onsdag 21. mars 2012

Lycraortose/-drakt

Fekk spørsmål om kva lycraortose/-drakt er -
eller supermanndrakt som vi likar å kalle
den her i huset :)
Og tenkte eg skulle svare etter beste evne....

Håpet vårt med denne drakta er at Oskar skal
bli sterkare i kroppen, få mindre spasmer og
vridningar og hindre feilstillingar.



Oskar har ei drakt med halve ermar og føter -
han er i utgangspunktet ein veldig varm gut
som fort blir svett - mange gangar kaldsvettar han
også på grunn av at han blir "stressa".
Drakta tok vi mål til på barnehabiliteringa i Førde,
og den vart sydd i England ;)


(Oskar likar ikkje blitz)

Den har glidelås både på ryggen, framme og
på føtene i tillegg til glidelås i skrittet slik at det skal
vere enkelt å skifte bleie.
Den er faktisk lettare å ta på og av enn eg trudde den
skulle vere - men trur vi skal be om glidelås på
armane også neste gang....dei er litt trange å få på.

I tillegg har ortopediteknikk laga eit
hol til knappen på magen slik at det er enkelt å
gi Oskar den maten han ikkje klarer å ete sjølv.

Vi håpar at når han no kanskje får ei betre holdning i
sjølve midtkroppen, kan bruke kreftene sine på å
klare å holde haudet sitt litt betre -
og at det skal bli lettare for han å sitte i ein stol.

Drakta tar han på om morgenen i titida -
og har den på til kveldsstellet klokka åtte
(no etter at vi er ferdige med opptrappinga,
starta med 2 timar for dag - så 4 og så 8,
anbefallt opptrapping på denne type drakt)

Oskar har akseptert fint å ha på drakta -
og vi må vel snart ha ei til,
for denne må vaskast minst kvar tredje dag
fordi den blir utvida når den blir brukt.


Så langt er vi veldig fornøgd med den og ser
at Oskar ligg beinare på golvet når han brukar den
enn om han ikkje har den på.
Og på kvelden når vi tar den av -
er han ganske avslappa ei stund etterpå :)

Takk til barnehabiliteringa og Ortopediteknikk
for god hjelp med å få ordna dette :)

Vi vil ikkje la noko vere uprøvd i forhold til å gi
Oskar ein betre kvardag!

Klem frå Sissel

2 kommentarer:

  1. Så fint at det finnes så fantastiske hjelpemidler - enda bedre er det at de hjelper!
    Oscar er en riktig superhelt! <3
    (Og det er mamma'n hans også)
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
  2. Flott at det fins så mange nyttige hjelpemiddel.
    Einkvan er kreativ som tenkjer dei ut :)

    Flinke er dokke !!

    klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)