mandag 21. november 2011

Verdens beste Bestefar fyller snart 60 år!

Det finst ingen over og ingen ved siden av...
....min pappa er verdens beste!
Han og mamma har vore fantastiske støttespelara etter at Oskar vart sjuk -
både for oss, brorane og vesle Oskar.

På søndag var vi på Alexandra Hotell og feira jubilanten
- fordi han sjølv og mamma stikke av til sydens sol og varme på sjølve dagen.




Vi hadde ein fantastisk dag ilag med latter, god mat, bading
og mamma klarte til og med å overraske jubilanten til dei grader med presangen han
fekk av henne...vi hadde alle gleda oss masse til å sjå uttrykket hans!


Og her er han på Eid etterpå å testa presangen!
Tenk å bli Biker i en alder av 60!
Han e en spreking papsen!

Ulrik måtte ha den beste replikken den dagen :
Ulrik : "Du Bestefar kan vi feire "konfirmasjon" (Ulrik har nok eit inntrykk av at
sånne store tilstelningar må vere konfirmasjon...) her neste år også?"
Bestefaren : "Tja, det får no vi sjå på" (kan ikkje referere heilt her - så pappa : du får gå inn å
korrigere)
Ulrik : "Kan vi ha "konfirmasjon" her når du døyr også?"
Bestefaren : "Det må no nesten dåkke bestemme"
Ulrik : "Ja, då trur eg det blir det...."
Her er det rett-frå-levra prat altså.....ungar er herlige sånn!
Gleda var stor i bilen på vei når vi fekk melding frå Bestemora : "Du kan helse gutane og seie at det blir 
"konfirmasjon" på Alex kvart år før jul :) Besten spandera :) :)"
hi hi hi - ja det er best å feire livet!


Koselig pynta :)

Oskar var litt stressa denne dagen - og var ikkje fornøgd i bilen på vei innover,
les : ålsvett og stiv i kroppen...
Men vi hadde heldigvis med oss assistent som tok han med på trilletur medan vi åt mat -
og fekk litt tid til å snakke med dei andre.


Vart litt blidare med litt frisk luft ;)


MEN : han kosa seg i bassenget!
Og på kvelden klarte han å ta tre gangar borti bade-symbolet sitt som heng på veggen!
Og når mora sa at vi ikkje kan bade meir i dag, kom surelippa og
han kikka lengselsfullt mot badekaret....


Litt stressa i kroppen, men kosa seg masse i bassenget!

På vei heim sovna Oskar i bilen - og det siste kvarteret hylskreik han....
så når han skulle legge seg - hadde ikkje han tenkt at det var greit,
for han hadde no sove middag!

Så klokka 22.30 i går kveld tok en sliten og trøtt Oskar natta ;)

Vi hadde ein kjempekjekk dag - ilag med ei kjempekjekk familie
- verdens beste faktisk!

Klem frå Sissel


2 kommentarer:

  1. Det er så fint med sånne flotte fedre - jeg har også verdens beste:)
    Og sånn flaks at han vil spandere konfirmasjon hvert år da (lo høyt for meg selv når jeg las det:).

    Takk for hilsen til A,
    og god natt til dere begge.
    Klemღ

    SvarSlett
  2. Nå sitter jeg er med et smil om munnen og tårer i øyekroken. Så fantastsike øyeblikk du deler med oss, Sissel. Er glad du har en god familie rundt deg. Og Oskar er virkelig en sjarmør! Klem til deg fra Siv-Ellen.

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)