lørdag 28. mai 2011

Helten vår

Av og til kjennest det ut som hjertet mitt blir knust i fillebitar når eg tenke på korleis livet ditt vart Oskar, frå å vere ein smilande og blid gut som hadde heile verda framfor deg so plagast du sånn av og til at mammahjertet mitt gråte for deg... Det er vondt for ei mamma og sjå guten sin gå gjennom so masse tøft - eg beundrar deg som framleis klarer å smile og finne glede i livet ditt.

At du med ein kropp som ikkje vil gjere slik som du vil prøvar å klare allikavel, at du kan ligge på golvet i eit kvarter for å klare å treffe en knapp for å få fram lyd, at du kan le av ablegøyer som brorane dine gjer sjølv om du strevar, at du prøver å lage lyd og ord når orda ikkje vil komme fram...

Du likar ikkje å bli festa fast, allikavel må vi ha deg i eit ståstativ medan tårene dine renn og du ikkje vil, men av og til klarer du å finne glede i det mens vi dansar eller du spelar piano ilag med pappa... Vi gjer det ikkje for at du skal vere lei, men for at du må gjere det fordi du ikkje kan stå sjølv. Kroppen din treng å stå...

Du er redd når vi er på sjukehuset, for du veit aldri heilt kva dei skal gjere - om dei berre skal vege deg eller om dei skal stikke. Eg har ikkje tal på alle gangane vi har holdt deg fast medan dei tek blodprøver, har satt inn kanyle eller lagt deg i narkose....eg syns ikkje det er rart at du er redd med tanke på alt du har vore gjennom. Det einaste vi kan gjere er å trøste so godt vi kan.

Du er ein helt Oskar, både du og brorane dine som er så utrulig gla i deg. Dei tullar og tøysar for å få fram desse fantastiske smila dine - eg trur dei hadde gjort nesten kva som helst for å få deg til å smile. Du kjempar deg gjennom dagane - vil gjerne vere med sjølv om du ikkje klarer alt. Kroppen din jobbar ikkje på lag, vi skulle ønske vi berre kunne skru tida tilbake og ordne alt - men det kan vi dessverre ikkje... Vi skal gjere det beste ut av det slik som det vart - vi skal gjere alt i vår makt for at du skal få eit godt og verdig liv.

Det finst mange slags heltar her i verda ; dei som spring fortast, dei som bestig høge tindar, dei som går til Nordpolen - men slike som deg Oskar er dei største heltane av alle. Slike som sjølv om dei kjempar kvar dag, klarer å finne glede i dei små ting. Som om noken vi treff møter blikket ditt og gir eit smil tilbake. Smila dine trur eg går rett i hjertet på dei fleste sjølv om dei ikkje kjenner deg. Det bur mykje i deg Oskar - og vi skal finne det slik at livet ditt blir godt!



Eg elskar deg so høgt at eg trur ikkje eg kan beskrive det - og eg er så utrulig stolt av deg! Og det veit eg at fleire er - og vi er her alle sammen <3

2 kommentarer:

  1. Må seg ej blir helt rørt og kjenner tårene presser på...gode lille goll:D

    SvarSlett
  2. Du skriver utrolig godt om deres utfordringer og følelser!! Dette er en utrolig rørende blogg. Tusen takk for at jeg får ta en liten titt inn i livene deres. Jeg ønsker dere alle alt godt! Klemmer

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)