onsdag 22. august 2012

Nytt opphold på PTØ-senteret

Oskar har reist avgårde på eit nytt opphald på PTØ-senteret
ilag med pappaen sin og ein av assistentane. Tidligare har vi vore 3 veker
på slike opphold, men denne gangen blir det berre 2 veker på oss.
Eldstemann har starta på ungdomsskulen og vi vil ikkje vere vekk frå dei
andre to no medan dei har skulestart og masse foreldremøter som skal følgast opp.
Alle tre gutane våre er like viktige - og derfor er det viktig at vi også er der for dei andre to,
så får vi heller vurdere etterkvart kor lange opphald vi klarer å få til.
 
Pappaen og Oskar skal vere der denne veka, så reiser eg og ny assistent ned
i helga for å vere der neste veke :)
 
Oskar har vore frisk i det siste - heldigvis - og har hatt eit fint opphald på Hamar
så langt. Før Oskar reiste fekk vi besøk av bestemor og bestefar, og kosa oss ute i
flott seinsommarveir med grilling.
 
 
Oskar fekk seg ei kosestund på teppet ute på plenen ilag med besteforeldra,
og dei nye Eliasbåtane han fekk til bursdagen (som også er veldig populære
å bruke i badekaret - der han snur haudet frå side til side for å følge med båtane
når dei køyrer forbi!)

 
Han rakk også litt vannkrig ilag med største storebror,
og flira godt når han fekk hjelp til å sprute vatn på mammaen sin ;)

 
Denne nydelige sommarfuglen har Oskar laga i barnehagen og
har no fått hedersplass på kjøkkenet.

Mellomste luring har blitt stolt eigar av karatedrakt, så det går litt
villt for seg her heime innimellom - til Oskar si store glede!
 

 
Og før han reiste - så pakka og pakka vi nesten ein heil dag ;)

 
Det er mykje som skal huskast når ein skal på tur,
og noke av det er ikkje lurt å gløyme...men trur vi fekk med det viktigaste
denne gongen også...
 

 
Men har oppdaga at det vart gløymt ein del til video-overvåkninga
som vi brukar når Oskar har lagt seg - så den får eg ta med til helga,
og badestolen står dessverre igjen i badekaret - men den trur eg
ikkje at eg drar med på bussen, så vi får heller improvisere litt ;)

 
Emil har fått seg rottebur og Ulrik har fått seg akvarium,
hadde tenkt at dei skulle få seg dette når påbygget vart ferdig -
men ting tar så lang tid at vi klarte ikkje å vente lenger...
Begge deler har vi kjøpt brukt til ein billig penge ;)

 
Så når vi kjem heim etter endt opphold på Hamar blir det
tur til dyrebutikken for å kjøpe akvariefiskar og ørkenrotte :)

 
Oskar har vore på Østo denne veka og tatt gipsavstøypning til
fotortoser som skal hjelpe til med å stabilisere ankelen og foten hans
når han skal stå osv. - kanskje dette kan vere med på å hindre feilstillingar
etterkvart. Oskar var kjempeflink, men syns nok at gipsinga var litt ekkel.
 
Vi har snakka ilag på Skype kvar kveld, og må nok innrømme at
både eg og storebrorane savnar papsen og veslebror mykje,
men alle har vel godt av å savne kvarandre litt innimellom :)
 
Ha ei strålande veke vidare alle sammen!
Lurer litt på kven alle dåkke som les bloggen til Oskar er -
og blir veldig gla for tilbakemeldingar om dåkke lurer på noke,
og om du ikkje vil legge igjen kommentar her så kan du alltids
skrive ein mail til sissel@clear-view.no og spørre eller lure på noke :)
Oskar har også si eiga facebookside som du finn om du søker
oskarprinsen på facebook, der blir det lagt inn bilder innimellom
blogginnlegga også :)
 
Klem frå Sissel


fredag 10. august 2012

Meir organisering ;)

På starten av sommaren fekk vi nytt stellebord til Oskar -
og det var nok på tide, for han var ALT for lang til det stellebordet
vi har brukt sidan han var baby...haudet stakk utom i eine enden -
og føttene i den andre ;) Og ein kan vel seie at det var konstant fare
for at han skulle klare og vri seg utav det og kanskje dette i golvet...

