onsdag 31. august 2011

Krabat Pirat

I går kveld var vi (eg, Oskar og Therese) ein tur til Ankerskogen svømmehall. Der har dei varmtvannsbasseng - noko som er veldig bra for Oskar sin stive musklatur. Sist vi var her på PTØ-senteret fekk vi besøk frå eit firma som heiter Krabat - og fekk bestillt eit hjelpemiddel til Oskar som heiter Krabat Pirat ;) Denne hadde vi tenkt at vi skulle teste ut i sommar når vi var på ferie, men fordi Ulrik vart sjuk - vart det ingen bading på tur..... Men no fekk vi endelig testa det ut ;) Og ved siden av badestolen som Oskar brukar i badekaret - så må dette vere det mest geniale hjelpemiddelet eg har fått til Oskar!!! Han storkosa seg i bassenget - og hadde heilt tydelig glede av å få klare seg sjølv uten å vere opp i hendene til mamma heile tida :)))) Meistring er topp!!!

Deilig med varmt vatn! Faktisk så varmt at linsa på fotoapparatet dogga ;)

Krabat Pirat består av tre flyteelement som er plassert i ein trekant slik at det blir heilt stabilt - og eit brett i midten som Oskar er festa fast på.

Slappe av.......

Deilig!!!!

Therese var også med :)

Prinsen til mamma <3

Når vi kjem heim skal Oskar starte opp med bassengtrening ein gang i veka - og det trur eg kjem til å bli kjempekjekt no som vi har funne eit hjelpemiddel som fungerar - denne kan anbefalast på det sterkaste for dei som treng det ;)

tirsdag 30. august 2011

Brev frå bestevennen

Oskar er så heldig at han har ein bestaste bestevenn - Sondre! Det er viktig for alle å ha vennar, man kanskje litt ekstra viktig i ein sånn situasjon som Oskar er i. Han er har mange vennar og virkar til å vere godt likt i barneflokken både i barnehagen og heime i byggefeltet, men Sondre er bestevennen og står nedom veien og ropar på han - og er kjapp til å komme på besøk når anledninga byr seg ;) Eg som mamma er veldig gla for at Oskar har han og at dei bur så nær oss som dei gjer.

I dag fekk Oskar post frå bestisen, det kom i spesialleveranse med pedagogen til Oskar som kom ned hit for å vere med på treninga hans - og gjett om Oskar vart gla :)))) Og mora vart aldri som lite rørt....

Spennande :)

Ein kan no bli gla av mykje mindre enn dette.....

Tenk kor kjekt vi skal ha det ilag når eg kjeme heim Sondre!

Sondre har laga ein fin teikning til meg :)

Gledar meg til eg kjeme heim til Jesper, Milla og Sondre <3

Tusen tusen takk for brevet Sondre (og Linda) - det betyr nok meir enn dåkke anar....og det får meg til å endå ein gong tenke over kor gla eg er for at vi har eit så utrulig flott nettverk rundt oss - det gjer kvardagen så mykje mykje betre!

lørdag 27. august 2011

Ferdig med første treningsveke på Hamar

Då er det endelig helg og vi er ferdige med den første veka med trening her på Hamar. Veka starta med eit brak natt til mandag når Oskar fekk falsk krupp og feber på mandagen ;) Men etter legebesøk og ein liten tur til sjukehuset for å ta blodprøver - og eit døgn med sos-regime, har det gått framover. Det vart ikkje trening på mandag, men dei andre fire dagane har Oskar vore med. Det har vore ei spennande veke og Oskar har stort sett vore flink til å trene, det har i alle fall vore mindre skriking og svetting denne veka enn det var første veka sist vi var her :)

Her er nok prinsen vår "litt" misfornøgd med å sitte på krakk ilag med papsen...men dette er det han likar minst ved treninga.... Ellers vart det ikkje knipsa så mange bilder under treninga denne veka fordi det har vore ganske hektisk ;)

Det gjekk litt bedre etterkvart - her har dei jammen samme traktoren som eg har heime også.

I dag har vi vore på marked her - vi prøvde lykka på denne boda, men det vart berre trøstepremie

I ettermiddag fant vi ein diger terapiball som var veldig kjekk å trene på - spørs om vi må ha oss ein sånn heime også....

Deilig å slappe av her ;)

Juhu!!!!

Hjelp.....kor langt ned skal eg?????

