fredag 17. juni 2011

Snart laurdag og besøk

No er vi ferdige med treningane for denne veka og gledar oss til vi får besøk i morgon! Det skal bli kjempekjekt at Odd og storegutane kjem og skal vere ilag med oss den siste veka :) Her er nokre bilde frå treningsøkta i dag som er tatt av Kristine (fysioterapeuten til Oskar) som i følge seg sjølv er ein dårlig fotograf, og eg er tilbøyeleg til å vere enig ;) Men, men....du ser allikavel kva vi gjer :


Her er treningsbenkane vi brukar - lengst framme ser du handtaket Oskar held fast i når han står og sitte på stol, under sjalet er ei leike - Oskar skal ta vekk sjalet for å finne ut kva som er under, papegøya brukar han å holde fast i når han strekker ut, der ligg også ei slags gummipølse med knottar på som han brukar å rulle føtene sine på (desse to bilda har eg tatt sjølv)

Her driv vi med passiv strekking av handleddet, og synge vinkesang mens bamsen ser på (eller som ein av konduktørane so sjarmerande seier : brumsen....)


Med skinner og litt hjelp kan Oskar KRYPE!!! I dag klarte han å holde haudet sjølv :) Eg hjalp til med hendene medan konduktøren hjalp til med føtene.

Oskar sitte på stol med dei nye armskinnene han har fått...

Då ønsker vi alle sammen ei riktig god helg - det skal i alle fall vi ha <3

2 kommentarer:

  1. Så spennende å klare nye ting!! Good job, Oskar!!! Kor ofte skal Oskar få trener på Hammar? Kos deg masse med alle gutane dine, Sissel og god helg til dokke alle samman! :)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)