fredag 5. august 2011

Bergensbesøk og badeglede

Vi har hatt besøk av Lene og Pernille denne veka, til stor glede for store og små. Vi traff Lene og familien då vi var innlagt på barneklinikken på Haukeland i april i fjor og eg tørr påstå at vi har fått venna for livet! Lene og Ørjan er fantastiske personar som har eit "stort hjerte" for Oskar og brorane. I fjor haust var dei på besøk alle sammen og denne gangen var det Pernille og mamsen som var her ilag med oss. Vi har kosa oss ilag i 5 dagar og eg trur det var spesiellt kjekt for Oskar å ha besøk av nokon på sin eigen alder etter ein sommar der vi har måtta holdt han vekke frå både barnehage og dei fleste av vennane våre på grunn av vannkoppsmitte.

Kjekt med selskap på matta <3

Vi fekk endelig brukt badebassenget som Oskar fekk med Emil til bursdagen, det har vore eit elendig sommarveir så langt i sommar - men no kom endelig sommaren til Almenningen også! Oskar og Pernille kosa seg ilag :

Ser du Oskar som ligg inne og har veldig lyst ut å bade????

Endelig ;)

Kosa meg ilag med Lene!

Etter at Oskar og Pernille hadde sovna i går kveld tok eg og Lene med oss storegutane på Refviksanden slik at dei også fekk bade.

Lene og Emil - lure på om Emil har tenkt seg til Kina???

Full-rulle-Ulrik ;)

Sommaridyll på Refviksanden!

No håpar vi på fleire finveirsdagar slik at vi kan nyte sommaren litt her på vestlandet også. I mårgå får vi besøk av Karina, Magnus, Sebastian og Daniel. Daniel kan du lese om på http://www.kjempendaniel.blogspot.com/. Det er vel verdt å bruke nokre timar på - ei sterk historie om ein flott gut og ei fantastisk familie - vi gledar oss til besøk i mårgå :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)