onsdag 8. juni 2011

Egentrening på ettermiddagen

På ettermiddagen i dag når Oskar var ferdig med skjønnhets-søvnen sin, måtte vi ha litt egentrening ;) Vi prøver å ikkje gløyme ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) når vi er her sjølv om mykje av tida går med til PTØ-trening. Etter klokka halv fire er treningsromma opne slik at vi kan bruke dei til det vi vil - kjempekjekt. So i dag hadde eg og Oskar er økt med ballongleik og trening av nakken. Ballongleiken er kjempekjekk og Oskar likar å holde på med den (tusen takk til Anne-Merete på staped som introduserte dette for oss).

Vi brukar desse fire bilda når vi leikar, so kan Oskar velge på augepeiketavla si kva vi skal gjere.


No har han blitt so flink at han kan holde og sleppe ballongen sjølv med litt hjelp :)

Der forsvant ballongen opp i lufta ;)

Etterpå trente han på å løfte opp haudet sitt sjølv, noko som ikkje var so gøy - men må til allikavel ;)

Eit litt mørkt bilde frå i kveld, men eg tørte ikkje bruke blitsen når helten hadde sovna... Han søv ganske godt på nettene etter ein dag med beinhard trening :) God natt frå oss på Hamar!


1 kommentar:

  1. Kjekt å lese om treninga! Så flink han e!!!! Og så skjønne!!!! - Og flinke du òg, Sissel :o) Høyres ut som ein god plass å vere sjølv om dåkke e langt heimafrå.... Nyt tida!

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)