Etter ein litt heftig start på dagen med at Oskar kasta opp igjen frukosten sin og vi tok ein tur til Eid for å ta blodprøver (som heldigvis var fine) ordna dagen seg til det litt betre etterkvart. Eg trur Oskar er drittlei av å vere heime også i tillegg til at han ikkje har vore heilt i form pga vaksina... På ettermiddagen tok vi oss ein tur ut i vogna og trilla - og etterpå såg Oskar på mens mora klipte villbringebærbusker (om det er noken som har lyst til å komme på dugnad - er dei hjertelig velkomne, skråninga er full!!!) - han var egentlig ganske fornøgd, berre litt småsutring... Det vart ikkje tatt noken bilde, for det blir det ikkje tid til om ein skal klare å få gjort noko ;)
På kvelden fekk Oskar seg eit bad - og eg fekk den geniale ideen om at eg skulle klippe han sjølv! Det var ikkje so enkelt å klippe medan han bevegde seg heile tida, men resultatet vart ikkje så aller værst - litt finstuss får vi ta i mårgå :)
Det var ein del krøllar som forsvant ;)
Nesten ikkje til å kjenne igjen ;)
Eg trur guten var fornøgd!
Nybada og nyklipte
Han virka til å vere veldig fornøgd med å vise fram nyesveisen til papsen når han kom heim i kveld <3 No er prinsen komt i seng og vi andre kosar oss med ostesmørbrød og norske jordbær til kvelds. Satsa på ein roligare morgen i mårgå :)
Kor kjekke han blei me sommarsveis:) Veldig stor gut altso!
SvarSlettSo flotte han vart<3 Vart plutselig so store:)Eg håpar også på ein bedre dag for dokke i morgon,og at forma til Oskar er stigande:)Gler oss til å sjå dokke i helga<3
SvarSlett