lørdag 2. juni 2012

Utmarkstur

For ei stund sida fekk Oskar invitasjon i posten
til Utmarkstur i regi av "Den norske kyrkja" -
Dette er ein del av trusopplæringa i kommuna
for alle treåringar som er døypte -
og vi tenkte at dette måtte vi bli med på ;)
Kalvar, killing, hund, sauar, sang og fjæretur
må no vere midt i blinken når ein er 3 år,
og her er trangen til opplevingar like stor som
i andre familiar med små barn.


Det var strålande sol når vi kom fram, men plutselig kom
det eit ganske heftig veir med både vind og sludd....
var nesten slik at vi vuderte å reise heim ei stund -
for både mamsen og assistent vart klisjklasj våte...
tørrast var nok luringen i vogna ;)

Men det forsvant like ovverraskande som det kom -
og sola varma resten av turen, så vi tørka opp igjen



Fantastisk utsikt rett ut i havet -
var gla for at vi hadde leita fram vinterdressen til
turen - og ein kjekk liten kar lånte vekk ekstralua han
hadde i sekken til mammaen sin :)



Oksar....


....geitekilling.....


.....traktor....





...og ein veldig lykkelig Oskar!


Vi fekk til og med køyre tur på traktorhengaren -
Oskar holdt fullt fokus og storkosa seg  :))))
Skulle hatt ei slik heime ;)



Til slutt var det grilling, matpause for Oskar,
sang og fortellingar i fjæra i hærlig solskinn!
Vi hadde to kjekke jenter som hjalp til med
sondinga og fekk kikke på knappen også :)
Trur det var stas for både jentene og Oskar!



Oskar fekk heilt til slutt vere "spion" i eit lite
skuespill - stor stas - og flott sammensvergelse ilag med
den andre spionen (ein pappa som var med ein annen gut)

Tusen takk for ein superduperdag!

No skal mamsen lage samtaleark til barnehagen -
slik at han kan få fortelle om kva han har gjort på
til dei også ;)

Klem frå Sissel
 

1 kommentar:

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)