mandag 26. november 2012

Full rulle på Hamar :)


Det har vore full rulle den siste tida :)
Oskar har trena hardt her på Hamar - og tida spring heilt
frå oss - "so much to do, so little time" ;)


Torsdag forrige veke starta ganske vanlig med trening -
og det gjekk egentlig ganske greit sjølv om Oskar var litt lei
seg denne dagen...


Vi rakk til og med å prøve ein ny stol til Oskar -
denne heiter Krabat Jockey - og han sat fantastisk fint i den,
sjølv om han var ganske sint her ;)

Denne skal vi søke om i alle fall, har ikkje sett så god sittestilling
på guten tidligare eg... Og uansett er det godt å kunne variere sittestillinga
litt for han som for alle andre treåringar.

Men utpå ettermiddagen og kvelden skjønte vi etterkvart at ikkje
alt var som det skulle vere, og når Oskar kom tilbake frå ein liten
trilletur ilag med assistenten hadde han plutselig 40 i feber...
Syns det er litt ekkelt når feber kjem så brått på,
men gav han ein stikkpille, starta opp sos-regime og tenkte
at vi kunne ta oss ein tur til lege og ordne litt blodprøver dagen etter...
Så var det ikkje berre feber....litt utpå kvelden begynte Oskar å spy -
og då var det berre å få kontakt med Førde for å få litt hjelp til å forklare
situasjonen til barneavdelinga på Elverum - ringe 113 og vente på ambulanse...
...turen gjekk ganske kjapt, etter 20 minutt var vi komt fram og Oskar fekk satt inn
intravenøst slik alt skulle gå bra.



Tapre vesle guten vår!


Første natta hadde han veneflonen i "armhola", men når han våkna til på
morgenen merka vi fort at det ikkje fungerte når han stramma musklaturen
i overarmen - så derfor fekk han ny veneflon i foten.
Må berømme Oskar på tre år som ikkje grin eingang når dei stikk han!
Han spenner kroppen sin før dei stikk, for han veit kva dei skal gjere,
og så er han veldig fornøgd når han får premie etterpå.
Etter alle blodprøvene på sjukehuset enda han opp med heile 7 ringar
og eit armband - og det er stas, for han er veldig gla i å pynte seg!



Utpå lørdagen begynte guten å kvikne til litt,
men vi vart værande til søndag for å vere sikker på at blodprøvene
vart betre før dei skreiv oss ut.
Her har guten fått fiksa sveis med voks i håret og kosar
seg godt på fanget til mamma.


Har du sett ein slik nydelig liten kropp før?
Kven skulle tru at denne avslappa kroppen ikkje vil gjere
slik Oskar vil når han er våken?

Tusen takk til personalet som passa så godt på oss medan
vi var innlagt og til superkjekk assistent som vart ein dag ekstra
her nede for å hjelpe Oskar og mamsen på sjukehuset!



I dag har Oskar vore i storform på trening og imponert både mammaen
og bestemora si (som er her ilag med oss denne veka)


Han klarte å sitte på stolen medan eg telte sakte til 83!!!
Dette kan virke som små ting for andre,
men for oss er det STORT!


Treninga vart avslutta med skikkelig griseri ;)
Oskar fekk maling på handa si og laga handavtrykk,
både på arket, mamma og seg sjølv ;)

På ettermiddagen har vi vore på kafe,
og avslutta dagen med bading i varmtvannsbasseng -
DEILIG :)

Tusen hjertelig takk for koselige kommentarar -
både her og på facebooksida til Oskar
(som du finn dersom du søker på Oskarprinsen på facebook)

Ha ei god natt!
I mårgå står det julegavehandel på programmet :)

Klem frå Sissel

mandag 19. november 2012

PTØ-trening og Snoezelensenteret

I dag har eg og Oskar komt igang med trening igjen
etter ei litt lat helg ;) Vi har berre kosa oss i helga -
trilla tur, sett litt på tv og hatt god underholdning av ei kjekk
storesøster (til eit anna barn som er her) - ho har hatt dukketeater
for oss som er her :) Kjempeflink! Oskar var heilt engasjert og
syns nok dette kunne vore kveldsunderholdninga kvar dag :)


I dag var vi klar for full rulle igjen med treninga -
Oskar er veldig gla i å trene, og derfor kan han nok bli
litt overivrig, noko som gjer at kroppen står litt i spenn -
men han har vore kjempeflink og trena hardt :)
Her testar vi forskjellige hattar og kikkar i spegelen under
den individuelle treninga.


