mandag 4. juli 2011

blodprøver, hagearbeid og "frisør"

Etter ein litt heftig start på dagen med at Oskar kasta opp igjen frukosten sin og vi tok ein tur til Eid for å ta blodprøver (som heldigvis var fine) ordna dagen seg til det litt betre etterkvart. Eg trur Oskar er drittlei av å vere heime også i tillegg til at han ikkje har vore heilt i form pga vaksina... På ettermiddagen tok vi oss ein tur ut i vogna og trilla - og etterpå såg Oskar på mens mora klipte villbringebærbusker (om det er noken som har lyst til å komme på dugnad - er dei hjertelig velkomne, skråninga er full!!!) - han var egentlig ganske fornøgd, berre litt småsutring... Det vart ikkje tatt noken bilde, for det blir det ikkje tid til om ein skal klare å få gjort noko ;)

På kvelden fekk Oskar seg eit bad - og eg fekk den geniale ideen om at eg skulle klippe han sjølv! Det var ikkje so enkelt å klippe medan han bevegde seg heile tida, men resultatet vart ikkje så aller værst - litt finstuss får vi ta i mårgå :)

Det var ein del krøllar som forsvant ;)

Nesten ikkje til å kjenne igjen ;)

Eg trur guten var fornøgd!

Nybada og nyklipte

Han virka til å vere veldig fornøgd med å vise fram nyesveisen til papsen når han kom heim i kveld <3 No er prinsen komt i seng og vi andre kosar oss med ostesmørbrød og norske jordbær til kvelds. Satsa på ein roligare morgen i mårgå :)

2 kommentarer:

  1. Kor kjekke han blei me sommarsveis:) Veldig stor gut altso!

    SvarSlett
  2. So flotte han vart<3 Vart plutselig so store:)Eg håpar også på ein bedre dag for dokke i morgon,og at forma til Oskar er stigande:)Gler oss til å sjå dokke i helga<3

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)