tirsdag 19. juni 2012

Grillfest ;)

No har det vore tida for alle slags avslutningar,
og i kveld har vi vore på avslutningsfest for
7.klassingane i klassa til største storebror :)

Oskar var spenn klar når eg spurte om han
ville vere med på fest ;) og det var
heilt greit å køyre bil også :)))


Vi hadde avslutninga på Steinvik Camping -
og her var det kjempefint :))
Både elevane, søsken, foreldre og lærara var med -
og det vart delt ut presangar og grilla mange kilo
med pølser og grillribbe

Oskar var nok mest opptatt av grasklippartraktoren som
var der - med hengar!!!!
Han vart heilt ellevill kvar gang den kom ned der vi var
- og veldig trist kvar gang den køyrde derifrå....

Men - jammen fekk ikkje han seg ein køyretur også -
og lykkeligare gut skal du leite lenge etter :))))



JOHOOOO!!!!!

Oskar kan ikkje spise grillmat -
men hadde medbrakt banan som var populært
og hold svolten unna til vi kom oss heim.

Ha ein strålande kveld vidare,
no laddar vi opp til Måløydagane og jonsokfeiring i helga ;)

Klem frå Sissel


1 kommentar:

  1. Ja, nå er det vel avsluntinger i både øst og vest for de fleste :-) Så heldig Oskar var som fikk seg en kjøretur!
    Ha en fin dag :-)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)