søndag 27. november 2011

Sykje, pepperkakehus og julebakst

Natt til fredag fekk Oskar feber igjen,
hadde aldri trudd at eg skulle verte engstelig for litt feber
- det vil seie før Oskar vart sjuk....

Men no er det full rulle her når minsten er sjuk,
med sos-regime kvar tredje time, paracet så fort temperaturen går over 38 grader,
blodprøver og legebesøk....

Men : denne gangen gjekk det veldig bra og vi har
fått vere heime og sluppe innleggelse på sjukehus!!!

No virkar det som om forma er stigande og i dag er prinsen feberfri!!!

Så vi har derfor benytta anledninga til litt heilt vanlige syslar før jul :
pepperkakehuspynting og julekakebakst :)))

Og Oskar har selvfølgelig hjelpt til ;)






Så er eg berre spent på korleis mor i huset klarer å lime sammen pepperkakehuset ;)



Ha ein fortsatt fin 1.søndag i advent!

Klem frå Sissel

torsdag 24. november 2011

Bil!!!!

Då har vi endelig fått nav-vedtak på trygdebil klasse 2 til Oskar
- og det var ein stor lettelse!

Det blir nok lenge til bilen er på plass enno,
men godt å tenke på at det i alle fall er i orden :)
Vi likar gode nyheiter!

Vi har hittil klart oss med bilen vi har - som heldigvis er ein stor personbil,
men ser at det er vanskelig å få med oss det Oskar treng når vi skal på tur...
Forrige helg når vi var på Alex på hotell, måtte vi velge mellom å ta med oss
vogn eller flytehjelpemiddel..... og då måtte vi selvfølgelig ta med vogna...

Det skal bli godt å ikkje trenge å vere så selektiv på kva vi kan ta med oss lenger
- vel og merke når bilen ein vakker dag kjem....

For dei som lurte : så kom vedtaket veeeeldig fort etter at eg skreiv eit sint brev til Hjelpemiddelsentralen i Hordaland for nokre veker sidan ;)))) Det hjelpe faktisk å seie ifrå! Og ikkje finne seg i alt!!!

Hovudpersonen kunne sikkert ikkje ha brytt seg mindre...
Han såg ikkje nokon bil - og lurte sikkert på kva i alle dage vi snakka om ;)

Men han kosa seg godt når pappa-en spelte på piano til han :





Litt ivrig når mamma-en skal ta bilde av meg ;)

Ha ein flott kveld - det skal i alle fall vi!

Klem frå Sissel 

mandag 21. november 2011

Verdens beste Bestefar fyller snart 60 år!

Det finst ingen over og ingen ved siden av...
....min pappa er verdens beste!
Han og mamma har vore fantastiske støttespelara etter at Oskar vart sjuk -
både for oss, brorane og vesle Oskar.

På søndag var vi på Alexandra Hotell og feira jubilanten
- fordi han sjølv og mamma stikke av til sydens sol og varme på sjølve dagen.




Vi hadde ein fantastisk dag ilag med latter, god mat, bading
og mamma klarte til og med å overraske jubilanten til dei grader med presangen han
fekk av henne...vi hadde alle gleda oss masse til å sjå uttrykket hans!


Og her er han på Eid etterpå å testa presangen!
Tenk å bli Biker i en alder av 60!
Han e en spreking papsen!

Ulrik måtte ha den beste replikken den dagen :
Ulrik : "Du Bestefar kan vi feire "konfirmasjon" (Ulrik har nok eit inntrykk av at
sånne store tilstelningar må vere konfirmasjon...) her neste år også?"
Bestefaren : "Tja, det får no vi sjå på" (kan ikkje referere heilt her - så pappa : du får gå inn å
korrigere)
Ulrik : "Kan vi ha "konfirmasjon" her når du døyr også?"
Bestefaren : "Det må no nesten dåkke bestemme"
Ulrik : "Ja, då trur eg det blir det...."
Her er det rett-frå-levra prat altså.....ungar er herlige sånn!
Gleda var stor i bilen på vei når vi fekk melding frå Bestemora : "Du kan helse gutane og seie at det blir 
"konfirmasjon" på Alex kvart år før jul :) Besten spandera :) :)"
hi hi hi - ja det er best å feire livet!


