lørdag 27. august 2011

Ferdig med første treningsveke på Hamar

Då er det endelig helg og vi er ferdige med den første veka med trening her på Hamar. Veka starta med eit brak natt til mandag når Oskar fekk falsk krupp og feber på mandagen ;) Men etter legebesøk og ein liten tur til sjukehuset for å ta blodprøver - og eit døgn med sos-regime, har det gått framover. Det vart ikkje trening på mandag, men dei andre fire dagane har Oskar vore med. Det har vore ei spennande veke og Oskar har stort sett vore flink til å trene, det har i alle fall vore mindre skriking og svetting denne veka enn det var første veka sist vi var her :)

Her er nok prinsen vår "litt" misfornøgd med å sitte på krakk ilag med papsen...men dette er det han likar minst ved treninga.... Ellers vart det ikkje knipsa så mange bilder under treninga denne veka fordi det har vore ganske hektisk ;)

Det gjekk litt bedre etterkvart - her har dei jammen samme traktoren som eg har heime også.

I dag har vi vore på marked her - vi prøvde lykka på denne boda, men det vart berre trøstepremie

I ettermiddag fant vi ein diger terapiball som var veldig kjekk å trene på - spørs om vi må ha oss ein sånn heime også....

Deilig å slappe av her ;)

Juhu!!!!

Hjelp.....kor langt ned skal eg?????

I mårgå reiser Odd heim til dei andre to gutane og skal vere ilag med dei ei veke - det blir spennade å sjå korleis det går....Men på mandagskvelden kjeme pedagogen til Oskar og skal vere her ilag med oss til onsdag - så det blir kjempekjekt! Håpe dei to neste vekene går like fort som denne - så er vi plutselig heime ilag med storebrorane som vi savna uendelig mykje. Ha ei fortsatt flott helg :)))) Klem frå oss på Hamar <3

1 kommentar:

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)