torsdag 28. juni 2012

Storebror er 13 år!

Til Emil :)

Tusen takk for at du er den du er!
Tusen takk for at du alltid har tid til lisjebroren!
Han er så inderlig gla i deg -
og det er vi andre også :)


Du er :
snill
omtenksom
sta
og
har eit hjerte av gull!

Gratulere med dagen til ein flott tenåring!!!

Klem frå mamma



søndag 24. juni 2012

Livet er som ein liten karusell...

...i alle fall her i huset...

Helga starta heller dårlig, med ein liten gut som
slett ikkje var i form,
han hadde hovne mandlar, tett nase,
feber - og legen hadde mistanke om
skarlagensfeber. I løpet av dagen måtte vi gi
febernedsettande to gangar på rad, både paracet og
ibux før feberen gjekk ned - Oskar kasta opp maten
eit par gangar og var veldig slakk....
kjente at eg rett og slett vart litt redd....


Slakke liten gut....

Fekk starta opp på pencilin, og tok høgde
for sjukehusinnleggelse og pakka klar baggen -
men så var heldigvis blodprøvene fine,
og guten vart i bedre form,
lørdag våkna han opp uten feber -
og var berre litt tett i halsen og nasa -
og i dag har han vore i strålande form :)))

Så fort kan det snu her med oss ;)

Så her benytta vi oss av dagen og har vore
på Måløydagane og virkelig kosa oss :)

Oskar fekk gassballong og sukkerspinn av
storebrorane som var der i går også - og har
tviholdt på ballongen her heime ;)



Vart nesten litt forkava av heile ballongen,
men jammen va det stas :)

Det var endå større stas å få oppleve livet i gata sjølv!
Og kjekt for oss å sjå kor han kosa seg der i år,
og kor lite stressa det gjorde han å vere der!



Første stopp var hoppeslotta - som utrulig nok var
gratis for alle - og veldig kjekt :)


Og sjå kor fint eg kan sitte ilag med mammaen min!
(dette er ein veldig lykkelig liten Oskar -
men det er vel ikkje så vanskelig å sjå ;))



Og vi var så heldige at vi fant ein karusell som var plass
til mamma ved siden av - og gjett om Oskar kosa seg!
Ein veldig kjekk "karusellmann" kjørde til og med
ein gratis ekstratur til sjarmøren ;)


Heile tre gangar tok vi denne,
Oskar kunne nok godt ha kjørt mykje meir,
men då hadde mamsen blitt litt svimmel ;)

Etter ein lang dag på tur,
tok pappa, Ulrik og Oskar båten heim frå Måløy -
medan mamsen kjørte bil ;)

Ei superduper avslutning på helga,
som i utgangspunktet var ganske kjip!

Ja, livet er jammen ein karusell -
men takk og lov er oppturane fleire enn nedturane :)

Klem frå Sissel


tirsdag 19. juni 2012

Grillfest ;)

No har det vore tida for alle slags avslutningar,
og i kveld har vi vore på avslutningsfest for
7.klassingane i klassa til største storebror :)

Oskar var spenn klar når eg spurte om han
ville vere med på fest ;) og det var
heilt greit å køyre bil også :)))


Vi hadde avslutninga på Steinvik Camping -
og her var det kjempefint :))
Både elevane, søsken, foreldre og lærara var med -
og det vart delt ut presangar og grilla mange kilo
med pølser og grillribbe

Oskar var nok mest opptatt av grasklippartraktoren som
var der - med hengar!!!!
Han vart heilt ellevill kvar gang den kom ned der vi var
- og veldig trist kvar gang den køyrde derifrå....

Men - jammen fekk ikkje han seg ein køyretur også -
og lykkeligare gut skal du leite lenge etter :))))



JOHOOOO!!!!!

Oskar kan ikkje spise grillmat -
men hadde medbrakt banan som var populært
og hold svolten unna til vi kom oss heim.

Ha ein strålande kveld vidare,
no laddar vi opp til Måløydagane og jonsokfeiring i helga ;)

Klem frå Sissel


søndag 17. juni 2012

Tannpleier og fotballcup

Vi har hatt ei veke med fullt program -
som vanlig ;)

Tidligare i veka var Oskar til tannpleier Heidi -
han går dit tre gangar i året for å sjekke tennene og
få på fluor for å unngå hol i dei -
dette på grunn av at Oskar har refluks og slit med ein del
sure oppstøt og oppkast på grunn av den -
og tennene - dei passar vi på!