Koselig pynta :)

Oskar var litt stressa denne dagen - og var ikkje fornøgd i bilen på vei innover,
les : ålsvett og stiv i kroppen...
Men vi hadde heldigvis med oss assistent som tok han med på trilletur medan vi åt mat -
og fekk litt tid til å snakke med dei andre.


Vart litt blidare med litt frisk luft ;)


MEN : han kosa seg i bassenget!
Og på kvelden klarte han å ta tre gangar borti bade-symbolet sitt som heng på veggen!
Og når mora sa at vi ikkje kan bade meir i dag, kom surelippa og
han kikka lengselsfullt mot badekaret....


Litt stressa i kroppen, men kosa seg masse i bassenget!

På vei heim sovna Oskar i bilen - og det siste kvarteret hylskreik han....
så når han skulle legge seg - hadde ikkje han tenkt at det var greit,
for han hadde no sove middag!

Så klokka 22.30 i går kveld tok en sliten og trøtt Oskar natta ;)

Vi hadde ein kjempekjekk dag - ilag med ei kjempekjekk familie
- verdens beste faktisk!

Klem frå Sissel


lørdag 19. november 2011

Hjelpsomme Ulrik :)

Denne bloggen er mest om Oskar,
men jammen fortjena brorane eit innlegg i ny og ne også ;)
Denne gangen : Ulrik!

Han kom inn døra etter skulen på fredag - og erklærte at her skulle huset ryddast og vaskast!
(trur ikkje det var såååå skittent - for eg hadde vaska golva ddagen før)
Men : guten måtte no berre få styre seg ;)

Først laga han seg liste over kva han skulle gjere! (viktig med lister -
det har han nok lært ein plass). Han starta med å tørke støv (vaske) med Man United
vaskekluten sin - og så var det tid for :


Støvsuging!!!

Ettersom det ikkje var så masse å rydde nede - rydda han rommet sitt :)

Flinke guten min!
(han hadde nok en baktanke - og det var litt penga til laurdagsgotteriet.....)

I dag har han laga bål bak i skogen ilag med papsen sin - og han passa villig bålet medan papsen reiste på butikken å handa pølser.....






Og etterpå vart alle invitert bak på middag ;)



Både lisjebror, storebror, mamma, pappa og eit par kompisar til storebroren

SO NO STANKAR VI BÅL HEILE GJENGEN....

eller det vil seie - ikkje Ulrik og pappa som no er på Aleksander Rybak konsert
- velfortjent etter ei hjelpsom helg!!!

Og gledar oss til tur på hotell i mårgå for å feire pappa/bestefar/svigerfar sin 60 års dag!

Klem frå Sissel

P.S har forandra litt på bloggen sin utsjånad - for HÅPET ER LYSEBLÅTT!!!

tirsdag 15. november 2011

Knappeskift ;)

Med jamne mellomrom må vi skifte knappen til Oskar
- enten planlagt eller plutselig....

Plutselig - det har vi gjort nokre gangar
Eit par gangar fordi det har satt seg fast mat i den - og ein gang fordi ballongen var øydelagt og knappen hoppa ut ein morgon samtidig som eg tok av bodyen hans ;)

Men denne gangen var det planlagt,
han har hatt den samme knappen i nesten 6 månader - og då er det på tide med ein ny :)

Slik ser knappen til Oskar ut - på nært hald...


Utstyret må vere klart - og i orden....

