søndag 3. juli 2011

Trist og lei...

Dei siste to dagane har Oskar vore meir trist og lei enn det som er vanlig...får berre håpe at det er vaksina som gjere det - han har ikkje feber, men det virkar som om kroppen ikkje spelar på lag i det heile tatt.... Han vil ikkje ligge på golvet, syns ikkje at det var so kjekt å bade som han brukar og er forferdelig stiv i kroppen... Kjenner at eg får litt backflash til då Oskar var veldig dårlig i fjor når vi får slike dagar - det er nesten som ein stor knute ned i magen og eg får ei frykt for at dette skal vedvare. Det bringer tilbake veldig dårlig minner der livet berre virka som om det stod på pause eller vi levde i eit mareritt som vi ikkje klarte å våkne opp frå. Fremdeles kan eg våkne midt på natta og tru at det berre var ein draum og at alt er i orden, men det er det dessverre ikkje. Det som er godt no er at sjølv om vi har slike dagar, så går det som regel litt betre etter ei stund. Vi håpar at alt er betre i morgon!


Det er ikkje vanskelig å sjå på Oskar når han ikkje har det bra... Han vil ikkje sjå på oss og får eit sammenbitt utrykk i ansiktet - syns det er viktig at dåkke skjønna at alt ikkje er solskinn, sjølv om vi prøvar å fokusere på det positive.... Livet til Oskar vart ikkje slik vi skulle ønske at det vart - allerhelst skulle vi ønska at han kunne få lov til å vere ein heilt vanlig liten gut på snart 2 år som kunne ha fått lov til å gjere både rampestrekar og vere ei lita masekråke som dei fleste andre på 2 år. Men det vart slik det vart fordi han ikkje fekk tatt nyfødtscreening når han vart fødd, håpe for all del at dette blir satt igang snart slik at ingen andre treng å oppleve det Oskar har opplevd!!!!

Det er slik vi helst ønsker at Oskar skal ha det - vere ein glad liten gut <3

Brorane har hatt det kjempekjekt på campingtur med tantene - men jammen var det godt å få dei heim også! Deilig med litt "fri", berre det ikkje er for lenge i gangen.... I går hadde eg fri heile dagen og var med på utdrikningslaget til ei venninne - kjempekjekt med zumba, leirdueskyting og spa ;)

No prøver vi med litt "Brannmann Sam" på dvd og satsar på at det kan vere kjekt <3 og håpar at alt er betre i morgon!

4 kommentarer:

  1. Lene Kristin Førde Lindvik3. juli 2011 kl. 10:28

    Stakkar liten! veldig urettferdig.... :/ go klem fra Lene og Gyda-Elena;)

    SvarSlett
  2. Hei Sissel
    Takk for sist.Veldig trist at Oskar har det sånn.Tenke masse på deg og familien din.
    Håpa at det blir betre snart.
    Klem frå tante Marta og familien

    SvarSlett
  3. Lisje gullet til besta.Håpe han er MYKJE bedre i morgon.Stor klem til alle frå besta.

    SvarSlett
  4. Vi våkna alltid opp på morgenen og tenker at dette skal vere ein bra dag :) Men realitetane er at vi har mange dagar der Oskar ikkje har det så bra, men eg har valgt å ikkje skrive so mykje om det - fordi vi har valgt å fokusere på det positive. Men om ein dag startar dårlig kan den bli bra og om ein dag startar bra kan den bli dårlig - slik er det berre... Vi er av og til so slitne at vi nesten ikkje veit kva fot vi skal stå på - men står allikavel på alt vi kan. Den største helten i dette er nok Oskar som står på og kjempar kvar ein einaste dag mot ein kropp som ikkje vil samarbeide. Sakte med sikkert har det blitt fleire "gode" enn "dårlige" dagar - og det håper vi fortsetter! I mårgå blir det nok ein god dag <3

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)