mandag 15. oktober 2012

Haustferiekos

Då har eg endelig litt tid til overs - og kan
skrive nokre ord om haustferien vår ;)
 
I år har vi vore til Bærum ein tur på besøk til
tanta, onkelen og søskenbarna til gutane -
vi har kombinert ferie med kiropraktorbehandlingar
på Asker kiropraktorklinikk.
 
Oskar var til kiropraktor kvar dag - og ser ut til å
ha fått litt effekt av det - så får tida vise om
vi vil få sjå meir effekt etterkvart.
Oskar starta opp med denne behandlinga berre to
månader etter at han hadde den metabolske krisa,
og dette er den fjerde veka vi har vore her.
I begynnelsen var dette det einaste tilbudet vi fant som
kanskje kunne hjelpe Oskar - og vi såg at kroppen hans
gradvis roa seg etter behandlingsvekene med Morten.
Etter den første veka vi var der klarte han å sove litt
bedre på kveldane, og etter den andre kunne vi for første
gang legge han på golvet uten at han skreik (eit halvt
år etter at hjerneskada oppstod).
 
No har han behandlingar for å løyse meir opp og
for å kanskje kunne få litt meir effekt.
Han hadde ei kraftig låsning i nakken og i bekkenet -
som ser ut til å vere litt bedre no i alle fall.
 
Men - vi har også kosa oss og vore på tur nesten kvar dag -
så her kjem eit lite bilderas :
 
 
Tur til teknisk museum:
 
 
Oskar og Ulrik lagar "minnemyntar"

 
So varme er vi!

 
Denne var ganske kul :)
 
 
Handletur på senteret :

 
Oskar er kjempeflink til å hjelpe mamsen med handlinga!
 
 
Slottet :

 
Slottsparken :

 
 
Akershus festning :

 
"Pang pang" - det var litt av ei kanon....
 
 
Møte med politimann :

 
Ein veldig kjekk politimann tok seg god tid til
å prate med Oskar - dette var stor stas for ein liten
gut som likar politiet like godt som dei fleste andre
gutar på tre år ;) Og så fekk han og brorane flotte
refleksband med dei også.
 
 
Nydelig veir :

 
Strålande sol frå skyfri himmel!

 
Og ein strålande blid gut!
Her ventar han veeeldig på muffins frå Baker Hansen ;)

 
....ein litt innpåsliten måse som fekk mat med oss.....
 
 
Og det store høgdepunktet -
"Leos lekeland" :

 
Herlig å ligge nedi alle ballane.

 
Og litt kos med mamsen som også syns dette var ganske deilig ;)

 
Full fres med storebror!
 
Det var vår haustferie -
kva har du gjort på?
 
Etter ei aktiv veke - var det ganske godt å komme heim :)
Men jammen var det deilig med litt tid til kvarandre,
og ei veke uten mail og telefonar!
 
No er vi tilbake i kvardagen og er klar for møter i fleng
framover.... og i dag har eg sortert Oskar sine papir i
15!!!!! permar - litt av ein jobb - men deilig no når det er gjort
og mykje kjekkare med system i papira ;)
 
Ha ei strålande kveld vidare :)
 
Klem frå Sissel

 


3 kommentarer:

  1. Så ut som en fornøyd gutt ja:):)
    Ha en fin kveld videre.
    Klem:):)

    SvarSlett
  2. Ser ut til at dokke har opplevd mykje kjekt.
    Samla minner i minneboka ;)

    God veke vidare.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. For en herlig høstferie på dere!! Her smiles det fra øre til øre c",)

    Klem Anna

    SvarSlett

Blir veldig gla for kommentarar på bloggen ;)