lørdag 29. desember 2012

God jul

Langt mellom innlegga på bloggen no,
men her er det som vanlig full rulle -
og mindre blir det ikkje no når det er jul ;)

Vi har hatt ei frisk og fin jul med mange små og store høgdepunkt :)

Eit av dei store høgdepunkta for Oskar var nok
besøk av "Roger Politi" før jul - Oskar har fått
seg politicaps av denne supre pappaen i barnehagen
tidligare - og no fekk har jammen sitt eige
tjenestebevis også! Oskar har hatt det på seg stort sett
heile tida sida han fekk det - og har hatt stor glede av
å "arrestere" oss andre (med god hjelp av storebrorane)
heile jula :) Tusen takk til Roger - vi er spent på om
vi får politibesøk på nyttårsafta ;)



Politimann Oskar på tur :)




Stilig!
(og det ser skremmande ekte ut -
flaks at Oskar neppe vil misbruke det ;))




Litt karamellesmaking vart det også tid til den siste
dagen før jul ilag med pedagog og assistentar
(viktig og kose seg litt ilag også)




Lørdag var vi i skogen og henta juletre
(og må vite juletrepolitiet var der også!)




Papsen har kjøpt eit slikt lite fint popup-telt
som Oskar har med seg på tur,
gjer det litt lettare når han ikkje vil sitte i vogna eller
det blir for tungt å holde han.





Seinare på kvelden var vi på thairestaurant og spiste middag,
og etterpå på bowling
(bowlingpolitiet er på plass ;))




Kjekt at der er eit slikt stativ som gjer at Oskar også kan
vere med å bowle :) Dette er noke som han likar veldig godt!




Tradisjonen tru vart juletreet pynta på lisjejulafta -
Oskar hjalp godt til med å både pynte treet.....




....og seg sjølv ;)




Det var ganske mange pakkar som skulle få plass
under treet - eller rettare sagt på golvet :)




Mamsen laga julekort som vi la ut på facebooksida til Oskar -
men Oskar er så redd julenissen, at han vart litt redd seg
sjølv i nisselue også...derav det litt skeptiske uttrykket ;)
(om du søker på oskarprinsen på facebook,
så finn du sida hans der - eg er litt flinkare til å oppdatere
der enn på bloggen)




Alle tre gutane fekk masse presangar,
og var veldig fornøgde med kvelden.




Oskar fekk god hjelp av brorane til å opne presangar!



Men presangen som var mest stas var nok denne
Lynet McQueen bilen som Oskar har ønska seg
veldig! Tusen takk til Ringobutikken i Førde som var
behjelpelig med at eg fekk betalt den over nettet -
og frakta den opp på hjelpemiddelsentralen,
og tusen hjertelig takk til dei på hjelpemiddelsentralen som
bygde om denne slik at Oskar kan bruke den!
Snakk om serviceinnstilt gjeng!
Dei har satt i spesialsete med haudestøtte -
og laga til gassbrytar i haudestøtta slik at Oskar kan køyre :)




Dette nydelige bildet fekk Oskar av besten og besta -
det har Aina på Hakallegarden mala og
det skal få hedersplass i det nye påbygget som vi håpar på
å få bygge i 2013




Festpynta tøffing på julafta <3



Oskar har vore to dagar i barnehagen denne veka,
og det gjorde godt både for mamsen og Oskar etter
lange heimeveker. Han hadde storkosa seg med full
fres på akebrett, laga englar i snøen og mala ute -
og no syns han det var heilt greit med litt nyttårsferie ;)



I dag har han vore å handla seg ein megasjokolade
i lørdagsgotteri (som sikkert inneheld proteinar for ei
veke i følge dietten hans...så denne har han nok heile 2013...)
Men guten var veldig fornøgd med kjøpet ;)




Og har hatt mykje morro med å leike i denne digre kassa
som er omgjort til buss/tog/bossbil/postbil mm.
ilag med bestevennen og brorane (+ ein kjekk
kompis til storebror som har vore på overnatting)

Ønske dåkke alle ei fortsatt fin romjul -
skap gode minner og ta godt vare på dei <3
Det har vi gjort <3

Klem frå Sissel

onsdag 19. desember 2012

Hektisk førjulstid

Her, som i dei fleste andre heimar, har det vore ganske
hektisk dei siste par vekene - Oskar vart sjuk etter bakedagen
og våkna opp klokka 05.00 mandagen og hosta i ett strekk
(uten pauser) i sju timar... stakkaren var heilt utslitt og ville
så gjerne sove, men klarte det ikkje på grunn av hostinga.
Vi var til legen på ettermiddagen både på grunn av at han
hosta, men også fordi han hadde fått høg feber.
Så då vart det slått fast at guten hadde fått bronkitt...
heldigvis kan det behandlast med pencilin og etter eit par dagar
var han i alle fall feberfri - skal innrømme at mating kvar tredje
time heile døgnet er ganske slitsomt når han er sjuk -
blir ikkje så mykje soving på noken av oss.


