søndag 10. februar 2013

Full fart!!!!

For 2 år sidan fekk Oskar seg akebrett -
men vi har slitt med å klare å bruke det...
Ein kombinasjon av at Oskar ikkje har klart å sitte
rett i ryggen og at det har vore vanskelig å finne riktig
haudestøtte, men i dag fekk vi det til!
Haudestøtta er nok ikkje optimal enno,
men vi slepp i alle fall å støtte haudet hans heile tida :)
Skal sjå om vi får ei ordning på dette også etterkvart,
for dess meir sjølvstendig Oskar kan vere i hjelpemiddela sine -
dess kjekkare er det å bruke dei, både for han og oss.

Akebrettet er litt tungt å drage på,
men jammen fekk vi god fart nedover bakken
(lettast å få det til på vegen der snøen er hardpakka,
trur ikkje eg tar med dette i laussnøen) -
dess fortare det gjekk - dess artigare syns
Oskar det var!
Han likar fart og spenning han her!



Han sit nok ikkje heilt optimalt, vart litt skeiv i ryggen
og ikkje nok støtte til haudet - men det gjekk i alle fall
ann å bruke det - og med lammeskinn nedi vart det ikkje så lett
å sige lenger ned heller :) Artig å sjå at Oskar er meir og meir framme
med begge hendene (tidligare har han som regel hatt den eine handa
bak for å stabilisere kroppen sin). Og det at han klarer å sitte i denne viser oss
at han har blitt sterkare i kroppen sin enn tidligare.




Full fres for mamma og Oskar -
eg ropte og han gliste ;)




Kjekt å ha med brorane ut og veldig kjekt å gjere noke ilag
alle tre!



Veret viste seg frå si beste side i dag - måtte det bli mange fleire slike
dagar. Forhåpentligvis får vi eit lite og veldig lurt hjelpemiddel på plass
snart som kan gjere det endå artigare med vinter ;)



Oskar har det samme "skallet" i Lynetbilen sin som
han har i akebrettet, men med ei litt anna haudestøtte
(denne har brytar i seg) - heller ikkje her sit han heilt optimalt,
men du verden så gøy det er ;)



Klem frå Sissel

Nye hjelpemiddel

Etter nyttår har vi fått mange nye hjelpemidler i hus -
hjelpemiddel har vore ei stor utfordring for Oskar.
Det har vore vanskelig å finne dei rette som
faktisk blir til hjelp - og ikkje fleire klestativ i huset vårt.
Det er ei kjensgjerning at hjelpemiddel som ikkje fungerar
bra nok - det blir ikkje brukt....

MEN - dei vi har funne no trur vi skal fungere og
har i alle fall gitt eit godt førsteinntrykk og Oskar har
akseptert dei bedre enn han har tidligare med andre
hjelpemiddel :)

Først kom den nye Krabat Jockey Plus stolen i hus -
denne har eg gleda meg veldig til at Oskar skulle få!
Her sitte han i ridestilling og eg syns han får mykje betre stabilitet
i bekkenet når han sitte i denne - og at han dermed får ei bedre
holdning i ryggen og meir kontroll over haudet sitt :)
Har store forventningar til at denne kan vere ein stol
som Oskar kan sitte bedre i enn den han har hatt tidligare -
det einaste som kan vere ei utfordring er at den ikkje kan tilltast når
vi skal sette Oskar opp i stolen - men det må vel gå bra når ein er
blekksprut ;)


Denne stolen har bord - men ikkje armlener,
så dette trur vi skal bli bra :)

Eg er stor fan av Krabat sine hjelpemiddel -
Oskar har Krabat Pirat (badehjelpemiddel) og Krabat Pilot
(krabbehjelpemiddel) frå før - og syns at hjelpemiddela dei har er godt
gjennomtenkte, har ein fin design og fungerar veldig bra.
Du kan sjå fleire hjelpemiddel frå Krabat HER



Oskar har også fått ny bilstol på utprøving -
den gamle har blitt alt for liten og han har egentlig ikkje
vore så veldig god å sitte i heller - denne ser mykje bedre ut.
Skal ha polstring på selane slik at dei ikkje gnage på skuldrane og
ei ekstra pute til å ha under baken slik at han kjem litt høgre opp.



Den mest tekniske duppeditten vi har fått i huset i det siste
er denne NF-Walkeren ;) Ser nesten ut som eit lite robotskal -
men denne er artig! Her kjem Oskar seg opp i vanlig høgd,
og må seie at eg vart litt overraska over kor høg guten vår
har blitt! Meininga er at han skal kunne bruke denne i leik med
andre barn - slik at han kjem seg i samme høgd som dei - og
at han kan få gåtrening (ikkje fordi vi trur at Oskar skal kunne gå
sjølv, men fordi det er viktig for kroppen å komme seg opp i
ståande stilling og få bevege seg)
HER kan du finne meir informasjon om NF-WALKER

- neste gang vi skal inn å stille
på walkeren skal Oskar få prøve ut Innowalker (som er ei maskin der Oskar
står i ro medan den bevegar føtene hans ) - nokre huskar kanskje denne
frå "Skaperen" på tv2 for ein del år sidan
og HER kan  du finne meir info om INNOWALK :)

Alt dette er spennande hjelpemiddel som vi håpar på skal hjelpe
Oskar etterkvart :) Eg tenker at desse to gåhjelpemidla tilsammen
kan vere veldig hensiktsmessige å bruke ein del tid på -
dersom innowalkeren kan hjelpe Oskar til å få eit gåmønster -
så kan det igjen gjere at han ein vakker dag kan bruke
nf-walkeren uten hjelp - og når den vakre dagen kjem -
då har Oskar komt lenger enn vi noken gang har
turt å drøyme om!

Det har skjedd mykje meir, men det får eg skrive litt meir om seinare ;)

Klem frå Sissel