fredag 9. mars 2012

Heim - kjære heim

Nok ei runde til Haukeland er avslutta -
og jammen var det godt å komme heim :)

Denne gangen brukte vi bilen for å komme oss ned,
med ein storm på onsdag og ein ny som skulle
komme på fredag - orka eg ikkje tanken på å
sitte å gynge på båten ;)

Oskar har vore kjempeflink -
men det er stressande for han å reise så langt
med bil - og eg kan ikkje huske sist gang eg
sat framme i bilen vår...

Men no er vi ferdige for denne gang -
har vore med endokriniolog, nevrolog, eræringsfysiolog,
gastrolege og på labratoriet...
På torsdag hadde vi legetimar frå klokka var 10 om
morgonen til 16 på ettermiddagen...
ganske travelt når vi kom fram til Bergen klokka 00.10
kvelden før...
Men Oskar kom seg fint gjennom dagen -
og vi er stolte av prinsen vår som ikkje grin ein
gang når labdamene stikk han!


Flinke guten!
(dette bildet er frå forrige gang -
for vi gløymte å ta med oss mobilen til Oskar denne gangen)

MEN - no gledar vi oss til å få nokre veker heime,
før vi skal på tur igjen - denne gangen til Hamar
på trening på PTØ-senteret.

Ha ei fortsatt flott helg

Klem frå Sissel

5 kommentarer:

  1. Velkommen hjem :)) Håper dere får kosa dokk i helga :) klem klem

    SvarSlett
  2. Flinke gutten! God helg til dere ;)

    SvarSlett
  3. Vonar helga blir god, etter den lange reisa.
    Travelt for vaksne, og ekstra travelt for små born
    å køyre så lang.

    Veret ute gjer innekosen god :)

    Takk for koselege ord hos meg :)

    Klem

    SvarSlett
  4. Velkommen hjem igjen!! Han er en tålmodig gutt den Oskar c",)
    Håper dere får en smashing helg, Klem Anna

    SvarSlett
  5. Han er flink, Oskarprinsen.
    (tror du vi hadde vært like tålmodige Sissel;)

    Velkommen hjem, håper helga blir rolig og god.
    Klem
    Hanne:)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)