Slakk liten gut...

Han var heime frå barnehagen heile forrige veke,
vurderte å ha han i barnehagen på fredagen - men rett før han skulle
reise hosta han til han kasta opp - så då var det like greit å vere heime.
Mandag var han to timar i barnehagen - og etter det har han vore heime
på grunn av smittefare. Vi er nok litt ekstra forsiktige no når det snart er jul,
for vi har ikkje lyst til å tilbringe jula på sjukehus eller til og frå
legekontor og labratoriet, så eg trur nok han blir heime resten av veka
også. Men skal få ta seg ein tur på bading på i mårgå slik at han får
 litt avveksling frå heimelivet :)

Men vi har no fått gjort litt allikavel - fysipterapeuten til
Oskar har vore her og trena ilag med han, og han har vore veldig
flink til å holde og flytte puslespelbrikkar (i tillegg til mange
andre ting)



Stolt liten kar som jobbar iherdig!


Og vi har fått heim tante Linda frå new Zealand!
Det er 1 1/2 år sidan sist vi såg henne, så ho vart
selvfølgelig tatt imot med brask og bram!




Det vart nesten eit lite 17.maitog :)
Vi kosa oss ilag heime med tanta til Oskar på Eid,
og pynta delane til pepperkakelastebilar,
pepperkakehus og pepperkakekirke ;)



Resultatet vart veldig bra etter at det vart limt sammen :


Største storebror sin lastebil!
(Bestemora til Oskar hadde laga delane til denne)


Oskar og mamma si kirke.....


....og mellomsteluring sitt pepperkakehus :)


Og vi blir nok klar til jul i år også : dei fleste pakkane er ferdighandla,
nokre sortar julekaker har komt i boks, litt brødbakst har komt i frysaren,


mamma sin 37 år gamle nisse har komt på plass i trappa,

juleneket til fuglane (og mat på brettet ute) er i orden


og planen til Oskar er pynta til jul ;)



Og Oskar er tross alt i eit ganske godt humør!
Han er utrulig flink til å finne seg i å vere heime,
og faktisk veldig flink til å vere sjuk -
det er ikkje mykje syting på denne guten!



Måtte flire godt i kveld når eg begynte å snakke om at han
skulle vore til frisør og klipt håret sitt (noke han syns er veldig
stas) - og då kom naturlig nok praten innpå voks og farge i
håret...og det rett før tennene skulle pussast... Oskar nekta plent å
opne munnen, og det tok ei stund før mora skjønte kva det var ;)
Han kikka ganske intenst på boksa der han har "toalettsakene" sine
og ropte litt til mamsen sin - og lettelsen var stor hos guten når eg skjønte
at han ville ha voks i håret ;) Det fekk han selvfølgelig! Men når voksen var komt
i håret ville han fremdeles ikkje opne munnen (noke mamsen syns var
ganske rart, for Oskar likar å pusse tennene) - men han kikka bort på
speilet...så når han då fekk kikka seg i speilet og konstantert at han var
fornøgd med sveisen, så opna han munnen villig ;)

Han er som dei fleste andre treåringar guten vår, og har
heldigvis ein sterk vilje som vil komme godt med seinare i livet!

Ønsker alle ei god natt og fortsatt fin førjulstid <3

Klem frå Sissel

PS. det er berre 5 dagar igjen til julafta!!!!





søndag 9. desember 2012

Kakebakedag og småsjuk

I dag har vi hatt årets kakebakedag -
15 stykk med smått og stort har kosa seg her
heime ilag med oss -
ein utrulig kjekk tradisjon som vi har holdt på med
sidan vi flytta i eige hus for 11 år sidan.
Då samlast vi systene med familie og mamma & pappa
her heime med oss - og som regel nokre ekstra ungar,
i år vart det 3 ekstra og så mangla vi mistesystå som
kjem heim frå New Zealand neste helg.
Men neste helg blir det pepperkakelastebilpynting på Eid :)

Oskar var med ei stund og baka,
men dessverre er ikkje forma heilt på topp -
så det vart med litt baking og litt maling av julemenn.
Han er ganske forkjøla og fekk i ettermiddag litt
feber også, så her er det sos-regime og mest sannsynlig
eit legebesøk på planen i mårgå.

Heldigvis er det to veker igjen til jul enno -
og dermed god tid å blir frisk på ;)


Klar til kakebaking i stolen sin - med storebror sitt gamle
juleforkle :) Like blid sjølv om han ikkje akkurat sov så
godt i natt!


Tunga beint i munnen -
"Eg er klar!"


