mandag 26. november 2012

Full rulle på Hamar :)


Det har vore full rulle den siste tida :)
Oskar har trena hardt her på Hamar - og tida spring heilt
frå oss - "so much to do, so little time" ;)


Torsdag forrige veke starta ganske vanlig med trening -
og det gjekk egentlig ganske greit sjølv om Oskar var litt lei
seg denne dagen...


Vi rakk til og med å prøve ein ny stol til Oskar -
denne heiter Krabat Jockey - og han sat fantastisk fint i den,
sjølv om han var ganske sint her ;)

Denne skal vi søke om i alle fall, har ikkje sett så god sittestilling
på guten tidligare eg... Og uansett er det godt å kunne variere sittestillinga
litt for han som for alle andre treåringar.

Men utpå ettermiddagen og kvelden skjønte vi etterkvart at ikkje
alt var som det skulle vere, og når Oskar kom tilbake frå ein liten
trilletur ilag med assistenten hadde han plutselig 40 i feber...
Syns det er litt ekkelt når feber kjem så brått på,
men gav han ein stikkpille, starta opp sos-regime og tenkte
at vi kunne ta oss ein tur til lege og ordne litt blodprøver dagen etter...
Så var det ikkje berre feber....litt utpå kvelden begynte Oskar å spy -
og då var det berre å få kontakt med Førde for å få litt hjelp til å forklare
situasjonen til barneavdelinga på Elverum - ringe 113 og vente på ambulanse...
...turen gjekk ganske kjapt, etter 20 minutt var vi komt fram og Oskar fekk satt inn
intravenøst slik alt skulle gå bra.



Tapre vesle guten vår!


Første natta hadde han veneflonen i "armhola", men når han våkna til på
morgenen merka vi fort at det ikkje fungerte når han stramma musklaturen
i overarmen - så derfor fekk han ny veneflon i foten.
Må berømme Oskar på tre år som ikkje grin eingang når dei stikk han!
Han spenner kroppen sin før dei stikk, for han veit kva dei skal gjere,
og så er han veldig fornøgd når han får premie etterpå.
Etter alle blodprøvene på sjukehuset enda han opp med heile 7 ringar
og eit armband - og det er stas, for han er veldig gla i å pynte seg!



Utpå lørdagen begynte guten å kvikne til litt,
men vi vart værande til søndag for å vere sikker på at blodprøvene
vart betre før dei skreiv oss ut.
Her har guten fått fiksa sveis med voks i håret og kosar
seg godt på fanget til mamma.


Har du sett ein slik nydelig liten kropp før?
Kven skulle tru at denne avslappa kroppen ikkje vil gjere
slik Oskar vil når han er våken?

Tusen takk til personalet som passa så godt på oss medan
vi var innlagt og til superkjekk assistent som vart ein dag ekstra
her nede for å hjelpe Oskar og mamsen på sjukehuset!



I dag har Oskar vore i storform på trening og imponert både mammaen
og bestemora si (som er her ilag med oss denne veka)


Han klarte å sitte på stolen medan eg telte sakte til 83!!!
Dette kan virke som små ting for andre,
men for oss er det STORT!


Treninga vart avslutta med skikkelig griseri ;)
Oskar fekk maling på handa si og laga handavtrykk,
både på arket, mamma og seg sjølv ;)

På ettermiddagen har vi vore på kafe,
og avslutta dagen med bading i varmtvannsbasseng -
DEILIG :)

Tusen hjertelig takk for koselige kommentarar -
både her og på facebooksida til Oskar
(som du finn dersom du søker på Oskarprinsen på facebook)

Ha ei god natt!
I mårgå står det julegavehandel på programmet :)

Klem frå Sissel

6 kommentarer:

  1. Blir helt rørt her!!
    Du har en aldeles egen måte og skrive på, og du skriver med en varme som når rett inn i margen min c",)

    Oskarprinsen er en skjønn gutt nusselig liten gutt!!
    Så bra at ting gikk bra når han ble syk, og at du har mamma og assistent med er.

    Tenkte masse på deg en dag i forrige uke. Var ute en tur i bygda med ongene på jobb, det står de 2 lerketreene jeg oppdaget kort etter at jeg fått noen kvister i posten fra deg!
    Noe for i meg og jeg bare MÅTTE knipse meg noen stra kvister, med barna på veikanten sammen med den andre voksne, kavet jeg meg ned i grøften. Krabbet meg opp på glattisen!
    Lykkelig på veien igjen med noen store greiner lerk!
    Du var hele tiden med meg, å som jeg flirte på min økt i slangeland!!

    Klem Anna

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe :) greinene med konglar på heng enten høgt oppe, eller ligg på bakken ;) så kjekt du fant heime også <3

      Slett
  2. Ingen veit kva dagen vil bringe, er det noko som heiter. Det er mange opp- og nedturar i livet, og det kan du heilt sikkert skrive under på. Beundrar deg for måten du taklar kvardagen på. Og så godt at det gjekk bra med Oskar denne gongen også! Han er berre skjønn;) Klem frå Edny

    SvarSlett
  3. Kor flott at dokke ser så gode resultat, at Oscar er frisk igjen og får trene.
    Eg er imponert over deg, laga du brennsnut til heile staben der ?

    Ha eit triveleg og inspirerande opphald vidare !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, eg og mamma laga brennsnut til alle som bur på avdelinga vår i går - og det er til og med nok til middag til heile gjengen i dag også :)

      Slett
  4. Så bra han sitte i den stolen, veldig flott! Og på golvet:-)
    Godt han kom seg over sykja, eg ser han har ringane på.....

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)