fredag 7. oktober 2011

Tur til Haukeland

Då har vi komt heim igjen frå Haukeland - godt å vere heime etter nokre hektiske dagar. Oskar har vore flink, men vi merkar at han er sliten no - og det forstår eg godt. Vi reiste herfrå med bil i halv-fem tida på tirsdag og var ikkje framme på sjukehushotellet før klokka var 00.30 på natta...det var veiarbeid eit stykke før vi kom til Bergen... Så då var det berre å få guten i senga og prøve å få seg litt søvn før onsdagen.

Onsdag var det innskriving på Barneklinikken - blodprøver og ernæringsfysiolog. Vi var faktisk ferdige klokka tre og kunne kose oss ilag resten av dagen. Då vart det handletur, slik at vi fekk kjøpt noko til storebrorane heime og til vesleprinsen som han skulle få etter MR ;)


I dei underjordiske gangane på vei til barneklinikken på Haukeland

Oskar syns nok ikkje at det er stas å vere her igjen, men var tross alt tapper gjennom dagen

Tid for blodprøver, ikkje noke stas - men Oskar grein ikkje denne gangen....

Etter ein lang dag, var Oskar trøtt og det var godt å finne senga - for dagen etter skulle vi vere på BK klokka 07.45....

Søtingen vår <3

Torsdagen starta med innsetting av veneflon (Oskar kan ikkje faste, og må derfor få glukose når han skal i narkose) - legane måtte prøve 3 gangar før dei klarte å sette den etter at Oskar til slutt fekk beroligande for å ikkje spenne seg sånn i kroppen.... (No er han ganske blå på begge føtene). Så var det nye blodprøver og time med nevrolog. Det blir ikkje botox for Oskar endå fordi han ikkje har så mykje tilstivning i kroppen. Kanskje blir det ein tur til på spasmeteamet seinare for å sjå kva dei meinar...

Endelig vart det tid for MR - som vanlig er det ikkje noke kjekt når Oskar blir slapp i kroppen og sovnar i narkose - men vi er gla for at vi endelig har fått gjennomført dette. Svaret har vi ikkje fått endå, men vi får beskjed når bilda er analyserte. Dette er for å følge med slik at Oskar ikkje får større hjerneskader enn han allereie har.

Oskar er tilkobla intravenøs glukose


Oskar sov totalt i 2 1/2 time, og var derfor i ganske fin form når han omsider våkna

Endelig våken igjen og tid for kos på fanget til mamma


Premie frå sjukepleier Anne (elefant), premie frå mamma & pappa (mikke mus) og diplom frå sjukepleiarane på oppvåkninga

Oskar rakk også å helse på den flotte klovnen Trudelutt på barneklinikken - desse to har vore ein del ilag ;) Ho er kjempeflink med Oskar!

Til slutt var det time med endokriniolog før vi satte kursen heimover. Vi kom heim til gutane litt før elleve på kvelden og var ganske trøtte alle sammen. No ser vi fram til ei forhåpentligvis rolig helg :)

1 kommentar:

  1. phuu.. nå kan dere puste ut og senke skuldrene. Det blir intensive timer når en skal rekke så mye, og dra så langt på kort tid. Håper dere får den rolige helga dere trenger ♥ Godt at det gikk så bra med narkose og MR. Og forhåpentligvis er det lenge til neste gang!

    Må si Oskar var kjempe lik bødrene på det bildet der han nettopp har våknet, han er jo alltid lik, men litt ekstra på det bildet ;)

    God helg snilleste Sissel ♥

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)