onsdag 12. september 2012

På bedringens vei :)

Etter å ha vore frisk sidan vi reiste på ferie,
har Oskar hatt den første haustsykja allereie...
Hadde håpt at han skulle få vere frisk til det
var litt lenger utpå hausten, men den gang ei.
 
Denne gangen starta det litt forsiktig,
og vi håpte vel at det skulle gå over av seg sjølv...
Men den gang ei -
natt til mandag fekk han høg feber - og det var
berre å sette i gang med sos-regime.
For dei som ikkje veit kva det er -
så er det at Oskar ikkje kan få noken proteinar i det heile tatt,
han får då resuorce energipulver som er blanda ut i vatn -
og kan spise litt fruktpure, frukt eller saftis i tillegg.
 
Feberen var vanskelig å få ned, sjølv om vi denne gangen
gav paracet og ibux om kvarandre kvar fjerde time -
han var slett ikkje i form og har vore til dels veldig lei seg -
sikkert fordi han har hatt vondt ein eller fleire plassar i kroppen.
Så i går var det tur til legen ilag med papsen -
der var legen heldigvis grundig og gav Oskar pencilin.
Crp-en var ikkje så veldig høg, men hadde auka på frå søndag
kveld...han var ikkje veldig raud i øyrene heller og ikkje så raud i halsen.
Så dette var vel i litt udefinerbar sykje ;)
Men det har visst gått slike febersykjer i nærområdet den siste tida -
som pencilin har effekt på.
 
Oskar har lav terskel for å få pencilin -
dette for at kroppen hans ikkje tåler å ha høg feber over tid,
sos-regimet kan max giast i 48 timar - deretter må han starte opp på
proteinar igjen slik at kroppen ikkje skal begynne å tære på si eiga muskelmasse.
 
I dag har Oskar vore i så pass bra form at han har brukt
stolen sin ein del - her teiknar han ilag med assistenten sin :)

Vi har fått laga nye augepeikeark som Oskar brukar når han
skal vise kva farge han vil ha

Snusken til mamma!
 
 
Så gleda var stor når feberen begynte å sleppe taket i natt,
og i dag har han vore i relativt grei form.
Litt lei enno, men trur det også kan vere kjedsomhet ;)
 
Så no kryssar vi fingrane for at han kan få gå i barnehagen igjen i
mårgå - og leike seg ilag med vennane sine der!
 
Eg prøver å ikkje tenke for mykje på alt som kan gå galt
når Oskar er sjuk, eg veit det - men orkar ikkje å dvele så mykje ved det.
Vi leve her og no, og ingen veit kva morgendagen bringe uansett -
så det er viktig å ta vare på øyeblikka <3
Også denne gangen holdt blodprøvene seg fine -
og blodet gjekk ikkje i "surning",
reknar med at det har sammenheng med rask reaksjon i heimen.
 
Oskar har fått arva "datamaskina" til Ulrik og
denne var stor stas :)
 
 
Vi har etterkvart blitt ganske flinke til å klare å behandle Oskar sjølve,
og dermed unngå å bli innlagt på sjukehus.
Vi er veldig fornøgde med barneavdelinga i Førde,
men har ikkje noke stort ønske om å tilbringe så mykje tid der.
 
Så får vi håpe at vi ikkje går inn i ei ny periode der Oskar er sjuk
annankvar veke (for slik har det vore stort sett frå oktober til april
dei siste par åra). Men i år satsar vi på at det kanskje kan bli bedre ;))))

Klem frå Sissel og Oskar

Ps. kjekt at så mange følger oss på facebook også ;)

8 kommentarer:

  1. Lille gutten, håper han blir bra strax!!

    Go klem Til Oskar, Klem Anna

    SvarSlett
    Svar
    1. Formen er ganske bra no :) Litt slimete - men ellers ok ;) Så her går det framover - klemmen er overført til eit varmt gutekinn <3

      Slett
  2. Trur vi må bøye oss i støvet i beundring over deres stå-på-vilje.
    Vi kan ikkje klage når dere er så fantastiske <3

    MVH

    Joan

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det Joan :)
      Veit ikkje om vi er så veldig fantastiske,
      vi gjer så godt vi kan for gutane våre -
      og meir enn det kan vel ingen gjere for barna sine uansett korleis situasjonen er. Det som hjelper godt er å prøve å fokusere på utfordringar istaden for problem, og prøve å fokusere på det positive sjølv om det ikkje alltid er lett det heller ;)

      Slett
  3. Så godt å lese at det gikk fort over denne gangen!
    Her har vi også hatt feberen i hus, så det er vel sikkert noe som går på denne tiden av året?
    Håper virkelig at dere slipper billig unna i månedene som kommer, og at Oskar kan være mer frisk en syk. Har han fått vært i bhg i dag? :-)
    Klemmer fra Bustehjemmet

    SvarSlett
    Svar
    1. I dag har Oskar vore i barnehagen -
      litt lei seg innimellom, men det gjekk stort sett fint :)

      Slett
  4. Hei. Eg kikka innom ein tur. Kom på det var lenge sia og lurte på korleis det gjekk med dåke. Er det kun feber og ubalanse i matinntak som kan gje han surning i blodet? Kan dåke sjå det på han på noko vis?? Snuppa mi er starta i barnehagen og har halde seg fri frå surt blod sia desember i fjor.
    Lykke til med hausten. Bjørg

    SvarSlett
    Svar
    1. Det farligaste for Oskar er vel spy/diare, då får vi helikopter til barneavdelinga for at han skal få intravenøs - ellers er høg feber over tid farlig for han. Når han får feber gir vi han resource for at han ikkje skal surne i blodet, og det fungerar stort sett veldig bra - men om prøvene går for langt ned blir vi innlagt. Vi kan vel ikkje sjå det på noko vis akkurat. Den hjerneskada han har i dag fekk han på grunn av høg feber i tre dagar - men det gjekk nokre veker etterpå før vi begynte å sjå at han ikkje ville bruke den eine armen sin, det berre gjekk så alt for fort når det virkelig vart alvorlig - så iløpet av tre dagar mista han all kontroll over motorikken sin. Vi håper og satsar på at tidlig reaksjon og behandling vil holde hjerneskada stabil slik at det ikkje blir værre enn i dag. Kjekt at det går bra med frøkna di :) Håpe det vil fortsette slik! Klem

      Slett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)