søndag 17. juni 2012

Tannpleier og fotballcup

Vi har hatt ei veke med fullt program -
som vanlig ;)

Tidligare i veka var Oskar til tannpleier Heidi -
han går dit tre gangar i året for å sjekke tennene og
få på fluor for å unngå hol i dei -
dette på grunn av at Oskar har refluks og slit med ein del
sure oppstøt og oppkast på grunn av den -
og tennene - dei passar vi på!

Oskar er heldigvis gla i å pusse tennene og smiler
når eg spørr om vi skal gjere det ;)
Fast rutine med sang "Puss, puss - så får du en suss"
og så må Oskar få sparke igjen glasdøra på skapet
på badet når vi er ferdig (stor stas).


Oskar gapar høgt!
Fekk to nye tannkostar med Heidi ;)


Spennande og sjå på seg sjølv i speilet -
vi var litt bekymra i forkant for Oskar hadde fått
nokre gulaktige flekkar på framtennene etter eit par
pencilinkurar i april - men desse klarte heldigvis tannpleieren
å pusse vekk med litt slipemiddel på tannkosten sin -
så no er dei skinande kvite igjen :)


Og som premie valgte Oskar selvfølgelig nye ringar -
her er nokre av dei ;)
Og jammen er dei på fingrane enno!

I dag har vi vore på fotballcup og sett mellomste luring
spele tre kampar :)
Bortsett frå duskregn var det ein flott dag -
og Oskar kosa seg -
han traff til og med nokre barnehagekompisar på tur ;)



Full guff på banene :)



HEIA ULRIK!!!!

Ha ei strålande veke - her skal vi ta tak i nye
utfordringar som har dukka opp ;)

Klem frå Sissel


3 kommentarer:

  1. Selvfølgelig skal Oskarprinsen ha ring i premie:)
    Så bra at han liker å pusse tennene, kjenner til problemstillinga med oppkast/oppstøt og tenner. Vi har to turer til tannpleier i året, neste tur er etter at vi har vært i Oslo:)

    Håper utfordringene som har dukket opp er overkommelige,
    ønsker dere lykke til:)
    God klem:)

    SvarSlett
  2. Takk og pris for at han likar å pusse tenner då! Han likar nok rutinene de har rundt pussinga;) Og premiar er veldig viktig. Å vere heiagjeng er også ein viktig jobb! Ha ei fin veke!

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)