lørdag 4. juni 2011

Litt av kvart

I går trur eg at eg endelig klarte å stille inn ståstativet slik at det passar skikkelig til Oskar igjen, han har vokse so mykje den siste tida - og so har det vore vanskelig å stille det skikkelig inn igjen til han....Men no trur eg at eg har klart det! Han stod faktisk i nesten 25 minutt i går - og det trur eg nesten må vere ny rekord her heime (uten å vere sint)... Han har ikkje reimer på føtene i dette stativet, og det trur eg er ein bommert. I går kjøpte eg han eit par med lette adidas-sko (han har spesialsko, men likar ikkje å bruke dei fordi dei er so tunge) - og då stod han mykje bedre på føtene også :

 Kjekt å spele musikk mens eg står ;)

Blir fort litt vridd i kroppen når eg skal prøve å gjere noke, her tar eg fram venstrearmen for å spele - då vrir eg den høgre handa bak på ryggen og vrir haudet til venstre for å klare det....

I går var Oskar litt trist og lei - vi satt og såg på tv ei stund, men det var ingen suksess.... Heilt til eg oppdaga at HAN FAKTISK KJEDA SEG..... når vi tok oss ei stund på golvet med tull og tøys og deretter ei god stund i ståstativet var livet mykje kjekkare! Ulrik syns det va kjekt å vere fotograf når vi to tulla oss på golvet ;)

 Kva i alle dagar er det som er oppe på haudet mitt????

 Hatten til Ulrik!!! Syns kanskje den va litt irriterande å ha der, men ganske kul ;)

 Heilt svett av all herjinga - litt avslapning med mamma til slutt...

I dag har vi kosa oss i konfirmasjonen til superkjekke Anders! Både eg og Odd er faddera på han og vi hadde gleda oss masse til denne dagen, men var litt spent på korleis Oskar ville like det. Men det har egentlig gått over all forventning, vi lot vere å gå i kirka fordi det trur eg ikkje hadde fungert. Men vi fekk med oss både middag og kaffi alle sammen. Oskar hadde det kjekt, sjølv om vi måtte holde og bære han ein del. Trur nok det hjalp på at det var so mange kjente fjes der ;)




Kosa meg på bestemor sitt fang og smiler litt trøtt til fotograf mamma - etterpå var eg på trilletur først med pappa og so med bestefar - fekk meg ei god pause med litt søvn mellom middagen og kaffien - og det hjalp godt på...

No er vi snart ferdige å pakke til vi skal vere 3 veker på Hamar der Oskar skal trene på PETØ-senteret. Det blir kjempespennade og vi gledar oss masse. Den siste veka har det blitt mykje listeskriving - det er ikkje gjort på ein liten time å pakke til vesleprinsen vår...Eg trur eg har ei liste på nesten 2 A4 ark ;) Det er sondeutstyr, medisinar, diettmat, vekt, vannkokar, inhalasjonsapparat, peg-beskyttarar, masse klede ++++ Men no trur eg at vi snart er i boks ;) Og so har vi laga lister over alt det mamma og pappa skal huske på medan dei skal vere her med dei andre to - heldigvis kan dei stille opp og passe storegutane slik at vi kan få til å reise. Vi har også gode vennar som stiller opp og køyrer på fritidsaktivitetar mm - eg er virkelig gla for det store og gode nettverket vi har <3 Den første veka skal eg og Odd vere der ilag med Oskar, den andre veka skal Odd heim til Emil og Ulrik og den siste veka skal storegutane mine komme ned og vere der ilag med oss! Takk og lov for det - for eg trur at to veker er i lengste laget å vere vekke frå dei...tre veker hadde blitt alt for lenge... So no kryssa vi fingrane for at vi kjem oss avgårde på formiddagen i mårgå ;)

2 kommentarer:

  1. Håper dokke får utbytte av turen! Køyr forsiktig! :) Og så var det fine bilder av sjarmøren din! :) Klem frå Ingebjørg.

    SvarSlett
  2. For en sjarmør! Såg ut som han kosa seg i stativet. God tur t dåkke - Håper dåkke får gode veker der nede som hjelper Oskar i utviklinga si :o)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)