting (som vi syns er kjempestore) -
Oskar har begynt å leike seg litt sjølv på golvet.
No klarer han å ligge ei lita stund uten voksne rundt seg -
han ropar høgt når han har skubba vekk alle tinga han
har, for då må noken komme å legge det på plass igjen til han.
Eg skvetter stadig fordi han klarer å trykke på ei sirene eller
musikken på Postmann Pat bilen sin, eller fordi ein bil kjem i full
fart bortover golvet fordi han har skubba den avgårde :)
Og for ei herlig meistringsglede guten viser når han klarer å få til!
Han er som treåringar flest og vil helst "KLARE SJØLV!"
 


 
Bilen sin har han blitt flink til å styre via
brytaren i nakkestøtta - no startar og stoppar han akkurat
slik han sjølv vil :)

 

 
Og, sist men ikkje minst, har han blitt gladare i å ligge
på magen når han skal leike! Det har ikkje vore så populært
tidligare. Puta som han brukar her fant eg på TGR på Hamar -
ein enkel liten sak til 40 kroner som fungerar perfekt til
sitt formål :)
 
 
Til slutt :
Oskar har tatt nye barnehagebilder -
og dei vart nydelige :)
Ganske fotogen denne herlige guten vår!
 
Ønske dåkke alle ei strålande veke!

 
 
Klem frå Sissel og Oskar