søndag 15. juli 2012

Ein helt fyller 3 år!

Klokka 22.23, 16.juni 2009 vart ein liten helt fødd,
så vakker og perfekt - ein skikkelig liten attpåklatt som
vi alle hadde gleda oss til å treffe....

Heilt ny i denne verda

I dag er du heile 3 år Oskaren vår,
og vi er så inderlig gla i deg - alle som står deg nær.
Du har hatt meir utfordringar iløpet av 3 år enn dei
fleste har i løpet av eit langt liv...
men du er solstrålen vår - og kvar dag er vi takknemmelige
over at du er her ilag med oss!

8 1/2 månad gammal - første innleggelse på Haukeland -
dette rommet bdde vi på i tre veker

Livet ditt vart ikkje heilt slik vi trudde,
men jammen klarer vi det bra ilag også :)
Ilag er vi ganske sterke og du er nok den sterkaste av oss!

Oskar nesten 2 år - første gang på petø-trening

Du er ein helt Oskar!
Du smiler gjennom tårer -
du lev livet ditt til det fulle sjølv om du har det vanskelig -
du har vist oss rundt deg kva som virkelig betyr noke her i livet!
Du har lært meg mykje Oskaren min -
eg har lært at livet er skjørt, og ein må leve kvar dag til det fulle!

Det blåaste blikket

Ein må ta vare på dei ein har rundt seg og
vere takknemmelig for livet sitt.
Det er ikkje gull og glitter som er det viktigaste -
men gode smil, herlige klemmar og ein lita gutehand i mamma si litt større.

Oskar jobbar beinhardt for det han prøver å få til!
- og han gir seg aldri!

Brorane dine er også heltar -
dei har takla ting som andre ikkje må -
dei ser på deg som ein heilt vanlig gut,
sjølv om du ikkje klarer å gjere det andre kan.
Vi er tigerforeldre -
men jammen har du tigerbrorar også ;)
Vi vil alltid gjere det vi kan for at du skal ha eit godt, lykkelig og meiningsfullt liv!

Oskar og ein av heltane i livet hans -
storebror Emil

Og storebror Ulrik :)
Dette er to gode tøysekoppar ilag ;)


Og du - du som smiler gjennom tårer -
våknar med eit smil -
har ein kropp som aldri lyer deg -
ord som ikkje vil komme ut....
...du er ein helt!

Luringen til mamma og pappa!


Du er verdens vakraste Oskar -
du er sta -
du er sint -
du har pågangsmot -
du er smart -
du har eit smil som kan smelte gråstein -
du har evna til å sjå det vakre i livet -
du er gla - så gla som berre du kan bli -
du er vår Oskar!



Gratulere med dagen til ein gut vi er utrulig stolt av!

Vi elskar deg til månen og tilbake igjen!!!

Klem frå mamma, pappa og brorane

Ps. har høyrt rykte om at det blir fleire presangar i mårgå ;)
Og vi håpar at feber slepp taket snart slik at du er frisk og rask -
men saftis blir det uansett - så mykje du vil ha!

torsdag 12. juli 2012

Barneselskap :)

Følest nesten ut som vi har feira i fleire veker allereie,
og det har vi kanskje også ;)

I går var det barneselskap for Oskar, med 5 kjekke små
gjestar - til neste år tenker eg at det blir selskap med heile
barnegruppa i barnehagen - men vi starta litt forsiktig i år :)

Vi måtte feire denne veka, for bestekompisen reiser på ferie til helga -
og han måtte selvfølgelig vere med...

Utrulig kjekt å sjå kor Oskar gleda seg til dette -
vi har snakka om det i fleire dagar i forveien,
og han lyste opp som ei sol når det begynte å ringe på døra.
Stor stas med besøk, bursdagsmat og presangar :)))

Gaveposar til gjestane som vi faktisk gløymde opp i alt det andre -
men vi får avlevere etterkvart ;)

Bursdagsgut i stolen sin :)
Litt forkava av alt som skjedde....

Alt gjekk kjempefint -
bortsett frå at Oskar svelgte muffinsfyllet litt feil og kasta opp,
men det kom seg fort når han fekk sitte litt på fanget ;)

Blå bursdagsmuffins til ein gut som er veldig gla i blått
(slik som mamsen)

Selskapet var planlagt slik at den eine assistenten var på jobb,
og ho gjorde ein fantastisk jobb slik at eg til og med rakk og
snakke litt med dei andre mammaene som kom :)

På mandag blir Oskar 3 år -
og det skal feirast ilag med oss her heime og besteforeldra :)
3 dagar med feiring - for ein kjekke kar!

