søndag 19. februar 2012

Knappeskift-trening ;)

Har spekulert ei stund på korleis assistentane,
pedagogen og andre som har med Oskar å gjere
skal lære seg korleis ein skal skifte knapp ;)

Ikkje det at det er så vanskelig,
men greit å kunne trene seg om det plutselig skulle
oppstå ein situasjon som gjer at dei treng å få til dette...
og vi kan liksom ikkje trene på Oskar -
han er flink til knappeskift, men trening trur eg
han skal få sleppe...

Så fant eg ut at badedukka til Oskar kunne ta ein
liten "knappeoperasjon"....
Så i dag har den vore under kniven -
og fått satt inn knapp i magen ;)




Alt ein skal styre med,
syns liksom det var nok frå før når eg har vore
sjukepleier, lege, fysioterapeut, logoped,
snikkar, reinahaldar, kokk og mange andre yrker eg
har arbeidd meg gjennom ;)
(for dei som lurer - så er eg eigentleg pedagog)
OG NO har eg vore kirurg også!!!!
Hahahaha!!!



So no er vi klar for knappeskift-trening neste veke!

Fint? Ikkje sant?
(og syns eg er ganske kreativ)

Og kanskje litt greit for Oskar å ha ei dukke som
liknar litt meir på han :)))

I dag har vi vore på Eid og spist ball til middag -
kjempegodt og kjempekjekt å vere ilag med
verdens beste familie :)


Klem frå Sissel

7 kommentarer:

  1. Så lurt!
    Kjekt å treffe dokke i dag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Va veldig kjekt å vere ilag -
      men det e det alltid Fride :)

      Klem

      Slett
  2. Eg er så imponert over deg Sissel Astrid !
    Du er eineståande.
    Heldige Oskar som har deg til mamma. Ei mamma som ikkje
    er rådalause for noko :)

    Lukke til med knappen og alt det andre spennande du og familien held på med.

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. ååå - rødma nesten her ;)
      Takk skal du ha Anne-Mari!
      Prøva og prøva alt eg kan å ikkje tenke problem,
      men utfordringar :)

      Ha ei fin veke!

      Klem

      Slett
  3. Så utrolig smart Sissel, dette synes jeg du skulle gå videre med. Tenk på hvor mange som kunne hatt bruk for en slik.

    Jeg har hatt et par "hatter" jeg også opp gjennom årene, men kirurg har jeg ikke vært enda;-) Og det er viktig som du sier, å ikke tenke problem. Selv om det enkelte ganger kan være vanskelig å se skogen for bare trær;-)

    Håper dere får ei knallfin uke, siden sola har kommet til oss satser vi på at våren er like rundt hjørnet:D

    God klem,
    Hanne:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tenkte så langt at eg delte bildet og ideen på knappen sitt forledreforum på facebook ;) Der er det mange foreldre med knappebarn - så kanskje noken andre vil prøve dette også :)

      Ein går seg litt vill innimellom - så må i alle fall eg - ta eit skritt til sida og tenke over kva som er viktigast ;)

      Klem tilbake

      Slett
  4. Så kreativt!!!
    Jammen meg er Oskar heldig som har en så dyktig og kreativ mamma =)
    Lykke til med opplæring og øving =)
    KLEM

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)