søndag 16. oktober 2011

Frisørbesøk

I går var Oskar til frisør for andre gang - eg har klipt han eit par gangar sjølv i sommar på grunn av at vi har måtte avlyse frisørtimar....ikkje alltid så godt å planlegge noko her med oss ;) Å klippe han sjølv syns eg egentlig var meir som ein risikosport...men vi kom no heilskinna frå det både eg og Oskar...

Denne gangen klarte vi å få gjennomført frisørtimen vi hadde planlagt - og Oskar vart såååå stor når han fekk klipt seg. Men vi var nok litt svette både eg og frisøren før vi vart ferdige ;) Det er ikkje så enkelt å klippe håret på ein liten kropp som vrir og vende seg alle andre plassar enn der ein vil... Men med frisørkappe på både mor og barn, og ei sterke mamma fekk vi ordna det (noko som eg kjenner godt i skuldrane i dag). Men prinsen vart kjempekul med nyklipt kort hår, så det så!!!

Greit å kikke litt i speilet før vi begynne ;)

Hmmm...litt skeptisk......

og litt svett.....

Det var godt med middag, trilletur og eit varmt bad når vi kom heim. Håpe håret vekse seint og det blir ei stund til neste hårklipp ;)

Klem frå Sissel

2 kommentarer:

  1. Så sterke innlegg du skriver. Har lest litt nedover siden, men må nok sette meg ned og lese litt mer senere. For en tøff og sterk familie!
    Oskar virker som en veldig herlig gutt :)

    Ønsker deg en fin uke!
    - lykke til på min giveaway
    /Silje

    SvarSlett
  2. Fine Oskaren, og fine mamsen :) Gleda mej til å sjå dokke på Alex :)

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)