No har han fått hev-og senkbart stellebord frå hjelpemiddelsentralen,
når vi fant eit som var så pass "lite" at vi fekk plass til det på badet vi har i dag.
Herlig med nok plass til at Oskar kan ligge skikkelig på det -
og deilig å sleppe å stelle han på golvet :))))

 

Vi fekk plass til eit stellebord som er 150 cm breidt og dermed har vi
i alle fall plass til guten oppå det til tilbygget kanskje blir klart.
Veldig praktisk at det kan hevast og senkast, då vi som brukar det har
forskjellig høgd og det blir meir brukarvennlig for oss også ;)


På eine sida av stellebordet heng det informasjon om kva ein skal gjere dersom
"knappen" til Oskar dett ut - slik at assistentane har ei veiledning på det (samme oppslag
heng også i barnehagen). Planlagde knappeskift ordnar vi sjølve, men greit å vite kva ein
skal gjere om uhellet er ute :) Spritdispensar har vi både her og i gangen.


Over stellebordet heng ask-symbol som er relatert til stell på badet,
vi prøver å ha symbol hengande på ulike plassar i huset slik at Oskar skal lære dei.
Akkurat no held vi på å skifte frå boardmaker til symbolsticks, men forløpig har vi
ikkje fått skifta overalt - men her på badet har det i alle fall komt nye symbol.
Grunnen til at vi skiftar symbol er at Oskar skal bruke symbolsticks på Tobiien sin,
og då må alt det andre byttast ut også for at symbola skal vere like overalt.


Det heng også symbol under korgene med klede i ;)


Praktisk å ha klede, bleier og knappeutstyr lett tilgjengeleg over stellebordet,
så slepp ein å leite i ei kommode for å finne fram. Vaskeklutar, hanskar og
diverse anna står lett tilgjengeleg på kommoda ved siden av.

Kanskje til inspirasjon for andre som treng det?
Her fungerar i alle fall badet mykje betre enn før,
og ting vil bli endå betre når Oskar får sitt eige bad der alt er tilpassa han,
og som har skinner i taket slik at vi kanskje kan sleppe så mange tunge løft.

Ha ei finfin helg :)

Oskar skal feire verdens beste oldemor i mårgå -
og det gledar vi oss til!

Klem frå Sissel




torsdag 9. august 2012

Ommøblering....

Dei siste dagane har vi ommøblert mesteparten av stova for
å få på plass alt til barnehagestart i år - Oskar har personale her
heime når han ikkje kan gå i barnehagen på grunn av smitte -
dette for å opprettholde treninga sjølv om han må vere her heime.

Og når det skal vere opp til fleire vaksne her heime,
så kreve det både nok plass og organisering...
Stova og kjøkkenet vårt er til sammen 60 kvadratmeter -
og no har Oskar 30 av dei -
så vi håper jammen at påbygget vi treng snart kan påbegynnast....

Men har funne ei grei løysing fram til det kjem på plass :)


Sta som få monterte eg denne romdelaren frå Jysk ein sein
kveld medan Oskar var veldig flink til å sove - og dei andre var på
fisketur :) Den var tung, men vel verdt arbeidet når den kom på plass.
Her får vi plass til ein del av bøkene, leikene og utstyret til Oskar.


Denne vesle romdelaren hadde vi på stova frå før, no har den
fått boksar frå Ikea og inneheld dei fleste leikene til Oskar.


