søndag 12. juni 2011

Søndag

I formiddag reiste Odd heim til våre to store kjekke guta - litt trasig for meg og Oskar, men kjekt for brorane å få pappa-en heim på kvelden ein gang. På grunn av flaumen va vi lenge usikre på kva vei han skulle reise, men fant til slutt ut at han kunne køyre via Gol :) Dei to største har kosa seg ilag med verdens beste bestemor og bestefar denne veka - dei er so utrulig snille og stiller opp slik at vi kan få til dette! Vi har også gode vennar som har hjelpt til med køyring på fritidsaktivitetar <3 Tusen takk til Anett, Bodhild og Magnar!

So no er eg og Oskar åleine igjen her på PTØ-senteret ilag med dei andre små og store - det går nok bra, men har innstillt meg på hektiske dagar med mating både dag og natt, bæring,medisinering og trening...alt går dersom ein er innstillt på det ;) Etter ein liten trilletur søve Oskar sin søtaste søvn i vogna no - so eg håpar han våknar utkvild, glad og klar for resten av ettermiddagen.

Søtingen til mamma <3

Det fine bildet Oskar mala på fredag har komt opp på veggen på treningsrommet - håpe vi får det med heim so det kan komme i glass og ramme på veggen ;)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)