onsdag 11. juni 2014

Over 1 år

Over eit år har gått sidan forrige innlegg, eg har rett og slett ikkje hatt tid til å skrive her - men oppfordra dei som har lyst til å følge oss vidare om å finne "Oskarprinsen" på facebook (sida, ikkje gruppa) der eg legg ut små oppdateringar om kvardagen vår.

Oskar har blitt stor gut, er snart 5 år og blir førskulegut i barnehagen til hausten. Det siste året har gått mykje til påbygging av huset, storebror sin konfirmasjon og oppfølging av Oskar som har vore mykje plaga av dystoni og spasmer - vi håper at legane etterkvart kan hjelpe oss å finne ei langsiktig løysing til guten vår. Det har vore hektisk, men mykje moro også :)


Klem frå Oskar og mamsen