Langt mellom innlegga på bloggen no,
men her er det som vanlig full rulle -
og mindre blir det ikkje no når det er jul ;)
Vi har hatt ei frisk og fin jul med mange små og store høgdepunkt :)
Eit av dei store høgdepunkta for Oskar var nok
besøk av "Roger Politi" før jul - Oskar har fått
seg politicaps av denne supre pappaen i barnehagen
tidligare - og no fekk har jammen sitt eige
tjenestebevis også! Oskar har hatt det på seg stort sett
heile tida sida han fekk det - og har hatt stor glede av
å "arrestere" oss andre (med god hjelp av storebrorane)
heile jula :) Tusen takk til Roger - vi er spent på om
vi får politibesøk på nyttårsafta ;)
Politimann Oskar på tur :)
Stilig!
(og det ser skremmande ekte ut -
flaks at Oskar neppe vil misbruke det ;))
Litt karamellesmaking vart det også tid til den siste
dagen før jul ilag med pedagog og assistentar
(viktig og kose seg litt ilag også)
Lørdag var vi i skogen og henta juletre
(og må vite juletrepolitiet var der også!)
Papsen har kjøpt eit slikt lite fint popup-telt
som Oskar har med seg på tur,
gjer det litt lettare når han ikkje vil sitte i vogna eller
det blir for tungt å holde han.
Seinare på kvelden var vi på thairestaurant og spiste middag,
og etterpå på bowling
(bowlingpolitiet er på plass ;))
Kjekt at der er eit slikt stativ som gjer at Oskar også kan
vere med å bowle :) Dette er noke som han likar veldig godt!
Tradisjonen tru vart juletreet pynta på lisjejulafta -
Oskar hjalp godt til med å både pynte treet.....
....og seg sjølv ;)
Det var ganske mange pakkar som skulle få plass
under treet - eller rettare sagt på golvet :)
Mamsen laga julekort som vi la ut på facebooksida til Oskar -
men Oskar er så redd julenissen, at han vart litt redd seg
sjølv i nisselue også...derav det litt skeptiske uttrykket ;)
(om du søker på oskarprinsen på facebook,
så finn du sida hans der - eg er litt flinkare til å oppdatere
der enn på bloggen)
Alle tre gutane fekk masse presangar,
og var veldig fornøgde med kvelden.
Oskar fekk god hjelp av brorane til å opne presangar!
Men presangen som var mest stas var nok denne
Lynet McQueen bilen som Oskar har ønska seg
veldig! Tusen takk til Ringobutikken i Førde som var
behjelpelig med at eg fekk betalt den over nettet -
og frakta den opp på hjelpemiddelsentralen,
og tusen hjertelig takk til dei på hjelpemiddelsentralen som
bygde om denne slik at Oskar kan bruke den!
Snakk om serviceinnstilt gjeng!
Dei har satt i spesialsete med haudestøtte -
og laga til gassbrytar i haudestøtta slik at Oskar kan køyre :)
Dette nydelige bildet fekk Oskar av besten og besta -
det har Aina på Hakallegarden mala og
det skal få hedersplass i det nye påbygget som vi håpar på
å få bygge i 2013
Festpynta tøffing på julafta <3
Oskar har vore to dagar i barnehagen denne veka,
og det gjorde godt både for mamsen og Oskar etter
lange heimeveker. Han hadde storkosa seg med full
fres på akebrett, laga englar i snøen og mala ute -
og no syns han det var heilt greit med litt nyttårsferie ;)
I dag har han vore å handla seg ein megasjokolade
i lørdagsgotteri (som sikkert inneheld proteinar for ei
veke i følge dietten hans...så denne har han nok heile 2013...)
Men guten var veldig fornøgd med kjøpet ;)
Og har hatt mykje morro med å leike i denne digre kassa
som er omgjort til buss/tog/bossbil/postbil mm.
ilag med bestevennen og brorane (+ ein kjekk
kompis til storebror som har vore på overnatting)
Ønske dåkke alle ei fortsatt fin romjul -
skap gode minner og ta godt vare på dei <3
Det har vi gjort <3
Klem frå Sissel