Oskar er heldigvis gla i å pusse tennene og smiler
når eg spørr om vi skal gjere det ;)
Fast rutine med sang "Puss, puss - så får du en suss"
og så må Oskar få sparke igjen glasdøra på skapet
på badet når vi er ferdig (stor stas).


Oskar gapar høgt!
Fekk to nye tannkostar med Heidi ;)


Spennande og sjå på seg sjølv i speilet -
vi var litt bekymra i forkant for Oskar hadde fått
nokre gulaktige flekkar på framtennene etter eit par
pencilinkurar i april - men desse klarte heldigvis tannpleieren
å pusse vekk med litt slipemiddel på tannkosten sin -
så no er dei skinande kvite igjen :)


Og som premie valgte Oskar selvfølgelig nye ringar -
her er nokre av dei ;)
Og jammen er dei på fingrane enno!

I dag har vi vore på fotballcup og sett mellomste luring
spele tre kampar :)
Bortsett frå duskregn var det ein flott dag -
og Oskar kosa seg -
han traff til og med nokre barnehagekompisar på tur ;)



Full guff på banene :)



HEIA ULRIK!!!!

Ha ei strålande veke - her skal vi ta tak i nye
utfordringar som har dukka opp ;)

Klem frå Sissel


onsdag 13. juni 2012

Barnehagefotografering :)

Må berre dele dette nydelige øyeblikket
som fotografen frå Caspersen Foto
klarte å fange av prinsen i dag :


E ikkje han her nydelig?

Klem frå Sissel
(som har bestillt masse bilder;))


tirsdag 12. juni 2012

Tull og tøys ved leggetid ;)

Og nei....dette dreiar seg ikkje om at det er
vanskelig å få Oskar til å sove på kvelden
(sjølv om det kan også vere ei utfordring)

Dette handlar om ein tullete storebror -
som likar veldig godt å komme inn til Oskar når
han skal legge seg og ta kveldens siste
tulleøkt ;)


Her er det....


....tull.....


....tøys....


....og fanteri :))))

Kjekke brora!

Ha ein flott dag - her skal vi straks til tannpleier ;)

Klem frå Sissel


søndag 10. juni 2012

My Tobii

Då er det klart :
Oskar skal få MyTobii!


Oskar har fått ny nakkestøtte som stabiliserar
haudet han bedre - så får vi sjå om han treng mindre støtte
når han kanskje klarer å holde haudet meir stabilt sjølv :)

Han har gjort det over all forventning på
utprøvingsdagane og vi er kjempestolt av han!
Alle fagpersonane rundt han er kjempefornøgd med
korleis det har gått desse dagane -
og takk for at dei, ilag med oss, har hatt
så sterk tru på Oskar og at han kan få til :)


Vi sat på eit anna rom og fekk observere kor flink Oskar er :)
På skjermen til venstre ser du kva Oskar ser på sin skjerm,
der den raude firkanten er ser du kva han har valgt å sjå på.
På skjermen til høgre er det bilde av Oskar og nede på skjermbildet
ser du to kvite prikkar på svart bakgrunn - dette er kor augene
til Oskar ser - fantastisk ikkje sant?

Vi har aldri vore i tvil om at Oskar forstår,
og det er nok grunnen til at han blir så frustrert innimellom også...
ikkje rart når du ikkje får lov til å seie kva du vil,
kor du har vondt eller kva du ikkje vil....
Men Oskar er også god på å gi beskjed uten ord,
men det er ikkje alltid vi tolkar det rett...

MEN : no skal Oskar få eit språk!


Her er skjermen Oskar brukte - den han skal få no er
litt mindre, denne er 17 tommar medan den nye skjermen er 15 tommar

Det er langt opp og fram enno - og
det vil kreve mykje av både Oskar, personalet hans
og oss her heime - men vi er alle villige til å legge
ned det arbeidet som trengst for å få til dette!