Tusen takk til dei som kom i bursdagen -
dette var ei flott oppleving for Oskar :)

Klem frå Sissel





onsdag 11. juli 2012

Vanylvsråkk 2012



I helga som var - kosa eg og gutane mine
oss på Vanylvsråkk heime med mamma & pappa :)

Storegutane fekk ein kjekk konsertopplevelse
ilag med lisjebroren sin.

(dette bildet er tatt av systå - Jeanette som var festivalfotograf)

Oskar syns nok at musikken var i høgste laget
innimellom - men han digga virkelig musikken til Vinni ;)
Då ville han helst vere framme med scena -
klin opp i høgtalarane og danse med mamsen sin ;)
Men hendene holdt ikkje heile konserten -
så han måtte nok sitte i vogna si også ;)


OSKAR DIGGA VINNI :)))

(festivalfotograf  Jeanette)

Oskar hadde godt selskap i besteforeldra -
bestefaren fekk han helse på sånn innimellom -
for han var vaktsjef på arrangementet ;)


Og Oskar var veldig gla kvar gang han kom forbi :)


Bestemor og Oskar tok seg ein liten trilletur mellom
musikkinnslaga og plukka blomster -
som vanlig skal han ikkje gi vekk blomstrane,
men ha dei sjølv ;)
Heilt vanlig normal snart 3åring - skikkelig egosentrisk ;)


Vi kom oss nesten heilt fram til scena og fekk digga litt musikk :)


Storebror Ulrik var ivrig autografjeger under konsertane
og klarte å få autografar frå både "The Blacksheeps" og Vinni :)

Og dagen etter vart det tid til litt bestefarkos før
vi reiste heim igjen til oss sjølve :)

Klem frå Sissel






torsdag 5. juli 2012

Eit lite tips :)

Oskar er veldig glad i å lese bøker,
men det har vore vanskelig å halde han på fanget
samtidig som eg skal holde boka og lese til han...

...såg ein dag på han og assistenten som skulle lese bok -
og fekk plutselig ein ganske god ider som kanskje
andre kan ha nytte av også ;)

Papsen til Oskar er ganske musikkinteressert -
og har ståande ein del forskjellig utstyr til slikt -
så eg kom på at vi har eit ganske robust
notestativ ståande på vaskerommet -
og vips - så vart det bokholdar :)))


Skulle tatt bilde medan eg les til Oskar -
men hadde ikkje fleire hender til overs ;)

Med boka på stativet har eg hendene fri til å kunne
stabilisere Oskar slik at lesestunda blir kjekk og koselig
i staden for at den som skal lese blir heilt gåen i kroppen
av å holde både han og boka :)))

I tillegg har vi ein del bøker med lydar -
og no kan eg faktisk trykke på lydane også ;)

Kanskje noken andre kan ha nytte av dette tipset -
slike notestativ finn du i dei fleste musikkforretningar -
vi har allereie bestillt eit til som Oskar kan bruke i barnehagen ;)

Ha ein fin kveld -
i mårgå skal eg og storegutane på stranda og nyte sola
medan Oskar er i barnehagen.
Så blir det kanskje kanskje ein tur på Vanylvsråkk
om overskuddet er der ;)

Klem frå Sissel



tirsdag 3. juli 2012

Familiefest og ny kommunikasjonsbok

I helga har vi hatt fullt hus og stormande jubel :)
Alle tre gutane har vore feira med nesten 35 gjestar -
pakkar, kaker, is og brus ;)


Strålande fornøgd Oskar fekk seg både klede,
fingermaling, bok og traktor (som e det store for tida)


Bløtkake med jordbær fallt godt i smak ;)

Ellers har eg klipt og laminert dei siste dagane -
for no som Oskar skal få MyTobii (som kjem på torsdag)
skal han ha nye symbol -
og dermed må han ha ny "snakkebok" også -
noke som han syns er veldig kjekt!

I dag las vi i den nye boka han fekk til bursdagen -
og så ville han lese ny bok, men ikkje vanlig bok -
men snakkeboka ;)
Då var han kjapp til å fortelle mamsen at han ville gjere noke,
han ville ut og disse!
Strålande fornøgd Oskar dissa med gliset på plass :)
Han veit kva han vil guten!
Og jammen er det kjekt!

Her er nokre bilder av den nye snakkeboka


Vi har auka opp frå 4 til 10 symbol per side ;)


Denne boka gir større muligheter for at Oskar kan uttrykke
seg enn den forrige


og eg syns symbola er mykje betre ;)


Herlige fargar delar boka inn!

Tusen takk til Anne-Merete som sendte det nye
utkastet i posten som eg har laga ferdig!
Vi gledar oss til å begynne å bruke den :)
Og så får vi utvide etterkvart når vi får det nye dataprogrammet
på plass :)

Ha ei fortsatt strålande veke!

Klem frå Sissel