I mårgå reiser Odd heim til dei andre to gutane og skal vere ilag med dei ei veke - det blir spennade å sjå korleis det går....Men på mandagskvelden kjeme pedagogen til Oskar og skal vere her ilag med oss til onsdag - så det blir kjempekjekt! Håpe dei to neste vekene går like fort som denne - så er vi plutselig heime ilag med storebrorane som vi savna uendelig mykje. Ha ei fortsatt flott helg :)))) Klem frå oss på Hamar <3

lørdag 20. august 2011

Storebrora og bestevenna

I mårgå sette vi kursen mot Hamar igjen og tre nye veker med intensiv trening på PTØ-senteret. Blir spennande både for oss og Oskar - og kjekt å treffe igjen kjente frå forrige gang :) Men, eller eit stort MEN - vi skal vere vekke frå dei andre to gutane våre i tre veker - og det er IKKJE noke vi gledar oss til. Er heilt sikker på at dei får det fint her heime ilag med bestemor og bestefar - og vi har kjekke vennar som også stille opp. Men det er vanskelig å skulle vere så lenge vekke frå dei....savnet blir nok stort både for oss to voksne og ikkje minst for Oskar som er så uendelig gla i storebrorane sine...

Verdens kjekkaste brora - klart Oskar må få vere med å spele DS ;)

Bestevenna!!!!


Emil tulla med meg å seie han skal pakke meg sammen og sende meg i posten til tante Unni....... liksom......

I løpet av kvelden håpa vi på å vere ferdige med pakkinga slik at vi er klar til å reise i mårgå tidlig, det er ikkje lite vi skal huske å ta med ;) Men vi begynner å bli ganske rutinerte på å pakke og reise - så eg stressar ikkje så mykje med det lenger.... Fortsatt fin lørdagskveld til alle <3

onsdag 17. august 2011

Stien te verdens ende...


Stien te verdens ende

Vi syns vi kunne se te verdens ende
og visste åssen åra ville bli
da livet pluts’lig svinga av fra veien
og tok en kronglete og ulendt sti.
Der stengte fjellet steilt på alle kantær.
Da sa du stille: ”Vi kan klatre vi.”
Vi følte kronglesti’n langs bratte stupet.
Og ingen av oss torde se i djupet.

Nå har vi føllt den bratte, trange stien
med stup på si’ene i mange år.
Det kan nok hende vi misunner andre
den strake landeveien der de går.
Det ser så lett ut, men en veit jo aldri,
og kronglestien har blitt veldig vår.
Det var den sti’n vi fikk, det hjælper ikke
å følge andres jevne vei med blikket.

Og vi har lært å ikke sture over
den rette veiens rike blomsterflor.
For det gror blomster også langs med sti’n vår,
og gleden over dem er like stor.
Ja, kanskje større, for de er så sjeldne,
en må se nøye for å se de gror.
De ligger ofte skjult blant vissne bla’er,
men duftær ekstra sterkt på fine da’er.

La gå at det kan komma vonde ti’er
da sti’n vår kjennas vanskelig og bratt.
Men den har lært oss at det vokser blomster
på både slåpetorn og nypekratt.
Og ingen ting i verden er så vakkert
som nyperoser i ei St. Hans natt.
Og når vi sitter sammen kan vi kjenne
at også vår sti når te verdens ende.





lørdag 13. august 2011

Båttur til Selje Kloster

Etter ei veldig hektisk veke med sykje (eg har hatt lungebetendelse), intervju av BPA og møter - var det utrulig kjekt å kunne finne på noko ilag alle sammen.

Vi var så heldige at Magne og Solveig (onkel og tante til Oskar) stillte med både båt og mannskap - og tok oss med på båttur til Selje Kloster. FOR EIN DEILIG DAG! Trur nok at den neste innvesteringa her i huset må bli ein båt, kanskje ikkje ein så stor som vi var på tur med i dag, men i alle fall ein som gjer at vi kan komme oss på sjøen å fiske. Alle tre gutane våre kosar seg på sjøen - så vi får sjå kva vi får til. Men enn så lenge er vi kjempeheldige som har familie som tar oss med på tur. Solveig diska til og med opp med lunsj i båten :) Kjekt at Merete og Terje også tok turen ut til Sleje Kloster for å vere ilag med oss!

Kor i alle dage e vi???

