søndag 24. juni 2012

Livet er som ein liten karusell...

...i alle fall her i huset...

Helga starta heller dårlig, med ein liten gut som
slett ikkje var i form,
han hadde hovne mandlar, tett nase,
feber - og legen hadde mistanke om
skarlagensfeber. I løpet av dagen måtte vi gi
febernedsettande to gangar på rad, både paracet og
ibux før feberen gjekk ned - Oskar kasta opp maten
eit par gangar og var veldig slakk....
kjente at eg rett og slett vart litt redd....


Slakke liten gut....

Fekk starta opp på pencilin, og tok høgde
for sjukehusinnleggelse og pakka klar baggen -
men så var heldigvis blodprøvene fine,
og guten vart i bedre form,
lørdag våkna han opp uten feber -
og var berre litt tett i halsen og nasa -
og i dag har han vore i strålande form :)))

Så fort kan det snu her med oss ;)

Så her benytta vi oss av dagen og har vore
på Måløydagane og virkelig kosa oss :)

Oskar fekk gassballong og sukkerspinn av
storebrorane som var der i går også - og har
tviholdt på ballongen her heime ;)



Vart nesten litt forkava av heile ballongen,
men jammen va det stas :)

Det var endå større stas å få oppleve livet i gata sjølv!
Og kjekt for oss å sjå kor han kosa seg der i år,
og kor lite stressa det gjorde han å vere der!



Første stopp var hoppeslotta - som utrulig nok var
gratis for alle - og veldig kjekt :)


Og sjå kor fint eg kan sitte ilag med mammaen min!
(dette er ein veldig lykkelig liten Oskar -
men det er vel ikkje så vanskelig å sjå ;))



Og vi var så heldige at vi fant ein karusell som var plass
til mamma ved siden av - og gjett om Oskar kosa seg!
Ein veldig kjekk "karusellmann" kjørde til og med
ein gratis ekstratur til sjarmøren ;)


Heile tre gangar tok vi denne,
Oskar kunne nok godt ha kjørt mykje meir,
men då hadde mamsen blitt litt svimmel ;)

Etter ein lang dag på tur,
tok pappa, Ulrik og Oskar båten heim frå Måløy -
medan mamsen kjørte bil ;)

Ei superduper avslutning på helga,
som i utgangspunktet var ganske kjip!

Ja, livet er jammen ein karusell -
men takk og lov er oppturane fleire enn nedturane :)

Klem frå Sissel


7 kommentarer:

  1. E so gla for at helga tok denne vendinga,og at dokke fekk kose dokke i lag på Måløydagane:)Ikkje vanskelig å sjå at Oskar he hatt ein super dag,og kjekt me snille `"karusellmenn".

    SvarSlett
  2. Så gøy å se at dere har hatt det kjekt. Fint at Oskar kom seg så fort igjen denne gangen. D

    SvarSlett
  3. Så bra at sykdommen tok hatten sin og forsvant - og at dere fikk en trivelig og morsom helg med mye gøy!
    Herlige bilder!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
  4. For et herlig innlegg :-) Og så flott at alt endte godt!
    Stor klem sendes over fjella til dere :-)

    SvarSlett
  5. Blei veldig bekymra med det same eg begynte å lese, men heldigvis så snudde det seg for dykk;) Takk og pris! Og for ein god eigenskap du har for å sjå alt det positive og fine oppi alt! Håper de får ein fin sommar;)

    SvarSlett
  6. Så godt at det snudde Sissel<3
    Og jeg vet hvordan slike dager som er fine for oss kan være stressende for enkelte, kjekt å lese at Oskar kunne dele gleden med brorane. Og så fine dere var i karusellen der, forstår godt at dere fikk en "sjarmrunde";)

    Håper uka som kommer blir god,
    Jeg ser frem til rolige dager etter ei hektisk uke.
    Varm klem til dere
    A&H

    SvarSlett
  7. Dette kaller jeg virkelig karusell ja...tenk at det kan snu så fort! Jammen bra han ble bedre og at dere fikk dratt på tivoli =))
    Ser ut som han koser seg masse =))
    Ha en fin tirsdag og håper formen er tipp topp igjen =)
    KLEM

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)