søndag 31. juli 2011

Første "frikveld" ilag på 2 år

Dei fleste småbarnsforeldre har vel sjeldan tid til å vere ilag åleine utan barna, for vår del er det over 2 år sidan sist vi var åleine meir enn eit par timar. Det har vore vanskelig å vere vekke frå gutane lenger enn det, og då spesiellt med tanke på Oskar. I og med at han blir så stressa av andre enn oss nærmaste og må sondast og ha medisin - må den eller dei som skal ha Oskar må kunne gjere dette i tillegg til å takle at han blir både sint og lei.

Men no er eg så heldig å ha verdens beste foreldre som virkelig har stillt opp for oss opp gjennom åra, og då spesiellt det siste året! Dei har no lært seg med sondinga og hatt testsondekveld og leggekveld med Oskar før vi skulle vere vekke frå han nesten eit døgn. Og eg viste på forhånd at han ikkje kunne vere i bedre hender :)

Så vi har vore i bryllup <3 Eit fantastisk kjekt bryllup med eit vakkert og kjekt brudepar. Sjølv om det var rart å vere vekke frå gutane og eg sjekka mobilen veldig ofte - hadde vi ein utrulig kjekk dag. Vi har slappa av, dansa og kosa oss ilag med gode vennar. Vi var faktisk av dei siste som reiste heim, klokka halv fire på natta - så det var godt å kunne sove til nesten tolv på søndagen ;)

Tusen - tusen takk til mamma og pappa som passa alle gutane våre denne dagen! (det kan nok hende at vi tek ei reprise om ei stund......)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)