Knapp på magen

Oskar fekk operert inn knapp på magen etter at han vart sjuk, heldigvis kom han til fort fordi vi brukte opp til 12 timar i døgnet på mat den første tida. Guten rakk no aldri å bli svolten igjen før vi "stappa" i han meir mat.

Til å begynne med hadde han PEG, denne vart skifta ut 6 veker seinare med Mickey-knapp, men no brukar han MiniOne som har fleire alternativ i forhold til matestykker. Oskar har ein proteinfattig diett der alt han skal ete som inneheld meir enn 0,5 gram protein per 100 gram må vegast nøyaktig opp. Per i dag får Oskar 12 gram protein i døgnet, altså 1 gram per kilo kroppsvekt per døgn.

No et han sjølv det han vil ha, resten set vi i knappen slik at vi blir ferdig med måltidet. Kor mykje Oskar ete varierar med kva form han er i. I vinter har han ete veldig lite sjølv på grunn av at han har vore mykje sjuk, slimete og snårete (spesiellt etter at han fekk rs-virus i februar).

Vi er medlemmar i knappenforeninga som eg syns har ei flott forening for dei som har knapp på magen :) Vi brukar "button buddiesa" rundt knappen, vaskbare kompress med flotte motiv på - noko som eg syns ufarleggjer knappen for andre barn og voksne... Han har både kompress med brannbil, frosk, apekatt, dinosaur mm - dei er kjempefine! Vi var en gang på besøk av ein kjekk liten 3-åring som hadde fortalt i barnehagen etterpå : "Oskar har hol i magen - men han har brannbil på!"