fredag 12. august 2011

Kjekt besøk frå Ålesund

Forrige helg fekk vi besøk av ei familie som eg lenge har sett fram til å møte - vi fekk besøk av Karina, Magnus, Sebastian og Daniel. Karina var den første mamma-en eg fant som hadde opplevd noko som kan likne på det vi har vore gjennom. Daniel fekk ein hoppestrikk rundt halsen i ei sklie i barnehagen og fekk store hjerneskader etter dette på grunn av surstoffmangel. Daniel kan du lese om på http://www.kjempendaniel.blogspot.com/ - det er ei sterk historie om ein skjønn veslebror, flott storebror og fantastiske foreldre. Ein del av dåkke har kanskje allereie lest artiklar om dei i VG og Sunnmørsposten den siste tida. Historiene til Oskar og Daniel er forskjellige - men allikavel like. Dei var begge to friske gutar som fekk livet snudd på haudet og har ein del like utfordringar i kvardagen.

Men dette var først og fremst eit møte mellom to familiar som hadde opplevd det værste ein kan oppleve som foreldre, storebrorar som har vore gjennom ei tøff tid og to små gutar som kan smelte hjertet til dei fleste dei treff <3 Det var spesiellt å møte nokon som ein aldri har sett ansikt til ansikt før, men som ein allikavel føler at ein kjenner - det var sterkt å møte ein mamma og ein pappa som faktisk forstår korleis vi har det og det var flott å kunne tilbringe ein dag ilag for å dele tankar, erfaringar og latter :) Vi hadde ein flott dag ilag og det blir nok ikkje lenge før vi set kursen til Ålesund på besøk. Takk for besøket!

Storebrorane Ulrik og Sebastian er nokre tøffingar som badar på Refviksanden i kuling :) Bølgene var spennande og store denne dagen.




Daniel og Oskar ilag med pappa-ane sine

To kjekke karar som kommuniserar fint uten ord - trur dei skjønna kvarandre godt allikavel <3

"Eg tar deg Daniel!"

1 kommentar:

  1. Og gjett om vi kosa oss da!! ♥ Tusen, tusen takk for at vi fikk komme på besøk! Det var kjempe kjekt! Og tusen takk for gode ord, blir heilt rørt! ♥ Dere er jo fantastiske foreldre dokke og ♥ Herlige bilder altså ♥ Og dere må bare ta vogna og komme hit å campe ei helg altså! Vi har null planer fremover, og har ingen avlastning heller, så alle helger passer :) God plass til campingvogna på parkeringsplassen vår ;) Klem!

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)