Stort vakrare blir det ikkje - sola som speglar i sjøen :)

Sånn båt kunne eg og ha tenkt meg ;)

Skipper Ulrik under veiledning av onkelen

Prinsen e ute og "går"

Vakre Selje Kloster

Oskar og papsen inne i Sunnivahola

Storebrorane på rotur

Kjekt å tulle med storebror

Siste post på programmet - fisking! Emil fekk til Ulrik sin store fortvilelse 2 fiska - mens han fekk ingen......Men han fekk vere skipper heile turen heim - so då ordna det seg ;)

fredag 12. august 2011

Kjekt besøk frå Ålesund

Forrige helg fekk vi besøk av ei familie som eg lenge har sett fram til å møte - vi fekk besøk av Karina, Magnus, Sebastian og Daniel. Karina var den første mamma-en eg fant som hadde opplevd noko som kan likne på det vi har vore gjennom. Daniel fekk ein hoppestrikk rundt halsen i ei sklie i barnehagen og fekk store hjerneskader etter dette på grunn av surstoffmangel. Daniel kan du lese om på http://www.kjempendaniel.blogspot.com/ - det er ei sterk historie om ein skjønn veslebror, flott storebror og fantastiske foreldre. Ein del av dåkke har kanskje allereie lest artiklar om dei i VG og Sunnmørsposten den siste tida. Historiene til Oskar og Daniel er forskjellige - men allikavel like. Dei var begge to friske gutar som fekk livet snudd på haudet og har ein del like utfordringar i kvardagen.

Men dette var først og fremst eit møte mellom to familiar som hadde opplevd det værste ein kan oppleve som foreldre, storebrorar som har vore gjennom ei tøff tid og to små gutar som kan smelte hjertet til dei fleste dei treff <3 Det var spesiellt å møte nokon som ein aldri har sett ansikt til ansikt før, men som ein allikavel føler at ein kjenner - det var sterkt å møte ein mamma og ein pappa som faktisk forstår korleis vi har det og det var flott å kunne tilbringe ein dag ilag for å dele tankar, erfaringar og latter :) Vi hadde ein flott dag ilag og det blir nok ikkje lenge før vi set kursen til Ålesund på besøk. Takk for besøket!

Storebrorane Ulrik og Sebastian er nokre tøffingar som badar på Refviksanden i kuling :) Bølgene var spennande og store denne dagen.




Daniel og Oskar ilag med pappa-ane sine

To kjekke karar som kommuniserar fint uten ord - trur dei skjønna kvarandre godt allikavel <3

"Eg tar deg Daniel!"

søndag 7. august 2011

Søtnosen vår

I sommar har Oskar sove veldig lite på dagtid - det virkar som om han meinar at han er for stor til slikt tull ;) Han hadde nok heilt sikkert trengt å sove litt på dagtid so masse som kroppen han spenner seg til tider, men vi kan ikkje tvinge han til det heller.... MEN : av og til må til og med ein helt gi tapt for Jon Blund.... I dag sovna han på golvet medan han såg tv, kanskje det var den friske fjell-lufta han fekk medan han var på tur med papsen og storebror Ulrik som gjorde utslaget....

Den som sover synder ei :)

fredag 5. august 2011

Bergensbesøk og badeglede

Vi har hatt besøk av Lene og Pernille denne veka, til stor glede for store og små. Vi traff Lene og familien då vi var innlagt på barneklinikken på Haukeland i april i fjor og eg tørr påstå at vi har fått venna for livet! Lene og Ørjan er fantastiske personar som har eit "stort hjerte" for Oskar og brorane. I fjor haust var dei på besøk alle sammen og denne gangen var det Pernille og mamsen som var her ilag med oss. Vi har kosa oss ilag i 5 dagar og eg trur det var spesiellt kjekt for Oskar å ha besøk av nokon på sin eigen alder etter ein sommar der vi har måtta holdt han vekke frå både barnehage og dei fleste av vennane våre på grunn av vannkoppsmitte.

Kjekt med selskap på matta <3

Vi fekk endelig brukt badebassenget som Oskar fekk med Emil til bursdagen, det har vore eit elendig sommarveir så langt i sommar - men no kom endelig sommaren til Almenningen også! Oskar og Pernille kosa seg ilag :

Ser du Oskar som ligg inne og har veldig lyst ut å bade????

Endelig ;)

Kosa meg ilag med Lene!

Etter at Oskar og Pernille hadde sovna i går kveld tok eg og Lene med oss storegutane på Refviksanden slik at dei også fekk bade.

Lene og Emil - lure på om Emil har tenkt seg til Kina???

Full-rulle-Ulrik ;)

Sommaridyll på Refviksanden!

No håpar vi på fleire finveirsdagar slik at vi kan nyte sommaren litt her på vestlandet også. I mårgå får vi besøk av Karina, Magnus, Sebastian og Daniel. Daniel kan du lese om på http://www.kjempendaniel.blogspot.com/. Det er vel verdt å bruke nokre timar på - ei sterk historie om ein flott gut og ei fantastisk familie - vi gledar oss til besøk i mårgå :)