For at det skal vere enkelt for personalet å finne fram, og for Oskar
å bestemme kva han vil leike med - har eg merka dei med ASK-symbol
og skreve kva som er i boksane. Med så mange som skal klare å finne fram her
heime er det heilt nødvendig med system på det meste ;)


Datapulten med MyTobii har komt på plass.
Bak denne skal det lagast ein bakvegg på romdelaren -
for at den ikkje skal virke forstyrrande for Oskar når han skal bruke den.
Så langt har eg ikkje komt enno, og prøver å bestemme meg for
om vi skal få festa på ein plate som skal tapetserast eller
bruke stoff på den...men det kjem vel på plass etterkvart :)

Oskar har ikkje fått brukt Tobiien noko særlig enno,
for vi manglar ei ny haudestøtte til stolen hans -
og vi vil at alt skal vere skikkelig før han tar den i bruk for alvor -
slik at han ikkje misser motet fordi det fysiske ikkje fungerar...
Men håpar at denne kan komme på plass snart!


Oskar likar seg godt i den nye leikekroken sin,
og vi skal søke om ei ekstra matte å ha på golvet som kan brukast
når fysioterapeuten skal vere her - eller ellers når det skulle vere
behov for meir plass.


No gjenstår det berre å sette sofaen på lager til vi ein vakker
dag kan flytte den tilbake når huset kanskje har blitt litt større ;)

Klem frå Sissel


onsdag 8. august 2012

Herlige Hakallegarden!

I dag har vi endelig fått gjennomført noke vi har tenkt på lenge -
besøke Hakallegarden :)
Sist vi var der gjekk eg høggravid med Oskar,
det vil seie at det er 3 år sidan sist vi var der.



Og Hakallegarden skuffar IKKJE!
Det er nesten som ei lita oase -
der det rett og slett er heilt herlig å vere :)

Desse var artige :)
Men helst på litt avstand ;)


Konrad kalkun var herlige tilstades når vi kom,
prata masse med oss -


rett og slett ei herlig personligheit ;)


Aina og Olav som eig denne oasa er hjertelig deltakande
blant gjestane sine - køyrer gråtassen og går ved siden av
frydefulle barn på hesteryggen.
Det er vel ingen overraskelse at både Oskar og Ulrik storkosa
seg dei timane vi var der :)))
Det er nesten slik at ein ikkje har lyst til å reise heim,
og hadde det ikkje vore for alt regnet som kom -
så hadde vi nok vore der lenger -
eller flytta inn ;)


Ulrik fallt fort for denne kyllingen
(som vist nok vart klekka ut i en lokale barnehagen)



Dei vart gode vennar desse to :)
Heilt til kyllingen bæsja på Ulrik medan han sat på haudet hans....
Det synst Ulrik var dårlig gjort av ein venn ;)
Men han vart ganske fort tilgitt,
for tross alt så var det ein kylling...


Det finst mange dyr på Hakallegarden -
og dei får du virkelig nærkontakt med her :)
Her finst det hestar, esel, alpakka, fuglar, grisar,
kaniner, geit, sau ++++

Her kjem eit lite bilderas :





Det er reint og fint -
og overalt finn du små kunstverk som rett og slett gjer ein gla :)


Høgdepunktet for Oskar denne dagen var nok
traktorturane med gråtassen og Olav -
om han hadde kunne,
så hadde han nok køyrd att og fram heile dagen :)


Oskar er frydefullt klar for tur!
TUT-TUT!


På leikeplassen var det også ein gråtass som måtte prøvast.

Trass regnet så er nok dette eit av dei store høgdepunkta i sommar -
og det blir definitivt ikkje tre år til neste gang :)

Meir info om Hakallegarden finn du HER,
vi anbefalar så absolutt fleire å ta turen!

Takk for ein herlig dag til Aina og Olav :)

Klem frå Sissel











mandag 6. august 2012

Sommarferien 2012

Her har vi tatt heilt fri frå det meste og no kjem omsider eit
innlegg om ferieturen i år ;)
Vi har i år som i fjor vore på ferie med campingvogna -
dette er ein fin måte å reise på ferie med guttane våre,
i alle fall så lenge vi klarer å løfte Oskar inn og ut av vogna.
Det er enkelt å stoppe når ein vil, ordne med mat i vogna til både Oskar og
oss andre - og ikkje minst få tatt bleieskift uten å måtte skifte på eit kaldt
offentlig toalett på golvet - noko som er ein realitet når guten ikkje får
plass på babystellebord lenger. Men ser at vi veks ut av den vogna vi har -
og kanskje må sjå om vi får bytta den i ei litt større neste år.
Ser at vi treng tilgang til dusj i vogna og kanskje ei fast dobbeltseng.