Her jobbar Oskar hardt for å flytte dyra inn i huset
igjen - dette var også ein del av den individuelle treninga
i dag - dei er flinke til å variere, og det er sjelden vi gjer akkurat
samme ting fleire dagar på rad. I dag akspeterte han også massasjen
fint - og kanskje dette blir noko vi drar inn i dagleg rutine heime
i tillegg til ansiktsmassasjen :)

Etter treninga var det pizzasamling for alle foreldre,
barm og assistentar - ei mamma som er likemann her på senteret
brukar å ha ei slik samling på kvart opphald :)
Kjempekjekt tiltak - og deilig å sleppe å lage middag ein dag ;)

Rett etter pizzasamling gjekk vi på open kveld på Snoezelensenteret
på Åkershagan (som ligg rett nedom PTØ-senteret) ilag med ei anna mamma
og ein kjekk kar på 5 år ;) Snoezelen-terapi kan du lese meir om HER 

Det vart nok litt for mykje nytt for Oskar, så han var litt forkava -
men trur han kosa seg godt allikavel. Det vart nok gjerne slik fordi
han blir så ivrig - neste mandag skal vi ned igjen, men då skal vi benytte
varmtvannsbassenget deira ;)

Her er litt bilder frå turen :



I det blå rommet var det ein nydelig stjernehimmel som var
veldig fin å sjå på :)


Såg nesten ut som nordlys!



I det grønne rommet kosa vi oss med ballbasseng og....


....ei kjempestor disse :)

MEN Oskar sin favoritt var nok det kvite avslapningsrommet :



Deilig og ligge her og kikke på akvariet -


desse ballane skifta farge etterkvart -


og herlige lys-slangar som låg på golvet.

Oskar var merkbart roligare i dette rommet -
så det spørs om vi må lage til noko liknande den
dagen han får sitt eige soverom :)

No søv prinsen godt i senga si -
klar for nye eventyr i mårgå!

Klem frå Sissel

P.S vi har også vunne oss ein vekeplan på facebook
(som mange av dåkke sikkert har fått med seg)
og vi fekk ein rørande overraskelse seint samme kveld som
vi vant - men det skal eg skrive meir om etterkvart ;)


mandag 5. november 2012

Veka som gjekk og Bergenstur

Plutselig hadde ei veke til gått, og vi nærma oss
fort jul.... skjønna ikkje heilt kor tida blir av?
Syns det nettopp har vore sommar - og
no er det snart jul!

Heldigvis har eg komt i havn med ein del julegaver allereie,
prøver å benytte anledninga når vi er på tur -
og fekk handla ganske masse i Bergen medan eg var
der på arbeidsleiarkurs :)
Ikkje meir enn halvanna veke sidan eg kom heim -
og i dag skal vi til Bergen igjen...
Men denne gangen på kontroll med Oskar -
vi er på Haukeland to gangar i året på dagposten på
barneklinikken for å følge opp guten,
og denne gangen står endokriniolog, ernæringsfysiolog,
nevrolog og gastrolege på programmet - i tillegg til ein
masse blodprøver. Får berre håpe at vi blir ferdige til båten går
heimover i mårgå ettermiddag ;)

For på søndag reiser papsen, Oskar og assistent til Hamar
på ny økt med PTØ-trening - så skal eg ned og vere der ilag med
han i to veker....og når vi då kjem heim er det DESEMBER!
Hjelpe meg!

Skal bli veldig kjekt å treffe igjen mange vi kjenner på senteret -
både store og små <3
Men må innrømme at eg er ganske lei av å reise....
sidan april har vi vore tre turar til Hamar, to til Oslo, ein til Trøndelag
og ein til Mallorca (sjølv om det var berre kos). Så når vi kjem heim
frå Hamar er det juleferie, sånn bortsett frå ein tur til Førde og ein til Sandane ;)

I helga har vi kosa oss på bursdagsfest til fire kjekke søskenbarn -
og Oskar er som alltid blid som ei sol når han får pynte seg og
ete sjokoladekake :)


Med voks i håret, solbriller og finskjorte på er
Oskar ein superlykkelig gut :)



I helgane er Oskar veldig gla i å rangle -
han vil helst vere oppe heile natta ;)
Dette bildet er frå laurdagskvelden då han omsider kom seg
i seg klokka halv ti på kvelden, som er seint nok når ein er tre år
og ikkje søv middag :)

Ønske alle sammen ei strålande veke -
og kryssar fingrane for at det fine veiret held seg no når vi skal
på båttur, så ikkje mamsen blir grønn i trynet ;)

Klem frå Sissel