Søndags morgen då klokka va nesten elleve kom vi oss endelig avgårde på tur...Det var rart og sårt å seie hadet til dei to store gutane som måtte vere igjen heime ilag med bestemor og bestefar, og vite at det er to veker til vi får sjå dei igjen - men vi veit dei er i dei beste hender (og med litt overtaling og lovnad om ein pakke syns Ulrik det var greit også). Før vi reiste vidare var vi innom sjukehuset på Eid for å ta nye blodprøver av Oskar - og dei var heldigvis fine ;) Køyreturen vidare til gjekk ganske greit, Oskar sovna etter Stryn og sov til vi hadde komt til Vågå (nesten ny rekord i bilen trur ej). Etter middagsstopp der var det fullt huba-luba i bilen og Oskar viste tydelig at han var LEI!!!! So vi tok et kjempekjekt stopp med Odd og Trine som vi ikkje hadde sett på 7 år... Is og kaffi va heller ikkje å forakte etter mange timar i bil ;) Klokka halv ti i går kveld kom vi endelig fram - og då va det berre å få i Oskar mat og legge han - han va HEILT utslitt...
I dag har vi hatt den første treningsøkta - og eg er spent på korleis det går vidare. Oskar er ein bestemt liten herremann som protesterar vildt når det er noko han ikkje vil ;) Men eg trur dei som har treninga her er like stretne - so det spørs om han ikkje må gi seg etterkvart. Vi trur i alle fall det er noko som kan hjelpe Oskar til å få litt meir kontroll på kroppen sin etterkvart, eller i alle fall hjelpe han litt med spastisiteten i kroppen. Inntrykket hittil er veldig bra. Og det er deilig å vere ein plass der Oskar ikkje virkar annleis - der det unormale er normalt <3 I mårgå skal eg prøve å få tatt litt bilder og legge ut ;)
Og ei lita helsing til slutt til storebrorane som vi savnar uendelig mykje - vi gledar oss til dåkke kan komme å vere her ilag med oss når skulen er slutt.
Så kjekt å høre fra deg!! :) Har tenkt på dokke ;) Godt å være fremme tenker jeg, ikke så greit med sånne lange reiser for dissa små ♥
SvarSlettGleder meg til å høre mer om treninga!! Og se bilder :)
Skjønner dere savner storebrødrene ♥ Det blir godt når alle er samlet, også håper jeg de klarer å kose seg hos besteforeldre så lenge! Vi har nedtelling til skoleslutt her i huset også!
Klem ♥