Oskar og Besten bakar julemenn ilag <3


Og alle julemannane må selvfølgelig malast før dei er klar
for kakeboksane :) No satsa vi på at det er nok julemenn
fram til jul (for dei smakar best før julafta)


No er det tid for kos før Oskar forhåpentligvis
vil sove litt i natt :)

Har du baka i helga?

Klem frå Sissel


lørdag 8. desember 2012

Ukeplan og overraskelse ;)

Som mange som følger med på facebooksida til Oskar sikkert
har fått med seg for lenge sida - så har eg vunne ein ukeplan
til Oskar på ei konkurranse som "Ukeplan" har hatt på sine
facebooksider :) Vil benytte anledninga her også til å takke
alle som stemte fram Oskaren vår - og som faktisk både klarte
å sperre chatten sin mm i sin iver etter å hjelpe til ;)

Må innrømme at det heile tok litt av - og eg hadde ein følelse
av å vere i "bakrus" dagen etterpå - vart nesten meir spennande
enn eg hadde rekna med at det skulle vere...
MEN : det kjekkaste av alt var at Ukeplan ga vekk ein premie
til henne som kom på andreplass også (som eg syns fortjente
den like masse som oss)! Utrulig flott gjort av Ukeplan syns eg!

Eg har lenge hatt ein draum om å få ordna ein slik plan til Oskar,
både fordi eg hadde ein plan om korleis eg kunne lage den litt annleis -
og fordi eg syns den er eit dekorativt hjelpemiddel i kvardagen,
både for oss, assistentane og andre som er innom oss
"i tide og utide" ;) No har planen komt på veggen her heime -
og eg syns den vart kjempefin! Foreløpig heng den i trappeoppgangen -
men planen er at denne skal henge på oppholdsrommet til Oskar i
påbygget (om det ein gang blir påbygg her heime).


Syns den vart kjempefin!


TUSEN TAKK TIL SIRI I UKEPLAN :)))
Og tusen takk til Tanja som har designa denne planen kun
til Oskar - ho har gjort ein flott jobb! Denne planen er faktisk
designa på Eurofoto på Reed (som er eigd av Japan Foto) -
ikkje så langt herifrå, og ein plass vi svippar innom på besøk i blant
fordi vi har gode vennar der inne ;)

Ukeplan si side finn dåkke HER

Så var det over til den store overraskelsen vi fekk -
skjønnar at ein del av dåkke har lurt veldig på kva det kan vere
på Oskar si facebookside ;)

Her kjem ei litt utrulig historie :

Då eg la ut historia til Oskar for å sjå om vi kunne vinne ein
ukeplan til han, så var eg på nippet til å trekke meg fordi eg syns
at Trude Sommer som også hadde mange stemmer fortjente den
like masse som oss <3 Dette hadde nok ein del fått med seg. No vant no vi
ukeplanen og Trude fekk også ein - så det ordna seg til det beste for alle.

MEN - ei kjekke dame som heiter Ingelin hadde eit ønske om at Oskar skulle
få planen uansett om vi vant eller ikkje ;) Så ho starta ein innsamlingsaksjon
på facebook (på ei hemmelig side, som eg ikkje visste om før seinare) der ho
samla inn pengar til ein slik plan til Oskar :) Det mest utrulige er at denne kjekke
dama er ein av dei ansatte på Kiwi i Polljen, ikkje ei eg kjenner godt i
utgangspunktet - men ei eg pratar med når vi treffast og som eg har
på facebook. Når vi kom heim frå Hamar kom ho på besøk med
eit stort kort med 57! namn på og 3000 kroner til oss
og Oskar!

Eg er så utrulig rørt over kor masse godt som finst i folk!
Det er tydelig at Oskar si historie rører ved hjertet til andre mennesker også <3
No skal det seiast at eg er utrulig gla for pengane vi fekk, og dei har eg delvis
brukt til å designe planen til Oskar og tilbehøret, men mest av alt er eg takknemmelig
for den støtta vi har frå andre! Det finst så utrulig mykje godt her i verda!
Eg skal tenke godt over kva vi skal bruke resten av pengane til etterkvart.

TUSEN HJERTELIG TAKK TIL INGELIN OG ALLE DÅKKE SOM
VAR MED PÅ DETTE!

Ellers så har den siste tida gått i ett, samtidig som vi prøver å bli klar til jul -
så har denne veka gått med til mykje møter og reising.
Vi har hatt både husmøte ang påbygget (noko som har tatt i overkant lang tid),
ansvarsgruppemøte der vi har starta med planlegginga av skulestart for guten,
ASK-nettverk på Sandane (alternativ og supplerande kommunikasjon) og
avslutta med eit besøk på barnehabiliteringa i Førde.



