mandag 14. november 2011

Som 2åringar flest...

......streten og med masse vilje.... Det har Oskar også - sjølv om han er multihandikappa..... Han vil ikkje gjere det han har bestemt seg for at han ikkje vil! Han gir beskjed om det også! Høgt! Og sjølv om vi til tider syns det kan vere travelt - er det også godt :)

Godt fordi det viser oss at han forstår
Godt fordi han ikkje finn seg i alt
Godt for framtida hans - fordi han gir beskjed
(og travelt fordi det krev mykje av oss og alle andre som er rundt han)

Sjå for deg følgande senario :

Du har ein funksjonsfrisk 2åring - stroppar han/ho fast i eit ståstativ - korleis trur du han/ho vil reagere???
Høg og vill protest - det kan eg nesten garantere deg!



"Eg gir beskjed!" (men syns du egentlig at det er rart???)



"Eg er stroppa fast overalt - ville du ha likt det?"

Og det gjer Oskar også - av og til syns han det er greit, men det er ofte han syns det er noko herk!

Kva 2åring ville syns det var greit å bli festa fast (heilt fast)???
Ingen!
Ikkje mine gutar i alle fall!
Dei andre to har vore gjennom sine perioder der berre det å feste dei fast i ein bilstol har vore ille nok - eg kan berre forestille meg korleis dei ville reagert om eg stroppa dei så fast som vi må gjere med Oskar.....
Vel - trur faktisk ikkje eg orkar å tenke på det....

No har Oskar hatt ei sånn vill protest tid.... og då vil han ikkje!!!

I dag har han vore heime fordi han driv og skremmer oss med laus mage ;)
Men det var heldigvis ikkje noke meir enn det (og oppkast på grunn av hosting etter frukosten). So vi har kosa oss her heime ilag : Eg, Oskar og Sofia (assistenten til Oskar)
Han har stått i ståstativ (av den enkle grunn - at han må!) - men i dag gjekk det ganske greit - ei stund i alle fall, leika med brytar på golvet - og vore på trilletur.

På ettermiddagen kom vi oss omsider på helsestasjonen for å ta influensavaksine - ei halv dose, den neste halva skal han ta i desember. Godt å få det gjort - og kryssa fingrane for at han ikkje får feber av den (det var derfor vi delte den opp i to doser).

Oskar er ein liten helt - han berre spente kroppen og stålsatte seg for sprøyta :
For HAN SKJØNNAR AT HAN SKAL TA SPRØYTE!
Han studerte helsesøstra godt medan ho laga til vaksina og hadde heilt tydelig ei formeining om kva som skulle skje.... MEN : Han grein ikkje - kor mange 2åringar ville ha klart det? Ikkje så mange andre som eg har kjent i alle fall.... Oskar er vant med å ta sprøyter, bli stukke og ta blodprøver....dessverre....men det er han god på også! Og eg syns han er ein skikkelig TØFFING! Ulrik som var med - var heilt imponert over lisjebroren sin!

På ettermiddagen har Oskar brukt stolen sin i ein heil time, han har "hjelpt" meg med å lage middag, dekke bord, rydde av bordet og vaska bordet etterpå - og det syns han er like spennande som alle andre 2åringar. Og då er det også greit å sitte i stolen.

Klar!


Vi trenar på "ja" og "nei" - ikkje enkelt når haudet låser seg - men vi gir ikkje opp!
Eg held opp den handa med raudt eller grønt armband når eg tolkar Oskar sine uttrykk - og seier JA eller NEI, slik at Oskar skal skjønne vitsen med dei.


Oskar og storebror Emil tørkar av bordet - flira godt han Oskar då ;)


(Blitzen er litt ekkel) Men eg hjelper mamma med å hente duken som skal ligge på bordet :)
FLINKE OSKAR!

Eg ber fint om at ingen undervurderar Oskaren vår - vi trur han kan og vil.....
MEN han er berre 2 år!
Og som 2åringar flest ;)
Eg veit ikkje om så mange andre 2åringar som får stillt så store krav til seg sjølv.
Han har trening kvar dag - både ASK (kommunikasjon) og PTØ (motorikk), fysioterapeut 3 dagar i veka, bading kvar torsdag, skal stå i ståstativ, få massasje mm - andre barn på hans alder kan stort sett gjere som dei sjølv vil - dei treng ikkje å bli stillt så høge krav til....dei kan leike seg og nyte livet - som 2åringar skal!

Men for at Oskar skal komme seg opp og fram her i verda - må han gjere ting han ikkje alltid har lyst til....

MEN EG ER GLA FOR AT DU PROTESTERAR OSKAR!
Det skal du fortsette å gjere om du ikkje vil ;)
(men eg håpar du etterkvart vil skjønne kvifor vi må gjere ting du ikkje vil)

Klem frå Sissel

7 kommentarer:

  1. Så flott skrevet Sissel =)
    Jeg er så imponert over dere og brødrene hans og alt det dere får til! Har ikke minste sjangs til å klare og sette meg inn i det dere går igjennom...sånn anna enn at 2 åringer protesterer da :P
    Oscar er en skikkelig tøffing og det er jammen meg resten av familien hans også =)
    KLEM KLEM KLEM <3

    SvarSlett
  2. Ja, takk Gud for at de små vet hva de vil. Og klarer og si i fra! Høres ut som to års viljen har kommet for fult hos dere ;) Kan være ei utfordring det! Men som du sier, så må en bare se det positivet i det! Du er flink til det, Sissel! Verdens beste mamma til Oskar og brødrene ♥

    SvarSlett
  3. Så fantastisk å lese Sissel. Oskar er bare helt nydelig. Kjenner godt til den følelsen når de små viser vilje. Jeg ble alltid litt mer stolt i akkurat det øyeblikket:) Sånne "vanlige og normale" ting oppleves så stort for oss som har barn med litt ekstra "hjernekrøller" (smilte godt da jeg leste forrige innlegg om andre hjernekrøller). Kos dere vider med 2års trass og mye annet herlig hverdagskaos<3
    Anne Bjørg

    SvarSlett
  4. Lisje,store helten til besta<3

    SvarSlett
  5. Så vakkert skrevet om den lille helten din <3 Ikke lett og være to år.... Du er ei flott dame som står på , selv om det sikkert er tøffe tak ... Ha en flott dag :)

    SvarSlett
  6. Så flott det var å lese om denne lille helten!!! Og så bra at han har en mammma som har både fortåelse for han og TRO på han, det er viktig. Beundrer familier som må takle sånne ekstra utfordringer som det å ha funksjonshemning. Vi har et vennepar som fikk en funksjonshemmet sønn, og de sier selv at de har lært viktige ting i livet av dette som de ellers ikke hadde lært. Det har gjort dem til bedre mennesker rett og slett. Søsken lærer også det å vise hensyn, være hjelpsomme og å være inkluderende mot andre mennesker. Så jeg tror at både Oskar og resten av familien deres er helter på hver deres måte!! Lykke til med dagen i dag =)

    SvarSlett
  7. Det er fantastisk å lese om Oskar og familia hans. Det er nok både gleder og utfordringar.

    Eg er einig med mor at det er godt at han har sterk vilje.
    Det vil hjelpe han vidare :)

    Varm og god klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)