søndag 10. juni 2012

My Tobii

Då er det klart :
Oskar skal få MyTobii!


Oskar har fått ny nakkestøtte som stabiliserar
haudet han bedre - så får vi sjå om han treng mindre støtte
når han kanskje klarer å holde haudet meir stabilt sjølv :)

Han har gjort det over all forventning på
utprøvingsdagane og vi er kjempestolt av han!
Alle fagpersonane rundt han er kjempefornøgd med
korleis det har gått desse dagane -
og takk for at dei, ilag med oss, har hatt
så sterk tru på Oskar og at han kan få til :)


Vi sat på eit anna rom og fekk observere kor flink Oskar er :)
På skjermen til venstre ser du kva Oskar ser på sin skjerm,
der den raude firkanten er ser du kva han har valgt å sjå på.
På skjermen til høgre er det bilde av Oskar og nede på skjermbildet
ser du to kvite prikkar på svart bakgrunn - dette er kor augene
til Oskar ser - fantastisk ikkje sant?

Vi har aldri vore i tvil om at Oskar forstår,
og det er nok grunnen til at han blir så frustrert innimellom også...
ikkje rart når du ikkje får lov til å seie kva du vil,
kor du har vondt eller kva du ikkje vil....
Men Oskar er også god på å gi beskjed uten ord,
men det er ikkje alltid vi tolkar det rett...

MEN : no skal Oskar få eit språk!


Her er skjermen Oskar brukte - den han skal få no er
litt mindre, denne er 17 tommar medan den nye skjermen er 15 tommar

Det er langt opp og fram enno - og
det vil kreve mykje av både Oskar, personalet hans
og oss her heime - men vi er alle villige til å legge
ned det arbeidet som trengst for å få til dette!

No i starten skal det vere mest leik og morro -
Oskar skal lære seg å bruke fleire "knappar" på skjermen
og skal bruke den til blant anna leikar, spel og filmsnuttar -
men opp og fram skal dette blir språket hans -
og det er nesten ikkje til å klare å forklare kor stolte vi
er av minsteguten vår!


Eg fekk også lov til å komme inn ein tur på slutten av dag 2
slik at Oskar kunne vise mamsen kor flink han er ;)

For han har jobba beinhardt desse dagane -
og viser stor glede av å holde på med det -
og då er vel utgangspunktet så bra som det kan bli -
resten er opp til oss rundt han -
for Oskar har vist oss at han kan!!!


Skikkelig engasjert!

Selvfølgelig skal vi fortsette med "pappen" -
eller ask-symbol på papir og i bokform slik som no,
i tillegg til dataskjermen -
for ein dataskjerm er ikkje så lett å ta med seg overalt ;)

Vi gledar oss til fortsettelsen :))))

Klem frå Sissel

8 kommentarer:

  1. Så flink han er. Blir spennende tider framover.

    Klem

    SvarSlett
  2. Blir så rørt! Dette var utrolig bra og tenk så fantastisk det blir når han får lære seg alt!!! Får nesten frysninger :) Så glad på deres vegne :)

    SvarSlett
  3. og alle vi som les dette, gleder oss med dåkke!!! :) Bra at det er oppfunnet slike ting, so gjer livet enklare for Oskar og resten av familien rundt han!!

    Mine to søskenbarn (tvillinga) har veldig dårlig språk, og dei har ei lita tale-datamaskin som dei har med seg overalt, med den gjer dei seg forstått.. der har dei bilder av alle oss rundt dei på, inkl mange av kvardagsorda dei trenge... Livet deira e blitt mykje friare etter at dei fikk dei maskinene..

    SvarSlett
  4. <3

    Jeg måtte stoppe min kjære på vei opp for å legge seg, og vise han dette innlegget.
    Dette er bare så bra:)

    Lykke til videre, med leik og morro, og med jobben for å få alt på plass.
    God klem til dere begge,
    A&H

    SvarSlett
  5. Helt fantastisk Sissel! Spennende å følge med på fortsettelsen!
    Klem

    SvarSlett
  6. Kjempeflott!

    Zopp Design har et stort sommerblogglotteri gående.

    Mange spennende premier og masse artig innhold.

    Ta turen innom oss!

    SvarSlett
  7. Det er berre så fantastisk å sjå for eit flott opplegg som er lagt opp.
    Og, han er no utruleg tolmodig viss han kan site med dette i langt tid.
    Det skal bli spennande å fylgje med vidare !

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)