No i starten skal det vere mest leik og morro -
Oskar skal lære seg å bruke fleire "knappar" på skjermen
og skal bruke den til blant anna leikar, spel og filmsnuttar -
men opp og fram skal dette blir språket hans -
og det er nesten ikkje til å klare å forklare kor stolte vi
er av minsteguten vår!


Eg fekk også lov til å komme inn ein tur på slutten av dag 2
slik at Oskar kunne vise mamsen kor flink han er ;)

For han har jobba beinhardt desse dagane -
og viser stor glede av å holde på med det -
og då er vel utgangspunktet så bra som det kan bli -
resten er opp til oss rundt han -
for Oskar har vist oss at han kan!!!


Skikkelig engasjert!

Selvfølgelig skal vi fortsette med "pappen" -
eller ask-symbol på papir og i bokform slik som no,
i tillegg til dataskjermen -
for ein dataskjerm er ikkje så lett å ta med seg overalt ;)

Vi gledar oss til fortsettelsen :))))

Klem frå Sissel

onsdag 6. juni 2012

Spennande dagar!

Det er spennande dagar her med oss -
Oskar har besøk av eit flott og engasjert team frå
nav "tilde" som held på med uttesting av
augepeikedata til han.

Oskar har jobba beinhardt desse to dagane -
og må nok gjere det i lang tid framover for
å få det til - men vi er i gang!

Og det rører i eit mammahjerte når vi får bekreftelse
på det vi alltid har visst -
OSKAR FORSTÅR!

Når han vart spurt om å sjå på bildet av bestemor,
bestefar eller brorane - så gjorde han det :)))

Vi er forsiktige optimistar og
gledar oss til vidare arbeid framover.

Vi har ikkje forstyrra helten ved å ta bilder av
han - men skal sjå om vi ikkje får tatt
nokre i mårgå ;)

Tusen takk til eit fantastisk team frå Tilde,
flotte fagfolk frå statped Vest, barnehabiliteringa i Førde og
hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane!

Og ikkje minst takk til ein dyktig og engasjert pedagog -
og herlige assistentar som eg har mest lyst til
å binde fast slik at vi aldri misser dei!

Forsettelse følger.....

Klem frå Sissel

lørdag 2. juni 2012

Utmarkstur

For ei stund sida fekk Oskar invitasjon i posten
til Utmarkstur i regi av "Den norske kyrkja" -
Dette er ein del av trusopplæringa i kommuna
for alle treåringar som er døypte -
og vi tenkte at dette måtte vi bli med på ;)
Kalvar, killing, hund, sauar, sang og fjæretur
må no vere midt i blinken når ein er 3 år,
og her er trangen til opplevingar like stor som
i andre familiar med små barn.


Det var strålande sol når vi kom fram, men plutselig kom
det eit ganske heftig veir med både vind og sludd....
var nesten slik at vi vuderte å reise heim ei stund -
for både mamsen og assistent vart klisjklasj våte...
tørrast var nok luringen i vogna ;)

Men det forsvant like ovverraskande som det kom -
og sola varma resten av turen, så vi tørka opp igjen



Fantastisk utsikt rett ut i havet -
var gla for at vi hadde leita fram vinterdressen til
turen - og ein kjekk liten kar lånte vekk ekstralua han
hadde i sekken til mammaen sin :)



Oksar....


....geitekilling.....


.....traktor....





...og ein veldig lykkelig Oskar!


Vi fekk til og med køyre tur på traktorhengaren -
Oskar holdt fullt fokus og storkosa seg  :))))
Skulle hatt ei slik heime ;)



Til slutt var det grilling, matpause for Oskar,
sang og fortellingar i fjæra i hærlig solskinn!
Vi hadde to kjekke jenter som hjalp til med
sondinga og fekk kikke på knappen også :)
Trur det var stas for både jentene og Oskar!



Oskar fekk heilt til slutt vere "spion" i eit lite
skuespill - stor stas - og flott sammensvergelse ilag med
den andre spionen (ein pappa som var med ein annen gut)

Tusen takk for ein superduperdag!

No skal mamsen lage samtaleark til barnehagen -
slik at han kan få fortelle om kva han har gjort på
til dei også ;)

Klem frå Sissel