torsdag 13. september 2012

Fotortoser, pusekos og kjekt besøk

I går kom det pakke i posten til Oskar frå Østo -
dei nye og ganske kule fotortosene har komt :)
Oskar tok avstøypning til desse medan han var på
PTØ-senteret i august.
 
 
Var vel ikkje heilt populært med gips på føtene,
men det hadde vist gått greit nok.
 
 
Desse tøffe fotortosene kom i posten i går, og
eg trur nok Oskar er aldri så lite påvirka av å ha ein kjekk
svensk assistent ;) Syns dei var skikkelig kule!

 
Sandalane passar til ortosene og har flat såle for at Oskar
skal få rett vinkel på foten. Desse kan han bruke til ståtrening, i
ståstativet og når han kanskje ein gang kan få prøvd noke som han
kan gå i.
 
 
Slik ser dei ut på foten - Oskar likar ikkje så godt nye ting,
så no driv vi med litt tilvenning slik at han skal lære seg
å ha dei på foten.

 
 
Flink gut som har brukt stolen sin mykje i det siste,
dette gjer det lettare å leike ilag med Oskar -
og det blir ikkje så mykje belastning på ryggane til
oss som er ilag med han :)
 
 
Litt kos med pusen vart det også medan han satt i stolen,
denne pusen er veldig gla i å sitte høgt oppe -
og det passa no godt ;)
 
 
Deilig å kose med mjuk og varm pels -
han fekk til og med ein liten kattevask Oskaren ;)
 
 
I dag har vi hatt kjempekjekt besøk av Besta og Besten
til Oskar og sist, men ikkje minst, eine hunden deira "Bella" -
ingen hemmelighet at Oskar er litt over gjennomsnittet glad
i hundar - så det er alltiv stas med besøk av ein liten firbeint ein ;)
Kanskje kanskje han kan få sin eigen ein vakker dag?
 
Oskar er litt artig, for han smilte ikkje så masse når han såg Besta -
ikkje fordi han ikkje er gla i henne (for det veit eg at han er) -
men fordi han trur at ho skal passe han når ho kjem på besøk :)))
Men han tøya opp etterkvart når han skjønte at det berre var
besøk og ikkje pass i dag. Og gliset vart stort når eg spurte om
han ville leike ilag med Besten! Ganske populær han altså....
Og det var nesten som om han ville sprette ut av armane mine ;)
 
Så her vart det tull og tøys med både Besten og Besta etterkvart -
tusen takk for kjekt besøk!
 
Ha ein strålande kveld vidare :)
 
Klem frå Sissel
 
 
 
 
 
 
 
 
 


2 kommentarer:

  1. Kjekt at Oskar er i form igjen:)
    Og så lurer jeg på om vi har katt på deling, mener du har kommentert det hos meg men nå lurer R på om Miss har tatt turen til dere:D

    Vet du, akkurat det mønsteret hadde Alexander på dei forige ortosene han hadde, men han hadde rødt (som i Liverpool;) Håper Oskar blir vant til dei fort, det er ofte litt innkjøringsproblemer med slikt tror jeg. Nå har A kun på ene foten, og den er ganske stilig den også - minner litt om et leggskinn (slik du bruker i fotball) Kanskje jeg skal lage et innlegg så kan du få se den:)

    Ønsker dere en fin fredag og ei herlig helg,
    varm klem Hanne:)

    SvarSlett
  2. Koselig innlegg, fint at Oscar er i bedre form nå!
    Ønsker deg og dine en riktig god helg!
    Klem, Marianne.

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)