lørdag 27. oktober 2012

Ei positiv innstilling til livet....

...det er det vi prøvar å ha....
Men skal ærlig innrømme at det helde hardt innimellom,
ikkje på grunn av Oskar - men på grunn at eit utrulig
tungrodd byråkrati - og personar som ikkje vil forstå...

Når ein sit med ein haug med papir som skal ordnast -
når du skal skrive søknadar der alt det negative skal leggast fram,
og du egentlig har mest lyst til å fortelle for nokre fantastiske gutar du har...
men veit at det ikkje når fram for å få hjelp....
Når hussaka tar evig lang tid -
for at vi skal få bygd på huset slik at det blir tilrettelagt for Oskar,
når ein må klage til fylkesmannen for andre gang for å få
gjennom eit skattefrådrag som ikkje er så stort ein gang,
når ein får avslag på det ein meiner er nødvendig for at
Oskar og vi rundt han skal ha eit godt liv...
alle slike ting kan faktisk ta knekken på folk...

Men : opp i alt dette prøver vi heile tida å fokusere på det positive!
Vi har fantastiske folk nær Oskar -
pedagog, assistentar, fysioterapeutar, barnehabilitering,
legar, ernæringsfysiologar, staped, tilde, barna i barnehagen,
naboar, familie, vennar, ergoterapeutar osv.

Alle desse som jobbar nær Oskar dreg i samme retning og prøver
alt dei kan ilag med oss å gjere livet hans best mulig!
MEN - dess lenger vekk dei kjem frå guten,
dess mindre forstår dei - uten at eg skal gå inn i enkeltsaker.
Og då er det så utrulig viktig at dei er villige til å høyre på oss som
står han  nær... I ei fantasiverd kunne kanskje dette fungert, men i det virkelige
livet gjer det ikkje det...

Eg veit ikkje kor mange gangar vi har fått avslag i posten og har mest lyst til
å berre godta det som blir bestemt over oss - men så tar tigeren tak i deg
og seier at det kan du aldri gjere!

Vi har ein liten gut som aldri gir opp,
og derfor kan ikkje vi rundt han gi opp heller -
for og gi han og brorane eit godt liv!
MEN - eg har full forståelse for at ein kan gi opp,
for det er tøft - og vi er berre 2 1/2 år inn i denne jobben.

Oskar har ei utrulig positiv innstilling til livet -
han har eit smil som kan smelte stein,
og eit fantastisk glimt i auge!
Han er ikkje noko problem -
han har store utfordringar som han kjempar med kvar dag -
og gjer det beste ut av det meste!
Det er ikkje Oskar som slit oss ut - det er systemet!

Men midt opp i alt dette prøver vi å ha ei positiv innstilling til livet,
og leve det så godt vi kan her og no -
for ingen veit kva morgendagen bringer oss -
det har Oskar lært oss!

Denne bloggen er eit lite vindu inn i våre liv,
men den er ikkje livet vårt -
om du skjønnar kva eg meiner?
Av og til kjem det slike innlegg som dette -
men for det meste så ønsker eg å vise dåkke at livet ikkje
treng å stoppe opp om ein blir satt på utrulige prøver innimellom -
grip det og gjer det beste du kan her og no.
Vi er opptatt av at gutane våre skal få oppleve -
og Oskar skal få vere med!

I dag har vi kosa oss med den første snøen -
eit lite mirakel i seg sjølv -
og Oskar hadde ikkje lyst inn igjen ;)

Her kjem nokre bilder frå dagen i dag :


Blid gut i vogna :)


Herlig utsikt frå byggefeltet


Storebror Ulrik ordna snømann!


Oskar lika denne vesle elva -
den lagar så fin lyd ;)


Kjekt å sjå sola litt ;)


Brrr....kaldt :)


Tøffingen til mamma!


Måtte inspisere snømannen


...og mate fuglane litt ;)

Vi kosar oss vidare i helga -
og skal sjå om vi både rekk å skrive ei klage i mårgå,
og ta fram og ta oss ein tur på akebrett med alle tre gutane ;)

Ha ei riktig god helg vidare alle sammen -
og om du har tilsvarande utfordringar som oss -
så STÅ PÅ OG GI ALDRI OPP!
Det er så vel verdt det desse vi kjempar for :)

Klem frå Sissel

mandag 15. oktober 2012

Haustferiekos

Då har eg endelig litt tid til overs - og kan
skrive nokre ord om haustferien vår ;)
 
I år har vi vore til Bærum ein tur på besøk til
tanta, onkelen og søskenbarna til gutane -
vi har kombinert ferie med kiropraktorbehandlingar
på Asker kiropraktorklinikk.
 
Oskar var til kiropraktor kvar dag - og ser ut til å
ha fått litt effekt av det - så får tida vise om
vi vil få sjå meir effekt etterkvart.
Oskar starta opp med denne behandlinga berre to
månader etter at han hadde den metabolske krisa,
og dette er den fjerde veka vi har vore her.
I begynnelsen var dette det einaste tilbudet vi fant som
kanskje kunne hjelpe Oskar - og vi såg at kroppen hans
gradvis roa seg etter behandlingsvekene med Morten.
Etter den første veka vi var der klarte han å sove litt
bedre på kveldane, og etter den andre kunne vi for første
gang legge han på golvet uten at han skreik (eit halvt
år etter at hjerneskada oppstod).
 
No har han behandlingar for å løyse meir opp og
for å kanskje kunne få litt meir effekt.
Han hadde ei kraftig låsning i nakken og i bekkenet -
som ser ut til å vere litt bedre no i alle fall.
 
Men - vi har også kosa oss og vore på tur nesten kvar dag -
så her kjem eit lite bilderas :
 
 
Tur til teknisk museum:
 
 
Oskar og Ulrik lagar "minnemyntar"

 
So varme er vi!

 
Denne var ganske kul :)
 
 
Handletur på senteret :

 
Oskar er kjempeflink til å hjelpe mamsen med handlinga!
 
 
Slottet :

 
Slottsparken :

 
 
Akershus festning :

 
"Pang pang" - det var litt av ei kanon....
 
 
Møte med politimann :

 
Ein veldig kjekk politimann tok seg god tid til
å prate med Oskar - dette var stor stas for ein liten
gut som likar politiet like godt som dei fleste andre
gutar på tre år ;) Og så fekk han og brorane flotte
refleksband med dei også.
 
 
Nydelig veir :

 
Strålande sol frå skyfri himmel!

 
Og ein strålande blid gut!
Her ventar han veeeldig på muffins frå Baker Hansen ;)

 
....ein litt innpåsliten måse som fekk mat med oss.....
 
 
Og det store høgdepunktet -
"Leos lekeland" :

 
Herlig å ligge nedi alle ballane.

 
Og litt kos med mamsen som også syns dette var ganske deilig ;)

 
Full fres med storebror!
 
Det var vår haustferie -
kva har du gjort på?
 
Etter ei aktiv veke - var det ganske godt å komme heim :)
Men jammen var det deilig med litt tid til kvarandre,
og ei veke uten mail og telefonar!
 
No er vi tilbake i kvardagen og er klar for møter i fleng
framover.... og i dag har eg sortert Oskar sine papir i
15!!!!! permar - litt av ein jobb - men deilig no når det er gjort
og mykje kjekkare med system i papira ;)
 
Ha ei strålande kveld vidare :)
 
Klem frå Sissel