På Uttian hadde dei 2 hestar og 2 føll som var kjekke å helse på :)

I år gjekk turen til trivelige Trøndelag og familiebesøk på
Uttian (ei lita øy i Frøya kommune). Vi har kosa oss masse og fått besøkt
familie som vi ikkje har sett sidan vi var der for 4 år sidan :)
Er spesiellt imponert over den utrulige gjestfriheita som dei har,
i løpet av dei 5 dagane vi var der - trur eg vi laga mat i
campingvogna 1 gang ;) Ellers gjekk vi frå hus til hus på besøk og spiste
masse god mat ilag med trivelige folk der latteren sitte laust.
Tante Anna på 90 år imponerar stadig og ordna ut med frukost
til oss kvar morgen - og kaffi & kaker siste kvelden - ho sprett slik
rundt at ein skulle tru at ho var 20 år!

Oskar kosa seg på trilletur - og plukka blomster -
til seg sjølv!

Ser på dette bildet at guten vår har begynt å bli stor!

På jamna gjekk det mykje bedre i bilen på denne ferieturen enn det
gjorde i fjor - Oskar sitt ganske bra i bilstolen og er meir avslappa enn
tidligare - og han kan sjå litt på film også :)


Oskar & Ulrik tegnar i vogna -
storebror er flink å hjelpe til!


Hunden Mali vart raskt ein favoritt for Oskar -
han er utrulig gla i hundar - og eg trur vi må vurdere å få oss ein
sjølv ein vakker dag - om vi får tid til å ta oss av ein ;)


Vi hadde oss ein liten dagstur til Hopsjøbrygga på Hitra ein av dagane -
dette er ein gammal handelsstad som er godt vedlikeholdt -
der var det både butikk og restaurant :)


Oskar kosa seg med is her medan storebrorane åt mat.


Etter vi hadde vore på Uttian - gjekk turen til Trondheim og
vidare campingliv - her er det ein nydelig solnedgang på campingplassen.


Dagen etterpå var det "pissregn" og vi tok like godt å brukte dagen
på City Syd og fekk shoppa litt til gutane. Med tre gutar som veks i raskt tempo
er det stort forbruk på klede ;)

På dyrebutikken hadde dei denne artige papegøya -


- som Oskar syns var litt i overkant spennande ;)


Dei to siste nettene overnatta vi på Gullvåg Camping etter
tips frå ei venninne (og fadder til Oskar) - her var det ein del å finne
på for ungane - og Ulrik kosa seg med å køyre ATV.....


....og den måtte selvfølgelig Oskar prøve også ;)
Stor stas å få sitte på denne sjølv om den stod stille!
Han har ei forkjærlighet for det meste med motor i -
som dei fleste andre gutar på 3 år :)


Dei hadde også ei kjempefin disse som Oskar kunne ligge i -
ei slik skulle dei hatt i barnehagen til Oskar ;)
(hint - hint)


Og ein stor prins er heilt utslitt av dagen -
og sov godt i campingvogna :)


Ulrik fekk bada litt også -
denne dagen var det temperatur til det ;)


Så var det på tide å reise heim - Ulrik sat ved siden av Oskar på
veien heim - og det var nok trygt for veslebror og halde storebror i handa <3


Eit lite stopp for å kikke på kuene på strynefjellet før vi kom heilt heim.

Så no er det to veker heime før det blir nytt treningsopphold på Hamar og
skulestart for storebrorane :)

Håpe dåkke som lese bloggen har hatt ein fin sommar også :)
Blir veldig glaom du legge igjen eit lite spor :)

Klem frå Sissel