Vi prøver å blir klar til jul, og då må både julegavene pakkast inn....


.....og vi må pynte litt ;)



Oskar har vore frisk og i fin form etter at vi kom heim frå
Hamar - og har sove godt på nettene :)
Men i går merka vi at han begynte å bli forkjøla,
og han har hatt ei litt urolig natt i natt - men til no har han
sluppe unna feberen, så kanskje kanskje det går bra...
Heldigvis er det ei stund igjen til julafta enno,
for eg må innrømme at den store skrekken er å måtte tilbringe
jula på sjukehus....

I mårgå skal vi bake pepperkaker og julemenn ilag med familien,
og eit par ekstra tenåringar vi har fått låne i helga,
ein tradisjon vi har hatt dei siste 11 åra etter at vi flytta i eige hus.
Så det gledar vi oss til!
Og neste helg kjem tante Linda heim (systå mi) frå New Zealand -
det skal i alle fall bli kjekt - for no er det 1 1/2 år sidan sist
vi fekk gi henne ein stooooooor klem :)

Ha ei flott helg alle sammen!

Klem frå Sissel




mandag 26. november 2012

Full rulle på Hamar :)


Det har vore full rulle den siste tida :)
Oskar har trena hardt her på Hamar - og tida spring heilt
frå oss - "so much to do, so little time" ;)


Torsdag forrige veke starta ganske vanlig med trening -
og det gjekk egentlig ganske greit sjølv om Oskar var litt lei
seg denne dagen...


Vi rakk til og med å prøve ein ny stol til Oskar -
denne heiter Krabat Jockey - og han sat fantastisk fint i den,
sjølv om han var ganske sint her ;)

Denne skal vi søke om i alle fall, har ikkje sett så god sittestilling
på guten tidligare eg... Og uansett er det godt å kunne variere sittestillinga
litt for han som for alle andre treåringar.

Men utpå ettermiddagen og kvelden skjønte vi etterkvart at ikkje
alt var som det skulle vere, og når Oskar kom tilbake frå ein liten
trilletur ilag med assistenten hadde han plutselig 40 i feber...
Syns det er litt ekkelt når feber kjem så brått på,
men gav han ein stikkpille, starta opp sos-regime og tenkte
at vi kunne ta oss ein tur til lege og ordne litt blodprøver dagen etter...
Så var det ikkje berre feber....litt utpå kvelden begynte Oskar å spy -
og då var det berre å få kontakt med Førde for å få litt hjelp til å forklare
situasjonen til barneavdelinga på Elverum - ringe 113 og vente på ambulanse...
...turen gjekk ganske kjapt, etter 20 minutt var vi komt fram og Oskar fekk satt inn
intravenøst slik alt skulle gå bra.



Tapre vesle guten vår!


Første natta hadde han veneflonen i "armhola", men når han våkna til på
morgenen merka vi fort at det ikkje fungerte når han stramma musklaturen
i overarmen - så derfor fekk han ny veneflon i foten.
Må berømme Oskar på tre år som ikkje grin eingang når dei stikk han!
Han spenner kroppen sin før dei stikk, for han veit kva dei skal gjere,
og så er han veldig fornøgd når han får premie etterpå.
Etter alle blodprøvene på sjukehuset enda han opp med heile 7 ringar
og eit armband - og det er stas, for han er veldig gla i å pynte seg!



Utpå lørdagen begynte guten å kvikne til litt,
men vi vart værande til søndag for å vere sikker på at blodprøvene
vart betre før dei skreiv oss ut.
Her har guten fått fiksa sveis med voks i håret og kosar
seg godt på fanget til mamma.


Har du sett ein slik nydelig liten kropp før?
Kven skulle tru at denne avslappa kroppen ikkje vil gjere
slik Oskar vil når han er våken?

Tusen takk til personalet som passa så godt på oss medan
vi var innlagt og til superkjekk assistent som vart ein dag ekstra
her nede for å hjelpe Oskar og mamsen på sjukehuset!



I dag har Oskar vore i storform på trening og imponert både mammaen
og bestemora si (som er her ilag med oss denne veka)


Han klarte å sitte på stolen medan eg telte sakte til 83!!!
Dette kan virke som små ting for andre,
men for oss er det STORT!


Treninga vart avslutta med skikkelig griseri ;)
Oskar fekk maling på handa si og laga handavtrykk,
både på arket, mamma og seg sjølv ;)

På ettermiddagen har vi vore på kafe,
og avslutta dagen med bading i varmtvannsbasseng -
DEILIG :)

Tusen hjertelig takk for koselige kommentarar -
både her og på facebooksida til Oskar
(som du finn dersom du søker på Oskarprinsen på facebook)

Ha ei god natt!
I mårgå står det julegavehandel på programmet :)

Klem frå Sissel