Her er holet i magen - uten knapp i....dei første gangane eg såg dette vart eg litt småkvalm - men det gjer meg ingenting lenger (og har blitt ein daglegdags sak)

Ny knapp har komt på plass - med stilig Button Buddies på (eg syns desse er mykje betre enn papirkompressa som vi brukte i starten, dei er betre for huda og absoberar meir væske - og dei er stilige og spennande å sjå på ;))

Den gamle knappen var ganske ekkel - og trur det var på tide å få den ut ;)

Kulaste gutten i verda - i Bjørn Borg boxer og Landslaget si libero  t-skjorte!

Då håpar eg det er ei stund til neste gang vi treng å bytte knapp - men det er egentlig inga sak når vi har ein so flink gut! Han skreik ikkje - ropte ikkje - men var ganske blid heile tida :)

Knappen er vi glad for at Oskar har - vi hadde aldri klart å få i han dietten uten denne!
Og vi har blitt ekspertar på knappeskift (det er det ikkje alle som kan;))

Ha ein flott kveld

Klem frå Sissel

mandag 14. november 2011

Som 2åringar flest...

......streten og med masse vilje.... Det har Oskar også - sjølv om han er multihandikappa..... Han vil ikkje gjere det han har bestemt seg for at han ikkje vil! Han gir beskjed om det også! Høgt! Og sjølv om vi til tider syns det kan vere travelt - er det også godt :)

Godt fordi det viser oss at han forstår
Godt fordi han ikkje finn seg i alt
Godt for framtida hans - fordi han gir beskjed
(og travelt fordi det krev mykje av oss og alle andre som er rundt han)

Sjå for deg følgande senario :

Du har ein funksjonsfrisk 2åring - stroppar han/ho fast i eit ståstativ - korleis trur du han/ho vil reagere???
Høg og vill protest - det kan eg nesten garantere deg!



"Eg gir beskjed!" (men syns du egentlig at det er rart???)



"Eg er stroppa fast overalt - ville du ha likt det?"

Og det gjer Oskar også - av og til syns han det er greit, men det er ofte han syns det er noko herk!

Kva 2åring ville syns det var greit å bli festa fast (heilt fast)???
Ingen!
Ikkje mine gutar i alle fall!
Dei andre to har vore gjennom sine perioder der berre det å feste dei fast i ein bilstol har vore ille nok - eg kan berre forestille meg korleis dei ville reagert om eg stroppa dei så fast som vi må gjere med Oskar.....
Vel - trur faktisk ikkje eg orkar å tenke på det....

No har Oskar hatt ei sånn vill protest tid.... og då vil han ikkje!!!

I dag har han vore heime fordi han driv og skremmer oss med laus mage ;)
Men det var heldigvis ikkje noke meir enn det (og oppkast på grunn av hosting etter frukosten). So vi har kosa oss her heime ilag : Eg, Oskar og Sofia (assistenten til Oskar)
Han har stått i ståstativ (av den enkle grunn - at han må!) - men i dag gjekk det ganske greit - ei stund i alle fall, leika med brytar på golvet - og vore på trilletur.

På ettermiddagen kom vi oss omsider på helsestasjonen for å ta influensavaksine - ei halv dose, den neste halva skal han ta i desember. Godt å få det gjort - og kryssa fingrane for at han ikkje får feber av den (det var derfor vi delte den opp i to doser).

Oskar er ein liten helt - han berre spente kroppen og stålsatte seg for sprøyta :
For HAN SKJØNNAR AT HAN SKAL TA SPRØYTE!
Han studerte helsesøstra godt medan ho laga til vaksina og hadde heilt tydelig ei formeining om kva som skulle skje.... MEN : Han grein ikkje - kor mange 2åringar ville ha klart det? Ikkje så mange andre som eg har kjent i alle fall.... Oskar er vant med å ta sprøyter, bli stukke og ta blodprøver....dessverre....men det er han god på også! Og eg syns han er ein skikkelig TØFFING! Ulrik som var med - var heilt imponert over lisjebroren sin!

