torsdag 2. juni 2011

Glede i små ting

Å være sterk!

Å være sterk er ikke
å løpe raskt
å hoppe lengst eller
å løfte tyngst

Å være sterk er ikke
alltid å vinne
alltid å ha rett eller
alltid å være best

Å være sterk er å
se lyset når det er mørkt
slåss for noe man tror på
selv om man ikke har flere krefter igjen
og se sannheten i øynene selv om den er hard


Dette diktet fant eg for ei stund sida på Frambu sine sider, Frambu er eit senter for sjeldne diagnoser - blant anna Oskar si. Det fekk meg til å tenke på at vi egentlig er ganske sterke opp i dette fordi vi slåst for det vi trur på, prøvar å sjå positivt på livet - men samtidig vere klar over realitetane. Vi har fått heilt andre verdiar i livet etter at Oskar vart sjuk og gledar oss over dei små framskritta som vi kan sjå i Oskar. Det er kjekt å sjå at han klarer å begynne å kommunisere med oss med ASK og kan få lov til å sjølv bestemme kva han skal leike med, at han kan bade "åleine", at han har glede av å ha andre barn rundt seg og ikkje minst har han no begynt å ete litt sjølv igjen! Det er også ei fryd og sjå kor mykje brorane bryr seg om Oskar og kor stolte dei er av han.
 
Sjølv om Oskar har fleire handikapp og slit mykje i kvardagen, so gir han oss so uendelig mykje glede, han er som alle andre toåringar med "lopper i blodet" og er heilt med på alt som skjer rundt han - han får berre ikkje brukt "loppene" sine på den måten som andre kan...og kan derfor fort bli lei seg eller frustrert. Men han er flink til å finne glede i små ting som eit godt bad, eit smil, tulling og tøysing, leik med augepeiketavla si og eit godt fang å sitte på :) Han er ein liten skøyar som har glimt i auge og kven kan vel motstå dette gliset???

 




4 kommentarer:

  1. Oskar likar så absolutt MASSE tulling og tøysing:)Han er ein gut med masse humor.Smila og,ikkje minst,latteren hans,varmar eit stolt bestemor-hjerte<3

    SvarSlett
  2. Kom over bloggen din via ein venn på facebook, og har no lagt den til favorittane. Oskar er verkeleg ein tøffing, og familien hans verker som den aller beste han kan ha. Har lyst til å dele ein youtubevideo, den viser ei jente eg kjenner som kommuniserer på måtar som nok kan verte aktuelt for Oskar. Ingenting er umogleg! Stå på!

    http://www.youtube.com/watch?v=x6jg9lG0hSM

    SvarSlett
  3. Hei :)
    Kjekt at du vil følge oss vidare - eg fant ikkje youtube- klippet, men lure på om det kan vere det klippet med Hanne? Ho som brukar augepeiketavle på data? Det er nok det som er mest aktuellt for Oskar på sikt. Hanne sin film på youtube har i alle fall gitt meg håp for kommunikasjonen framover :)
    Klem frå Sissel

    SvarSlett
  4. Fekk det fram - det va no Hanne ;) Eg er so gla i den filmen, skal ta å legge ut link oppe på bloggen.

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)