lørdag 11. februar 2012

Beitostølen Resort og to heilt spesielle damer :)

I dag dukka det opp eit lite mysterium i postkassa
vår ;) Det kom ein konvolutt frå Beitostølen Resort...
med 5 skikortklyper i og ingenting anna....

Eg skjønte kvifor klypene kom -
for eg har etterlyst slike på facebook til Oskar -
for at han skal kunne bruke dei til snakkekort ute,
men eg skjønte ikkje kven som hadde ordna dette ;)



Eller, det vil seie, eg trudde eg visste kven det var -
for vi har eit vennepar på Beito og mannen i huset
jobbar i skianlegget på Beitostølen -
så eg skreiv melding og takka for at dei hadde ordna det -
men til min store overraskelse - så var det ikkje dei...

Og då hadde ikkje eg peiling ;)

Men det meste kan løysast på facebook -
så eg etterlyste kven som hadde ordna det?
For vedkommande måtte ha lest statusen min for å kunne vite om det...

Og då fekk eg svar!

Inger Hovengen er ei dame eg aldri har møtt,
men vi har truffe kvarandre gjennom ei interiørside
på facebook som heiter Tips & Inpirasjon Til Hjemmet -
og har følgt kvarandre sine bloggar ei stund og vore
vennar på facebook også (i april skal vi ha minibloggetreff¨
på Hamar ilag med eit par kjekke damer til).
Bloggen til Inger finn du HER

Og ho hadde ordna det!
Tusen takk snille Inger!

Dette skal vi bruke klypene til!
Noko heilt anna enn kva utgangspunktet var -
men det er viktig å vere oppfinnsom :)

Ho hadde ringt til Atle Hovi (dir. på Beitostølen Resort)
og spurt om han ville
gjere ei god gjerning - og det ville han ;)

Så det var han som hadde sendt dei!

1000 1000 TAKK!



HER finn du link til Beitostølen sine fantastiske sider.
Vi er så heldige å ha vore nokre feriar på Beitostølen
på besøk med gode vennar - og håpar det ikkje blir
for lenge til neste gang ;)

Men eg sa at det var 2 heilt spesielle damer dette
innlegget skulle handle om :)

Den andre dama som står mitt hjerte veldig nær,
er mi kjære bestemor!

Ho er eit fantastisk menneske - som har stor omsorg
for dei som står henne nær - og
som vi er veldig glade i!

Oskar heiter opp igjen etter min oldefar,
pappaen til Besta -
den einaste av oldeforeldra mine som eg kjente -
og som var ein utrulig snill og god mann.

Det andre namnet mitt - Astrid - har eg etter mi
bestemor...så banda er det både i hjerte og namn :)

Bestemor veit ikkje kva godt ho skal gjere for at
kvardagen vår skal bli betre - så ho har også ordna klype til
Oskar - og eg har fått pengar med henne til aromaterapibehandling!
Eg gledar meg til det!
Skal bli godt for ein kropp som begynner å bli ganske sliten etterkvart,
men for meg var tanken bestemor hadde bak dette den beste gava!

Eg er så uendelig gla i deg Besta mi!



Ps. Besta - ikkje lov å gråte no!
Berre SMILE!

Klem frå Sissel ASTRID
og Oskarprinsen som du kan finne på facebook også no!

4 kommentarer:

  1. Så fint å lese!
    Klemmar frå Åse <3

    SvarSlett
  2. Nydelig bestemor du har - kjenner godt igjen det du skriver om sterke bånd og masse omsorg.
    Atle's bestemor er også en sånn kvinne, og hun er veldig spesiell for oss fordi begge foreldrene hans har gått bort.
    Tenker at du fortjener hver eneste gave som dumper ned i postkassa di - det man sår høster man. :-)
    Ønsker dere en riktig god helg - hele familien!

    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
  3. Jeg blir helt rørt, og fortjener aldeles ikke all rosen - du veit - den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad :).
    Og så koselig å lese kor glad du er i besta :)

    En god helgeklem både til deg og Oscarprinsen.

    SvarSlett
  4. For eit nydeleg innlegg.
    Eg sit her å les med tårer i augene.

    God klem ♥

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)