På ettermiddagen har Oskar brukt stolen sin i ein heil time, han har "hjelpt" meg med å lage middag, dekke bord, rydde av bordet og vaska bordet etterpå - og det syns han er like spennande som alle andre 2åringar. Og då er det også greit å sitte i stolen.

Klar!


Vi trenar på "ja" og "nei" - ikkje enkelt når haudet låser seg - men vi gir ikkje opp!
Eg held opp den handa med raudt eller grønt armband når eg tolkar Oskar sine uttrykk - og seier JA eller NEI, slik at Oskar skal skjønne vitsen med dei.


Oskar og storebror Emil tørkar av bordet - flira godt han Oskar då ;)


(Blitzen er litt ekkel) Men eg hjelper mamma med å hente duken som skal ligge på bordet :)
FLINKE OSKAR!

Eg ber fint om at ingen undervurderar Oskaren vår - vi trur han kan og vil.....
MEN han er berre 2 år!
Og som 2åringar flest ;)
Eg veit ikkje om så mange andre 2åringar som får stillt så store krav til seg sjølv.
Han har trening kvar dag - både ASK (kommunikasjon) og PTØ (motorikk), fysioterapeut 3 dagar i veka, bading kvar torsdag, skal stå i ståstativ, få massasje mm - andre barn på hans alder kan stort sett gjere som dei sjølv vil - dei treng ikkje å bli stillt så høge krav til....dei kan leike seg og nyte livet - som 2åringar skal!

Men for at Oskar skal komme seg opp og fram her i verda - må han gjere ting han ikkje alltid har lyst til....

MEN EG ER GLA FOR AT DU PROTESTERAR OSKAR!
Det skal du fortsette å gjere om du ikkje vil ;)
(men eg håpar du etterkvart vil skjønne kvifor vi må gjere ting du ikkje vil)

Klem frå Sissel

søndag 13. november 2011

Familiehelg med NFU

Denne helga har vi vore på familiehelg med NFU (norsk forening for utviklingshemma) på Skei Hotell, det var ein kjekk opplevelse! Og kan på det varmaste anbefalast for andre også ;)

Samling med kjempeflinke musikkterapeutar!!!


Oskar i skjønn forening med silketøkle ;)
Nydelig vennen vår!

Vi reiste ikkje inn før laurdagsmorgon, litt hektisk her på morgonen når alle skulle ut av huset til ei gitt tid for å rekke ferga - men vi klarte det akkurat... Helga har bestått i foredrag for foreldra, masse god mat, masse bading, kjekt samvær, musikkterapeutar frå fylket og knytting av band til andre foreldre og barn.


Bading er alltid kjekt :)


To gode vennar på "fest"


Oskar og mamsen på dansegolvet!

Ungane fekk treffe andre søsken til funksjonshemma - eller dei med litt større hjernekrøllar enn andre som foredragsholdaren kalte det, og det trur eg er både godt og viktig for dei - slik at dei ikkje føler seg så åleine om ha ein litt annleis kvardag. Vi fekk treffe andre foreldre i tilsvarande situsjonar og med tilsvarande utfordringar i kvardagen - godt for oss å ikkje vere åleine om det også.... Men viktigast av alt - vi har hatt det veldig kjekt ilag og kosa oss!


Rebusløp i hotellgangane på søndag - Oskar syns det er stas å sjå på storebror som kastar erteposar....


Premien har fått plass på haudet - kuuuuul buff ;)


Oskar ser på brorane som badar
"Eg og har lyst!!!"
Men på søndag vart det ikkje bading på oss to - for det var litt vanskelig med
lite tilrettelagt garderobe - og eg prøvar å passe på ryggen min litt....
Men neste gang er vi klar for meir bading!


Farsdagsfeiringa tok vi på kvelden - med vaffler og pakkar!
Alle gutane hadde laga flotte kort til pappa-en sin på hotellet -
og vi gratulerte alle verdens beste pappa med dagen :)

Ha ei flott veke!

Klem frå Sissel <3